Av og til kan ein tur til Texas både starte og løyse ei lita identitetskrise.
For tredje år på rad er eg på SXSW i Austin, Texas. Byen er overtatt av oppunder 30 000 teknologi-nerdar, filmfreaks og musikkfans. Og bedrifter som sponser. Utvalget av sesjonar er overveldande. Eg likar jo mykje rart, høgskulelektor og heavyrockar som eg er. Og musikkfan. I år kan eg til og med legge forfattar og yogainstruktør til CV'en.
Å velge rett sesjon å gå på er ikkje lett, og det verste er nesten alle sesjonar ein vel vekk. I tillegg til interessante ting om Big Data, sosiale medier, nye teknologiar har SXSW og ei rekke sesjonar som rettar seg mot spel og spelutvikling. Sjølv om eg ikkje er nokon gamer, er eg interessert i spel, utvikling av spel og forretningsmodellar for spel.
Fagfeltet mitt er ganske vidt, så det er mykje relevant, men det er like viktig for meg å høyre nye ting og få nye perspektiv på ting, og då går eg gjerne utafor fagfeltet for å finne det. Grensene for fagfeltet vert uklare. Etterkvart melder spørsmålet seg: Kven er eg? Kva slags fagperson er eg? Kva slags person er eg? Kvifor er eg her?
Som sagt er det travelt i byen. Eg vart kjent med ein kar i går, vi vart einige om å gå på ein sesjon om store data på eit hotell eit lite stykke frå konferansesenteret. Chevrolet sponsar bilar som køyrer folk rundt i byen. Det er folk over alt, mange vegar er stengte, og trafikken er galskap. Bilturen tok nærmare tre kvarter, sesjonen var populær og difor full då vi kom. Vi spaserte ned på konferansesenteret igjen (det tok oss ca 10 min) og fekk med oss ein sesjon med ein kar frå eit konsulentselskap som leste opp frå ei bok som ikkje inneholdt noko nytt for oss.
Etter den sesjonen var det ei lita pause før neste post på programmet. Vi vart difor sitjande i det same rommet, og fekk med oss Will Schwalbe som fortalte om boka si "The End of Your Life Book Club". På ein usentimental og svært engasjerande måte fortalte han om at han og mor hans starta ein bok-klubb etter at ho fekk vite at ho hadde kreft, og at dette gjorde dei siste åra dei hadde saman meir innhaldsrike for både ho og han.
Eg såg på mitt nye bekjentskap, vi nikka og synes begge at dette var svært bra. Etter denne sesjonen skifta samtalen frå forretningsmodellar og engasjement i sosiale medier over til å handle om lesing. Og livet.
Det var då eg fann ut kven eg egentlig er. Eg er eit menneske.
Tarjei A Heggernes - grindar.net
lørdag, mars 09, 2013
torsdag, desember 06, 2012
Avsosialisering III: Path
Det nærmar seg jul og nytt år, og opprenskinga i sosiale nettverk fortset. Denne gongen har turen dessverre (?) kome til det mobil-optimalisere nettverket Path.
Path vart lansert i 2010. Bak tenesta står Shawn Fanning, som er kjent for å ha utvikla Napster, og mellom dei første investorane finn ingen ringare en Demi Moore's komande ex-mann Ashton Kutcher. Han er faktisk ein investor i fleire sosiale medier, og fekk litt pes etter å ha reklamert med klistremerker på laptopen han brukar i serien "Two and a half men".
Tenesta leverer det vanlege: bildedeling (med Instagram-aktige filter), innsjekkingar, statusoppdateringar og oppdatering om kva musikk ein høyer på. Alt dette kan postast vidare til via Facebook, Twitter, Tumblr og Foursquare. Greia med Path er at dei har hengt seg opp i Dunbars number. Psykologiprofessoren Robin Dunbar har kome fram til at det største talet mennesker ein kan ha eit meiningsfullt forhold til er ca 150. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er riktig, og ein kan og diskutere om teknologi som sosiale medier kan gjere oss i stand til å ha meiningsfullt forhold til fleire enn dette, men det er noko sant i det. Eg har ikkje like meiningsfulle relasjonar med alle mine 829 vener på Facebook. Uansett, Path har etter Dunbars anbefalingar sett grensa på vener til 150, det er altså det største nettverket ein kan ha i tenesta.
Eg ser heilt klart behovet for å dele med færre enn alle på Twitter og alle på Facebook. Facebook har grupper som kan fylle dette behovet (sjekk ved sida av "Post"-knappen neste gong du oppdaterer status), Google Plus har kretser som kan gjere det same, og så har vi mailgrupper. Men Path vert likevel som ein hemmeleg klubb, og kven lar seg vel ikkje tirre litt av å vera medlem i ein hemmeleg klubb?
I tillegg er Path skikkeleg lekkert og skikkeleg optimalisert for mobil. Etter å ha testa det litt vil du sikkert sjå at Facebook mobil er stygt og tregt. Så, kva er det å ikkje like med eit slikt stileg, spanande, eksklusivt klubbhus for deg og venene dine?
I 2012 forstår dei fleste at premissa med eit sosialt nettverk er at vi brukarane skal genrere alt innhaldet, og dei som driftar det sosiale nettverket skal vise reklame når vi les innhald til andre. I tillegg kan dei selge innhaldet samt personopplysingar til samarbeidspartnarar. Det er forsåvidt greit. Men vi brukar tid, og i nokre tilfelle pengar, for å lage og å laste opp dette innhaldet. Eg var storbrukar av tenesta Gowalla i si tid. Sjekka inn overalt, ofte til mild misnøye frå folk som var med meg. For min del er dokumentasjonsaspektet i sosiale medier viktig. Det å kunne gå tilbake og sjå: Kor var eg? Kva tenkte eg? Kva var eg opptatt av? Uansett - å sjekke inn i Tokyo, Seoul eller New York, ved hjelp av mobildata er ein kostbar affære. Og då Gowalla vart kjøpt opp av Facebook og seinare forsvant, mista eg dokumentasjon som muligens har kosta meg tusenvis av kroner å opparbeide.
Dette er eit av problema mine med Path. Eg kan ikkje sjå at dei har ein gangbar forretningsmodell. Dei seier sjølv at dei ikkje skal bruke annonsering og betalte bedriftsprofiler er uaktuelt slik eg ser det (ein av dine 150 nøye tilmålte vener skal vera Elkjøp?). Dei skal få inn pengar ved å "selge virtuelle goder i samband med sjølv-uttrykk". Det er akkurat det du treng, er det ikkje det? Å vise dine 150 næraste vener at du har råd til å kjøpe nokre virtuelle goder for å uttrykke deg?
I tillegg sa dei under eit panel på SXSW i år at dei har "leigd inn animatørar frå Pixar for å lage overgangane i programmet". Med den pengebruken, og manglande inntektsmodell ser, etter mi meining, stien mørk ut framover.
Litt krass her ser eg. Eg har opplevd mange fine stundar på Path faktisk. Gitt at det er eit lite lukka nettverk har folk vore opne og ærlege både i gode og vonde tider. Dette har eg sett stor pris på, og sett på som ei ære, at folk har delt. Og det bringer meg til det andre problemet mitt: eg føler ikkje at eg er aktiv og deler nok til å fortene retten til å vera der. Likar ikkje så godt å vera han som luskar rundt berre for å sjå kva andre driv med utan å dele sjølv.
Avmelding
Det er her, som ved dei andre, lett å melde seg av. Men igjen, som ved Flickr, går det ikkje an å frigjere sine eigne data, noko eg synes er dårleg stil. (Du kan forøvrig lese her om korleis du kan frigjere dine data frå Google sine tenester.) Men hei, det går ikkje an å slette kontoen sin utan vidare! Du kan deaktivere kontoen, men den kan når som helst aktiverast igjen. For å slette kontoen heilt må du visstnok kontakte kundeservice. Profilen vil dermed bli liggande latent som ein kjønnssjukdom. Eg har iallefall sendt ei melding der eg ber dei slette kontoen og innhaldet.
Så, her skiljast våre stiar, lukke til vidare!
Les meir om avsosialiseringa mi:
Avsosialisering I: Plaxo
Avsosialisering II: Flickr
p.s.: Forslag til andre nettverk eg bør avsosialiserast frå ?
Path vart lansert i 2010. Bak tenesta står Shawn Fanning, som er kjent for å ha utvikla Napster, og mellom dei første investorane finn ingen ringare en Demi Moore's komande ex-mann Ashton Kutcher. Han er faktisk ein investor i fleire sosiale medier, og fekk litt pes etter å ha reklamert med klistremerker på laptopen han brukar i serien "Two and a half men".
![]() |
| Ashton: Skøyar og investor. Bilde: CBS |
Tenesta leverer det vanlege: bildedeling (med Instagram-aktige filter), innsjekkingar, statusoppdateringar og oppdatering om kva musikk ein høyer på. Alt dette kan postast vidare til via Facebook, Twitter, Tumblr og Foursquare. Greia med Path er at dei har hengt seg opp i Dunbars number. Psykologiprofessoren Robin Dunbar har kome fram til at det største talet mennesker ein kan ha eit meiningsfullt forhold til er ca 150. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er riktig, og ein kan og diskutere om teknologi som sosiale medier kan gjere oss i stand til å ha meiningsfullt forhold til fleire enn dette, men det er noko sant i det. Eg har ikkje like meiningsfulle relasjonar med alle mine 829 vener på Facebook. Uansett, Path har etter Dunbars anbefalingar sett grensa på vener til 150, det er altså det største nettverket ein kan ha i tenesta.
Eg ser heilt klart behovet for å dele med færre enn alle på Twitter og alle på Facebook. Facebook har grupper som kan fylle dette behovet (sjekk ved sida av "Post"-knappen neste gong du oppdaterer status), Google Plus har kretser som kan gjere det same, og så har vi mailgrupper. Men Path vert likevel som ein hemmeleg klubb, og kven lar seg vel ikkje tirre litt av å vera medlem i ein hemmeleg klubb?
I tillegg er Path skikkeleg lekkert og skikkeleg optimalisert for mobil. Etter å ha testa det litt vil du sikkert sjå at Facebook mobil er stygt og tregt. Så, kva er det å ikkje like med eit slikt stileg, spanande, eksklusivt klubbhus for deg og venene dine?
![]() |
| Mitt farvel til venene på Path, som dei sannsynlegvis aldri får lese ettersom eg slettar profilen min. |
Dette er eit av problema mine med Path. Eg kan ikkje sjå at dei har ein gangbar forretningsmodell. Dei seier sjølv at dei ikkje skal bruke annonsering og betalte bedriftsprofiler er uaktuelt slik eg ser det (ein av dine 150 nøye tilmålte vener skal vera Elkjøp?). Dei skal få inn pengar ved å "selge virtuelle goder i samband med sjølv-uttrykk". Det er akkurat det du treng, er det ikkje det? Å vise dine 150 næraste vener at du har råd til å kjøpe nokre virtuelle goder for å uttrykke deg?
I tillegg sa dei under eit panel på SXSW i år at dei har "leigd inn animatørar frå Pixar for å lage overgangane i programmet". Med den pengebruken, og manglande inntektsmodell ser, etter mi meining, stien mørk ut framover.
Litt krass her ser eg. Eg har opplevd mange fine stundar på Path faktisk. Gitt at det er eit lite lukka nettverk har folk vore opne og ærlege både i gode og vonde tider. Dette har eg sett stor pris på, og sett på som ei ære, at folk har delt. Og det bringer meg til det andre problemet mitt: eg føler ikkje at eg er aktiv og deler nok til å fortene retten til å vera der. Likar ikkje så godt å vera han som luskar rundt berre for å sjå kva andre driv med utan å dele sjølv.
Avmelding
Det er her, som ved dei andre, lett å melde seg av. Men igjen, som ved Flickr, går det ikkje an å frigjere sine eigne data, noko eg synes er dårleg stil. (Du kan forøvrig lese her om korleis du kan frigjere dine data frå Google sine tenester.) Men hei, det går ikkje an å slette kontoen sin utan vidare! Du kan deaktivere kontoen, men den kan når som helst aktiverast igjen. For å slette kontoen heilt må du visstnok kontakte kundeservice. Profilen vil dermed bli liggande latent som ein kjønnssjukdom. Eg har iallefall sendt ei melding der eg ber dei slette kontoen og innhaldet.
Så, her skiljast våre stiar, lukke til vidare!
Les meir om avsosialiseringa mi:
Avsosialisering I: Plaxo
Avsosialisering II: Flickr
p.s.: Forslag til andre nettverk eg bør avsosialiserast frå ?
søndag, desember 02, 2012
Avsosialisering II: Flickr
Flickr vart starta i 2004 og vart kjøpt opp av Yahoo i 2005. Det er ingen tvil om at denne fotodelingstenesta er ein av pionerane innan sosiale medier, og lærte opp folk i dele foto sosialt. I tillegg til delinga av feriefoto m.m. har Flickr vore ein plattform for profesjonelle fotografar. Det er ein god måte å eksponere fotoferdigheter på, og ein kan velge om bileta skal vera fritt tilgjengelege eller om ein vil kontrollere kven som brukar bileta vidare.
Fleire bedrifter har oppretta kontoar for å vise fram bildene sine. I tillegg har større aktørar innan arkiverte fotografi, som Library of Congress, USA's nasjonalarkiv, oppretta kontoar for å gjere sine arkiv tilgjengelege. Her kan ein til dømes ta ei herleg tidsreise til fisketorget i Bergen anno ca 1890.
Eg brukar Flickr ein del til søk. Eg tipsar alltid studentane mine om å bruke søket innan Creative Commons (CC)-lisensierte bilder til bruk på bloggar etc (gå til avansert søk, nederst på sida kan du huke av på " "). Sjølv om ein strengt tatt skal ha samtykke frå retthavar for å bruke bildene, er det bedre å bruke CC-lisensierte bilder på sidene sine, og kreditere rettshavar for å unngå å hamne i trøbbel.
Uansett, kvifor vil eg forlate denne himmelen av foto-materiale? Kort og godt fordi eg ikkje er aktiv. Backup av kamerabilder gjer eg gjennom Google +, deling av "artige" eller bilete med familierelaterte motiv gjer eg gjennom Instagram eller Facebook. Eg veit at eg automatisk kan dele t.d. Instagram-bildene på Flickr. Men, ettersom eg ikkje har interaksjonar på Flickr, og litt fordi eg vil gjere mitt for å lette på energiforbruket på datasenter verda over, vil eg avstå frå det. I tillegg: eg er ein elendig fotograf. Svært mange av Flickr-brukarane er gode!
Eg trur framleis at denne tenesta vil halde nokre år, og for bedrifter med mykje og godt bildemateriale bør ein vurdere å bruke tenesta. Det er litt med tungt hjarte eg forlet tenesta, spesielt no etter at ein av dei originale Googlarane Mariassa Mayer, som eg har sansen for, har overteke Yahoo. Det kan jo skje noko spanande? Kanskje kontoen er kjekk å ha likevel?
Nei, det hjelper ikkje. Flickr må gå.
Fleire bedrifter har oppretta kontoar for å vise fram bildene sine. I tillegg har større aktørar innan arkiverte fotografi, som Library of Congress, USA's nasjonalarkiv, oppretta kontoar for å gjere sine arkiv tilgjengelege. Her kan ein til dømes ta ei herleg tidsreise til fisketorget i Bergen anno ca 1890.
![]() |
| Kjelde: http://www.flickr.com/photos/library_of_congress/3174174175/ |
Eg brukar Flickr ein del til søk. Eg tipsar alltid studentane mine om å bruke søket innan Creative Commons (CC)-lisensierte bilder til bruk på bloggar etc (gå til avansert søk, nederst på sida kan du huke av på " "). Sjølv om ein strengt tatt skal ha samtykke frå retthavar for å bruke bildene, er det bedre å bruke CC-lisensierte bilder på sidene sine, og kreditere rettshavar for å unngå å hamne i trøbbel.
Uansett, kvifor vil eg forlate denne himmelen av foto-materiale? Kort og godt fordi eg ikkje er aktiv. Backup av kamerabilder gjer eg gjennom Google +, deling av "artige" eller bilete med familierelaterte motiv gjer eg gjennom Instagram eller Facebook. Eg veit at eg automatisk kan dele t.d. Instagram-bildene på Flickr. Men, ettersom eg ikkje har interaksjonar på Flickr, og litt fordi eg vil gjere mitt for å lette på energiforbruket på datasenter verda over, vil eg avstå frå det. I tillegg: eg er ein elendig fotograf. Svært mange av Flickr-brukarane er gode!
Eg trur framleis at denne tenesta vil halde nokre år, og for bedrifter med mykje og godt bildemateriale bør ein vurdere å bruke tenesta. Det er litt med tungt hjarte eg forlet tenesta, spesielt no etter at ein av dei originale Googlarane Mariassa Mayer, som eg har sansen for, har overteke Yahoo. Det kan jo skje noko spanande? Kanskje kontoen er kjekk å ha likevel?
![]() |
| Nerdenes drøymedame: Marissa Mayer. Kjelde: http://www.flickr.com/photos/leoville/5252838995/ |
Forretningsmodell
Flickr har litt annonser, men ikkje mykje. Du kan oppgradere kontoen din til "Pro" for 25 USD i året, det er jo ei inntektskjelde, samt at dei i samarbeid med Getty Images tilbyr deg å lisensiere bildene dine for bruk i reklamar etc. Dei hadde tidlegare samarbeid med bedrifter som tilbydde div fotoprodukter, som print, kalendarar m.m. men kan ikkje sjå at dei har det lenger. Dette ville jo og vore ei kjelde til inntekter. Uansett, med ein så stor brukarbase, og eit så stort arkiv trur eg dette skulle funke.
Avmelding
Å slette kontoen er lett nok, det er det eit val for dersom du går inn på profilen din. Men, usympatisk nok, er det inga god løysing for å ta med seg bildene ei har lagra der. Ein kan gå inn på kvart enkelt bilde og laste ned, men dette vil ta lang tid dersom du har nokre bilder. Eg har akkurat 100 bilder på Flickr, og eg trur det fins kopiar av alle på andre medium. Ellers får eg seie som Ibsen: "Evig eies kun det tapte".
Farvel Flickr!
tirsdag, november 27, 2012
Avsosialisering I: Plaxo
Eg er det du kan kalle ein sosial samlar. Eg har ufatteleg mange profilar på like mange sosiale nettverk. Dersom profilene hadde vore fysiske kunne eg lett vore med i ein episode av "Ekstreme samlere". Det kostar jo ingenting å ha profilen? Men det kan jo hende eg får bruk for den ein vakker dag! Kjekt å ha - o.s.b.
Nyleg har eg sagt frå meg å undervise eit reint sosiale medier kurs, mest fordi eg ikkje har tid. Det er ikkje slik at eg har mista trua på sosiale medier, eg er overbevist over at inntoget av sosiale medier har forandra måten vi kommuniserer på, både privat, men ikkje minst med bedrifter både direkte og indirekte. Alle data vi genererer er interessante og potensielt verdifulle, dersom vi klarer å analysere dei rett og finne skjulte mønster. Andre teknologiske nyvinningar som telefoni og telefaks har og revolusjonert verda, utan at det framleis fins eigne fagfelt som heiter telefoni-kommunikasjon eller faks-kommunikasjon. På samme måten som det ikkje lenger fins eigne fag i e-handel, vil behovet for eit eige fag i sosiale medier og forsvinne. Det vil gå inn i fagfelta marknadsføring, kommunikasjon, innovasjon, finansiering, digital strategi m.m.
Iallefall, eg har no sett mine feil og vil slette profilar i fleire sosiale nettverk. Nokon opplagde, og forhåpentligvis nokon kontroversielle. For å gjere det enkelt, startar eg med eit nettverk eg aldri har brukt noko særleg, men som ofte mailar meg: Plaxo.
Selskapet bak tenesta vart starta i 2002 av mellom anna Sean Parker, som er kjend for å delteke i Napster, Facebook og no og Spotify. Tenesta vart lansert i 2008, og eg oppfatta det då som ein heller halvhjerta blanding av Facebook og Linkedin. Men, det var ganske lett å integrere med andre nettverk, og kryssposting er alltid bra for ein digital "hoarder" som meg. Over åra har tenesta skifta fokus fleire gonger, og no har dei fokus på å vera "ditt digitale kontaktregister". Eg må på eit eller anna tidspunkt ha synkronisert tenesta mot adressaboka mi i Gmail, for eg har 646 kontaktar der.
Uansett, Gmail og Linkedin funkar meir enn godt nok for meg for å handtere kontaktar, takk.
Forretningsmodell:
Eg ser ei annonse på sida, så dei prøver nok å få litt inntekter der. I tillegg tilbyr dei to betalte produkter på sidene: Ein "personleg assistent" som heile tida sjekkar at du har rett info på kontaktene dine, og ein "premium 2-way sync" som antagelegvis synkroniserer betre en grunntenesta. Er litt usikker på om dette er nok til å halde tenesta i live.
Avmelding:
Ein positiv ting om Plaxo; dei har gjort det lett å slette kontoen, det kan du gjere under http://www.plaxo.com/settings/account der det fins eit eige valg for å slette kontoen. I og med at kontaktene mine er synka frå andre tenester er det heller ikkje noko innhald eg ynskjer å eksportere.
Så, takk for no Plaxo, lukke til vidare!

mandag, november 26, 2012
Bedre læring og effektivisering av arbeidsoppgåvene - #podkonf12
Norgesuniversitetet arrangerte i starten av november konferansen: Ja takk, begge deler - om podcasting i undervisning og digitale eksamener. Eg er opptatt av digitialisering av forretningsprosessar, og kanskje spesielt digital forbedring av læring sidan det er det eg lever av.
(p.s. ved å følge lenka til konferansen kan du sjølvsagt sjå alle presentasjonane - som podcast!)
Screencasting
Konferansen var i Tromsø, eg reiste opp dagen før, fekk med ein burger på Blå Rock og eit par øl med ein bekjent om kvelden. Dagen etter starta konferansen, og fokus for dag ein var rett og slett opptak av forelesingar.
I utgangspunktet tenkjer eg: Kven vil vel sjå om igjen ei forelesing på opp til 3 * 45 min? Er det ikkje meir spanande med "Flipped Classroom"? Og fokuset var nettopp på digitalisering av tradisjonelle forelesingar.
Det tekniske
Uninett/ecampus presenterte fleire ulike løysingar for å ta opp lyd og bilde frå forelsingar (les om tenestene her). Eg brukar sjølv Camtasia Relay, og det kan eg varmt tilråde alle som vil prøve seg på å ta opp enten forelesingar eller kortare sekvensar til bruk i t.d. flipped classroom. Det er til og med gratis for alle i UH-sektoren (noko eg antar står for Unviersitets- og Høgskolesektoren) i pilotperioden.
Praksis
Etter ein pause var det delt opp i separate sesjonar, ein for teknikarar og ein for pedagogisk og administrativt personale (vel, det var ikkje så strengt inndelt). Der fekk vi presentert casar.
Høgskolan Dalarna brukar livesendingar av forelesingar. Dei har gjennom dei siste seks åra satsa på fjernundervisning, og har no 60% fjernstudentar. Her startar forelesaren opp "sendinga" ved oppstart av forelesinga, og studentar kan følgje forelesinga frå lenka videochat på høgskolen si heimeside. Litt av poenget er at studentar, både heimefrå og frå auditoriet, kan interagere med kvarandre og forelesar via chat. I ettertid kan forelesar velge om forelesinga skal leggast ut eller ikkje.
I min bransje er det, dessverre, ein stor aversjon mot teknologi. Tavle og kritt er det beste får eg ofte høyre. Til nød powerpoint. Studentene derimot krev å få powerpoint-filene, og då aller helst i god tid før forelesinga. Og i slutten av semesteret klagar dei fordi det vert brukt for mykje powerpoint i undervisninga. Uansett, det at ein forelesar må trykke på ein knapp for å starte eit opptak før ei forelesing kan ofte representere eit stort hinder.
Derfor har Universitetet i Manchester eit opplegg der alle forelesingar automatisk vert tatt opp og publisert. Slik treng ikkje forelesaren tenkje på det. Det vart diskutert frammøte, og fleire undersøkjingar viser at frammøtet er normalt, til tross for publiserte forelesingar. Ein positiv effekt er meir diskusjon i klassen, og mindre frenetisk notering i timane.
At studentene nyttar tilbodet er det ingen tvil om, ut frå statistikk på nedlastingar. Og det dei gjer er å spole fram til det som evt er uklart, dei færraste ser om igjen heile forelesinga.
Etter dagens presentasjonar var eg meir positiv til at opptak av forelesingar kunne vera nyttig for studentane, og gjerne for forelesarane og.
Men det er ei hake ved det heile: Dette er kostbare tiltak, men det er ikkje bevist at studentane oppnår bedre resultat. Er det då verdt det?
Digital vurdering
Dag to verka i utgangspunktet som den minst interessante på meg, men var faktisk denne dagen som var mest interessant. Den skulle ha fokus på digital eksamen, men det vart eit breiare fokus på fleire vurderingsformer.
Digital eksamen
Det vart diskutert litt rundt digital eksamen. Eksamen med penn og papir er vel utruleg utdatert? Merkelig nok, så har det ikkje kome noko stort krav om å endre på dette frå studentene sin side før dei siste par åra. Ved overgangen til eksamen på PC har det vore stort fokus på korleis den skal etterlikne ein tradisjonell eksamen: ingen hjelpemiddel og ingen kommunikasjon.
MEN: kor reell er egentlig ein tradisjonell eksamen utan hjelpemiddel?
Premissa for utdanning har endra seg radikalt berre dei siste fem åra. Modellen vi underviser etter tok utgangspunkt i eit samfunn med eit informasjons-monopol, der vi som forelesarar og bøkene stod som forvaltarar av denne informasjonen. I dag er all denne informasjonen, samt forelesingar av topp lærekrefter på verdsbasis tilgjengelige på studentene sine mobiltelefonar. Det vi treng måle er om studentane er i stand til å finne og bruke denne informasjonen, ikkje om dei kan gjengi den på ein eksamen utan hjelpemiddel.
På den måten vil semesteroppgåver, eller eksamener, med alle hjelpemidde vera meir aktuelle vurderingformer. Og det er nok flerie enn meg som vil setje pris på å sleppe å tyde studentene sine kråketær på eksamensinnleveringane. Det er sjølvsagt utfordringar ved denne forma, og den største utfordringa er korleis ein skal utforme oppgåver som passar formatet. Samt, i mindre grad slik eg ser det, det stadig tilbakevendande problemet med juks.
Digital vurdering
Aha-oppplevinga på konferansen kom frå forelesinga til Petter Mathisen frå Universitetet i Agder. Han driv med noko så enkel og genialt som videofeedback på studentoppgåver. I praksis les han gjennom oppgåver frå studentene, understreker deler av dokumentet han ynskjer å kommentere, og deretter kommenterer han, og brukar Jing for å ta opp skjermen og stemma medan han kommenterer.
Dette er heilt genialt. Det tar lang tid å kommentere skriftlig, og studentane mine etterspør alltid meir grundig kommentering. Det er lettare å kommentere deler av dokumentet når du har det foran deg, og det gjer det og lettare for studentane å følge med på kommentarane. Når ein i tillegg veit at fem minutt snakking tilsvarer to og ei halv side skrift, er det vinn-vinn situasjon: ein får gitt bedre tilbakemelding og det tar mindre tid.

Dette likte eg så godt at eg allereie har prøvd det, og fått gode tilbakemeldingar frå studentane. Eg brukte det tidlegare nemnde Camasia Relay i staden for Jing, og sendte lenker til studentane med kommentarane via itslearning.
Godt utbytte - men kor er pedagoane?
Alt i alt var denne konferansen svært nyttig og inspirerande for min del. Det var snakk på twitter om denne konferansen burde vera årleg, og det er eg absolutt for. Det var ein overvekt av administrativt og teknisk personale på konferansen, det er i og for seg bra, men dersom det vert til neste år bør mange fleir med pedagogisk bakgrunn ta turen.
Fordi: her snakkar ein om korleis ein forbedre læring samtidig som ein effektiviserer sitt eige arbeid. Kven er vel ikkje insteressert i det ?
mandag, september 03, 2012
Live Google + Hangout BI Bergen
Som ein demo av Google + sin Hangout-funksjon, har eg fått hjelp av John Holme, Morten Myrstad og Janicke Vindenæs Karlsen til å demonstrere dette live i klasserommet, og live på internett.
Videoen vil visast live under her når den tid kjem.
Det vert spanande!
Seansen gjekk bra, takk til alle som stilte! Men eg trur eg trykte på broadkast-knappen for seint, og derfor er nok seansen tapt for komande generasjonar. Eg får satse på at eg får det betre til neste gang.

onsdag, august 22, 2012
6 ting ein kan lære om sosiale medier av ein tatovør.
Eg starta nettopp opp kurset Sosiale Medier ved BI Bergen. Som eit eksempel i første økt brukte eg tatovøren Jimmy Duvall frå Invicus Tattoo. Ein ven av meg har brukt mykje tid under nålene hans i det siste, og eg starta dermed å følge Jimmy Duvall på Instagram. Denne kanalen er som skapt for tatovørar, ettersom tattoo-interesserte likar å sjå bilder av tatoveringar.
Om det ligg ein klar strategi bak bruken veit eg ikkje noko om, det verkar for meg som om det heller er ein organisk og naturleg tilnærming. For mange bedrifter er det ikkje naturleg å tilnærme seg sosiale medier, dei har litt å lære her.
Her er leksjonane:
1. Jamn aktivitet
I løpet av den siste veka er det iallefall eit par postar på Instagram (som vert posta vidare på twitter) pr dag. Mange bedrifter går hardt ut, men dabbar av etterkvart. Jamn aktivitet fører ofte engasjement.
2. Vis prosessen bak produktet
Skisser vert først lagt ut, og ein får seinare sjå dei ferdige tatoveringane. Dette er interessant, og fleire bedrifter kunne vist tilsvarande for korleis deira produkt vert utvikla.
3. Oppfordre til aksjon
Under skissene står det ofte at dei er "up for grabs" for dei som svarar først, slik at ein kan skaffe seg eit unikt design. Mange av følgjarane på Instagram er noverande og potensielle kundar, ofte blir skissene fordelt i kommentarfeltet under det posta biletet. Oppfordrar ein til aksjon, vert engasjementet høgare. Det kan og føre til salg.
4. Bytte til rett kanal
Vi ser altfor ofte at bedrifter ikkje klarar å håndtere dei ulike kanalane. Sist var det eksempelet med Bohus, og tidlegare har eg opplevd det samme med Chess (som eg no trur har skjerpa seg). Når folk prøver å bestille timar hjå tatovøren, eller spørje om prisen, via sosiale medie-kanalar, er han rask med å få til til å bytte over til mobiltelefon. Smart.
5. Kategorisering
Hashtags har etterkvart blitt utbreidd, først via twitter, men no og via fleire andre medier. Mange brukar hashtags for å oppdage innhald, og det er derfor smart å bruke dette. Tatovøren brukar hashtags som #tattoo, #coveruptattoo etc for å indikere kva for ein type tatovering det er, gjerne i tillegg til hashtags for motivet som #rose #heart etc. Hashtaggar kan misbrukast, men kan og hjelpe brukarar/kundar å finne relevant innhald.
6. Historieforteljing
Med både skisser og ferdige tatoveringar kan det følgje historier. Akkurat i denne bransjen er det utbreidd gjennom program som "Miami Ink" etc, sjølv om det ofte er svært sentimentale greier der. Eit godt eksempel på dette er då tatovøren posta ei skisse av ei bille, og det seinare viste seg at ein av følgarane samme natta hadde funne ei bille i senga og posta bilde av den, dette også på Instagram. Enden på visa var sjølvsagt at kunden med bille i senga endte opp med ei bille tatovert på foten.
Kommentarar?
Abonner på:
Innlegg (Atom)

![[Fish market, Bergen, Norway] (LOC)](http://farm2.staticflickr.com/1149/3174174175_0890595fc9.jpg)