Sider

onsdag, august 21, 2013

Ka Fa - Fa - Fa - Fa*? Støtte til ein namnebror.


Fredrik Soarea på telefonen med Vans: "Ok, vi beholder skoene på!" 
Bilde tatt frå Tarjei Støm sin instagram-konto @xtarjeix

I ein artikkel i BA den 20/8 går rektor ved Markedshøyskolen Trond Blindheim hardt ut mot bergensband som "selger seg" i sosiale medier. Uttrykk som "ganske patetisk" og "ganske lite rock'n'roll" brukast mot mellom anna kanskje det hardast arbeidande bandet frå byen: Datarock.

Er Trond Blindheim ein autoritet på kva som er rock'n'roll eller ikkje? Det har i såfall ikkje eg fått med meg. Som rektor ved Markedshøyskolen bør han iallefall vera ein autoritet på marknadsføring. Eller?

Etter mi meining viser kommetarane at han ikkje forstår premissa for kommunikasjon i sosiale medier. Det har lenge vore kjent at relasjonen mellom merkevarer og personar kan samanliknast med relasjonene mellom personar. Når sosiale medier attpåtil ofte vert kategorisert som personlige medier, og at det å få fram ein merkevare sin personlegdom i profilen er viktig, er det ikkje rart at interaksjonen mellom merkevarer og personar i sosiale medier får eit personleg preg. Og ein er jo høfleg og takkar vener, sjølv om det er merkevarer?

Eit anna tve-egga sverd som kjem med i verktykassa til dei sosiale mediene er transparens. At ein ikkje heldt ting hemmeleg og står for det ein gjer. På den måten vil det vera naturleg at artistar står fram og seier til sine fans: Eg brukar dette produktet, fordi eg likar det (og fordi eg får betaling/gratis produkter). Dersom du ikkje likar det er det dumt, men eg er iallefall open om det. Er det er meir rock'n'roll å ta i mot gratis klede og late som ein ikkje gjer det? Ja, det får nokon andre diskutere. Men sosiale medier gjer det verre å stikke ting under ein stol.

Ein kan jo undre seg over utspelet. Kvifor no, kvifor bergensartisar, kvifor BA? Kan det ha samanheng med at Markedshøyskolen i desse tider startar opp to nye bachelorstudier i Bergen?

Den største autoriteten vi har på kva som er rock'n'roll, Lemmy, sa følgande til Jimmy Page då Led Zeppelin-gitaristen spelte på låta Come With Me av Puff Daddy aka P Diddy aka Sean Combs: "Pagey, Pagey, Pagey, if you're trying to be hip with the young people, that's not the way to do it."

mandag, august 19, 2013

#digtalforretning - ny blogg for ny bok.

Moderne bok og retro maskin. 
Det er litt lågt aktivitetsnivå på denne bloggen for tida, årsaka er at eg nettopp har avslutta eit bokprosjekt som har tatt mykje av tida mi. Dei fleste lesarane her har nok fått det med seg, men den nye bloggen har adressa http://digitalforretning.blogspot.no/. Fram til no har bloggpostane handla konkret om bakgrunn og prosess, konseptet bak boka, utvikling av modell og gjennomgang av innhaldet.

Bloggen er meint som støtte til studentar og forelesarar som har boka som pensum, og vil oppdaterast med saker som relaterer seg direkte til kapitlar eller delar av boka. Denne bloggen vil verte oppdatert med andre saker som gjerne er litt på sida av innhaldet i boka.

Så, sjekk gjerne ut både boka og den nye bloggen!