Sider

lørdag, mars 09, 2013

SXSW2013 I: Kven er eg?

Av og til kan ein tur til Texas både starte og løyse ei lita identitetskrise. 

For tredje år på rad er eg på SXSW i Austin, Texas. Byen er overtatt av oppunder 30 000 teknologi-nerdar, filmfreaks og musikkfans. Og bedrifter som sponser. Utvalget av sesjonar er overveldande. Eg likar jo mykje rart, høgskulelektor og heavyrockar som eg er. Og musikkfan. I år kan eg til og med legge forfattar og yogainstruktør til CV'en.

Å velge rett sesjon å gå på er ikkje lett, og det verste er nesten alle sesjonar ein vel vekk. I tillegg til interessante ting om Big Data, sosiale medier, nye teknologiar har SXSW og ei rekke sesjonar som rettar seg mot spel og spelutvikling. Sjølv om eg ikkje er nokon gamer, er eg interessert i spel, utvikling av spel og forretningsmodellar for spel.

Fagfeltet mitt er ganske vidt, så det er mykje relevant, men det er like viktig for meg å høyre nye ting og få nye perspektiv på ting, og då går eg gjerne utafor fagfeltet for å finne det. Grensene for fagfeltet vert uklare. Etterkvart melder spørsmålet seg: Kven er eg? Kva slags fagperson er eg? Kva slags person er eg? Kvifor er eg her?

Som sagt er det travelt i byen. Eg vart kjent med ein kar i går, vi vart einige om å gå på ein sesjon om store data på eit hotell eit lite stykke frå konferansesenteret. Chevrolet sponsar bilar som køyrer folk rundt i byen. Det er folk over alt, mange vegar er stengte, og trafikken er galskap. Bilturen tok nærmare tre kvarter, sesjonen var populær og difor full då vi kom. Vi spaserte ned på konferansesenteret igjen (det tok oss ca 10 min) og fekk med oss ein sesjon med ein kar frå eit konsulentselskap som leste opp frå ei bok som ikkje inneholdt noko nytt for oss.

Etter den sesjonen var det ei lita pause før neste post på programmet. Vi vart difor sitjande i det same rommet, og fekk med oss Will Schwalbe som fortalte om boka si "The End of Your Life Book Club". På ein usentimental og svært engasjerande måte fortalte han om at han og mor hans starta ein bok-klubb etter at ho fekk vite at ho hadde kreft, og at dette gjorde dei siste åra dei hadde saman meir innhaldsrike for både ho og han.

Eg såg på mitt nye bekjentskap, vi nikka og synes begge at dette var svært bra. Etter denne sesjonen skifta samtalen frå forretningsmodellar og engasjement i sosiale medier over til å handle om lesing. Og livet.

Det var då eg fann ut kven eg egentlig er. Eg er eit menneske.