Foto: http://www.flickr.com/photos/tupwanders/ |
Vanebo meiner at pressen er for hissig med å blåse opp meldingar sendt i sosiale medier, og at dette kan føre til at vi får ein fattigare samfunnsdebatt. Han trekkjer fram saka der Knut Haavik uttalte at damefotball er handikappidrett. Men det stiller seg no slik at twitter-meldingar er offentlege, og til og med statusoppdateringar i den meir lukka Facebook-plattformen og er godkjent som kjelder av PFU.
Pressen kastar seg over uttalingar på twitter, men dette kan endre seg over tid. Det er derfor heile tida viktig å følge med og kjenne mediumet når ein vurderer kva ein bør eller ikkje bør poste. Min analogi i debatten var at twitter er ein stor fest der alle kan snakke saman og kose seg. Men, i hjørnet sit onkelen din og får med seg alt som skjer, og dersom han finn det for godt sladrar han til foreldra dine. Twitter skal vera eit personleg og uformelt medium, men det er ikkje ein heime-åleine fest!
Illustrasjon: http://www.flickr.com/photos/petesimon/3365095019/ |
Kva er så pressen si rolle? Det vart antyda i debatten at pressen er den kjipe onkelen, men eg ser det slik at pressen har foreldrerolla her. Twittermeldinar som er "på kanten" kan kome direkte til pressen eller via omvegar (onkelen), men det er framleis opp til pressen å velge ut kva det er noko poeng å lage ei sak av. Dette vil og påverke kor friske ein tør vera i sine utsagn i sosiale medier.
Kva meiner du?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar