Det nærmar seg jul og nytt år, og opprenskinga i sosiale nettverk fortset. Denne gongen har turen dessverre (?) kome til det mobil-optimalisere nettverket Path.
Path vart lansert i 2010. Bak tenesta står
Shawn Fanning, som er kjent for å ha utvikla Napster, og mellom dei første investorane finn ingen ringare en Demi Moore's komande ex-mann Ashton Kutcher. Han er faktisk ein investor i
fleire sosiale medier, og fekk litt pes etter å ha
reklamert med klistremerker på laptopen han brukar i serien "Two and a half men".
|
Ashton: Skøyar og investor. Bilde: CBS |
Tenesta leverer det vanlege: bildedeling (med Instagram-aktige filter), innsjekkingar, statusoppdateringar og oppdatering om kva musikk ein høyer på. Alt dette kan postast vidare til via Facebook, Twitter, Tumblr og Foursquare. Greia med Path er at dei har hengt seg opp i
Dunbars number. Psykologiprofessoren
Robin Dunbar har kome fram til at det største talet mennesker ein kan ha eit meiningsfullt forhold til er ca 150. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er riktig, og ein kan og diskutere om teknologi som sosiale medier kan gjere oss i stand til å ha meiningsfullt forhold til fleire enn dette, men det er noko sant i det. Eg har ikkje like meiningsfulle relasjonar med alle mine 829 vener på Facebook. Uansett, Path har etter Dunbars anbefalingar sett grensa på vener til 150, det er altså det største nettverket ein kan ha i tenesta.
Eg ser heilt klart behovet for å dele med færre enn alle på Twitter og alle på Facebook. Facebook har grupper som kan fylle dette behovet (sjekk ved sida av "Post"-knappen neste gong du oppdaterer status), Google Plus har
kretser som kan gjere det same, og så har vi mailgrupper. Men Path vert likevel som ein hemmeleg klubb, og kven lar seg vel ikkje tirre litt av å vera medlem i ein hemmeleg klubb?
I tillegg er Path skikkeleg lekkert og skikkeleg optimalisert for mobil. Etter å ha testa det litt vil du sikkert sjå at Facebook mobil er stygt og tregt. Så, kva er det å ikkje like med eit slikt stileg, spanande, eksklusivt klubbhus for deg og venene dine?
|
Mitt farvel til venene på Path, som dei sannsynlegvis aldri får lese ettersom eg slettar profilen min. |
I 2012 forstår dei fleste at premissa med eit sosialt nettverk er at vi brukarane skal genrere alt innhaldet, og dei som driftar det sosiale nettverket skal vise reklame når vi les innhald til andre. I tillegg kan dei selge innhaldet samt personopplysingar til samarbeidspartnarar. Det er forsåvidt greit. Men vi brukar tid, og i nokre tilfelle pengar, for å lage og å laste opp dette innhaldet. Eg var storbrukar av tenesta
Gowalla i si tid. Sjekka inn overalt, ofte til mild misnøye frå folk som var med meg. For min del er dokumentasjonsaspektet i sosiale medier viktig. Det å kunne gå tilbake og sjå: Kor var eg? Kva tenkte eg? Kva var eg opptatt av? Uansett - å sjekke inn i Tokyo, Seoul eller New York, ved hjelp av mobildata er ein kostbar affære. Og då Gowalla vart kjøpt opp av Facebook og seinare forsvant, mista eg dokumentasjon som muligens har kosta meg tusenvis av kroner å opparbeide.
Dette er eit av problema mine med Path. Eg kan ikkje sjå at dei har ein gangbar forretningsmodell. Dei seier sjølv at dei ikkje skal bruke annonsering og betalte bedriftsprofiler er uaktuelt slik eg ser det (ein av dine 150 nøye tilmålte vener skal vera Elkjøp?). Dei skal få inn pengar ved å "
selge virtuelle goder i samband med sjølv-uttrykk". Det er akkurat det du treng, er det ikkje det? Å vise dine 150 næraste vener at du har råd til å kjøpe nokre virtuelle goder for å uttrykke deg?
I tillegg sa dei under eit panel på SXSW i år at dei har
"leigd inn animatørar frå Pixar for å lage overgangane i programmet". Med den pengebruken, og manglande inntektsmodell ser, etter mi meining, stien mørk ut framover.
Litt krass her ser eg. Eg har opplevd mange fine stundar på Path faktisk. Gitt at det er eit lite lukka nettverk har folk vore opne og ærlege både i gode og vonde tider. Dette har eg sett stor pris på, og sett på som ei ære, at folk har delt. Og det bringer meg til det andre problemet mitt: eg føler ikkje at eg er aktiv og deler nok til å fortene retten til å vera der. Likar ikkje så godt å vera han som luskar rundt berre for å sjå kva andre driv med utan å dele sjølv.
Avmelding
Det er her, som ved dei andre, lett å melde seg av. Men igjen, som ved Flickr, går det ikkje an å frigjere sine eigne data, noko eg synes er dårleg stil. (Du kan forøvrig
lese her om korleis du kan frigjere dine data frå Google sine tenester.) Men hei, det går ikkje an å slette kontoen sin utan vidare! Du kan deaktivere kontoen, men den kan når som helst aktiverast igjen. For å slette kontoen heilt må du visstnok kontakte kundeservice. Profilen vil dermed bli liggande latent som ein kjønnssjukdom. Eg har iallefall sendt ei melding der eg ber dei slette kontoen og innhaldet.
Så, her skiljast våre stiar, lukke til vidare!
Les meir om avsosialiseringa mi:
Avsosialisering I: Plaxo
Avsosialisering II: Flickr
p.s.: Forslag til andre nettverk eg bør avsosialiserast frå ?