Sider

fredag, februar 18, 2011

Skal ein vera smart, idiot eller engasjert i Sosiale Medier?

I eit innlegg i BT vert det hevda at "UiB-lærere gjør narr av studenter". Saka dreier seg om at ein lektor ved UiB har uttrykt sin frustrasjon over å måtte sensurere svar på eksamensoppgåver levert inn av studentar som ho meiner ikkje han ha studert faget ein gong. Dette gjorde ho i statusen sin på facebook, noko som har falt representantar for studentane tungt. Eg er sjølv høgskolelektor ved HiB, vi har diskutert denne saka internt på instituttet, og det er fins mange og delte meiningar om dette.

«Lider seg gjennom verdens dårligste eksamensbesvarelse»

Diskusjonen i media dreier seg om det er rett eller profesjonelt av lektoren å poste dette i eit sosiale medie. Kan ein rekne statusoppdateringar som offentleg informasjon? PFU meiner tydelegvis ja, så dermed kunne dette like gjerne vore skreve på twitter, som eit avisinnlegg, eller ropt ut over torget. Så om det er offentleg eller ikkje er ein debatt som ikkje interesserer meg.

Men det som interesserer meg i dette tilfellet er om det er riktig av ein fagperson å kome med ei slik uttaling? Dersom vedkomande sin faglege vurdering av svara på eksamen var at det var mange som har tatt eksamen som på ingen måte var førebudd til dette, meiner eg at det nesten er ei plikt å ta temaet opp til debatt, og dermed også å formidle denne vurderinga ut i det offentlege rom. Og ein god måte å få dette ut i det offentlege rom vil vera nettopp ved å bruke sosiale medier, ein kan rekne det som eit samfunnsgode å ha ein slik arena for debatt. Dette er jo heller ikkje slik eg ser det eit angrep på ein navngitt person, men ein frustrasjon over eit fenomen.

Så har vi saka om Høgre-representanten som hetsa MGP-vinnar. Meldinga er lett å tolke som rasistisk, noko dei fleste tar avstand frå, også avsendaren av twittermeldinga i følge oppslaget. I dette tilfellet kan det hende at    den aktuelle politikaren ikkje har forstått korleis ein skal bruke mediet, eller konsekvensane av meldinga? Sjølv om denne meldinga ikkje har samfunnsmessig verdi som forrige eksempel, meiner eg ein kan utrykke meiningane sine her, og lære av reaksjonane. Denne saka burde vel knapt vore forsidestoff i avisene? (Sjølv ser eg svært store fellestrekk mellom årets vinnar og vinnaren for to år sida: ekstremt sjarmerande ungdomar, og låtar som er basert på musikalske tradisjonar frå verdsdelen som deltakaren sin familie stammar frå).

Idiotar - er dei så dumme?

Anders Brenna har posta om Sosiale Idioter på sin blogg denne veka. Der forsvarar han sterkt alle sin rett til å dele sine meinigar, rett frå levra, via fullt offentlege sosiale nettverk som twitter. Dette meiner han og skal gjelde bedrifter som er i dei sosiale media, han vil ikkje bli venner med ei bedrift, men med eit interessant menneske som har meiningar. Han meiner at ein fare ved å bruke ekspertar på sosiale medier som rådgjevarar, er at utspela gjennom sosiale medier lett vert for platte, snille og uinteressante.

Kven er så ekspertane i sosiale medier? Ekspertane er personar som har sett seg ned og brukt tid på dette relativt nye fagfeltet. Det er personar som er viktige for bedriftene fordi dei kan gje råd, forklare mål og verkemiddel innan sosiale medier, sett i samanheng med andre meir kjente fagområder. Ettersom eg har motteke pengar både for å gje råd om sosiale medier til bedrifter og for å undervise kurs i sosiale medier på BI, er dette noko eg iallefall har innsikt i. Kurset har eg saman med blant anna Cecilie Staude og Jørgen Helland, førstnevnte har uttalt seg i samband med Aftenposten-versjonen av BT-artikkelen øverst, og sistnevnte har tatt opp Anders Brenna sine kommentarar i dette blogginnlegget. Poenga deira om at det er viktig å tenke lojalitet ovanfor arbeidsgivar, og at eit menneske ikkje er det samme som ein merkevare er gode poeng som eg er einig i. For funksjonar som kundeservice er det klart ein fordel at kommunikasjonen i sosiale medier er standardisert, planlagt og straumlineforma. Men for å uttale seg som fagperson/tilsett eller berre ein person tilknytta ei bedrift bør det vera vide grenser for kva som er lov - sjølv om det ikkje alltid er lurt å halde seg i ytterkant av grensene heile tida.

Eg tenkjer stadig på saka med Stormberg og SF Norge. Svært få ekspertar ville nok rådd Steinar Olsen til å bruke twitter på den måten han gjorde i dette tilfellet, likevel trur eg ikkje han angrar på det, han får og støtte av sine kundar i kommentarane på bloggen, og alle som er interesserte i sosiale medier lærte av episoden, den kom faktisk samfunnet til gode. 

Dersom statusoppdateringa til lektoren på UiB fører til endring i studievanar, fagplan, forelesingar eller noko anna som gjer studentane betre resultat ved neste eksamen, meiner eg at dette er mykje viktigare enn om nokon føler seg snurt over innholdet, fordi dette og vil komme samfunnet til gode. For, nokon vil mest sannsynlegvis alltid føle seg snurt uansett. Til og med MPG-kommentaren har ført til debatt og lærdom, sjølv om den og har skada den aktuelle politikaren. 

Ikkje kvel engasjementet!

Eit poeng eg meiner og er viktig for bedrifter som prøver seg i sosiale medier er at dei ikkje skal kvele engasjement hjå sine tilsette under eit teppe av politisk korrekthet og redsel for å seie noko som nokon kan reagere på. Fordi det er bedriftene med dei engasjerte tilsette som igjen klarar å skape engasjement hjå sine kundar, og andre interessenter.
Legg inn en kommentar