Sider

lørdag, desember 31, 2011

5 digitale ynskjer for 2012

Det er årets siste dag, og internett er fullt av spådomar for neste år og oppsummeringar av dette. Eg snur litt på flisa og presenterer denne lista over kva eg håpar vil skje i 2012.


Det digitale er for 2000-talet det elektrisitet var for 1900-talet, derfor vert lydsporet til denne bloggposten delvis basert på eit elektrisk tema. Så, utan meir snikksnakk, her følgjer mine 5 ynskjer for det nye året:

1. Konsolidering


Eg brukar tid både på Twitter, Facebook, Google+ og andre sosiale nettverk. Dei ulike nettverka har sine eigne profiler; mediefolk på Twitter, dei eg gjekk på gymnaset og ungdomsskulen med (+alle!) på Facebook, nerdar og (foto)geeks på Google+. Det hendar eg postar på tvers av alle nettverka, men oftast passar eg det inn til kvart nettverk. Det tar litt tid, og det spørs om folk vil bruke tid på fleire nettverk i lengda. Konsolidering er mogeleg gjennom verkty som t.d. Hootsuite, men det støttar ikkje alle nettverka, slik at det ikkje vert heilt optimalt. 

Eit enno større problem er måling av interaktivitet. Etter at eg har publisert ein bloggpost får eg nokon kommentarar på Facebook, nokre retweets og svar på twitter, kommentarar på bloggen, kommentarar og +1 på Google+, kanksje reblogging. Det er vanskeleg å halde greie på, så meir samling av interaksjon takk! Det skal her nemnast at PostRank, som Google eig, gjer litt av dette, men det er framleis litt mystisk. 

2. Avmystifisering av Sosiale Medier


2011 markerte mitt 15. år som brukar av Sosiale Medier, etter at eg oppretta ein profil på det no nedlagde Firefly i 1996. At eg på desse 15 åra har brukt 10 000 timar på sosiale medier er ikkje umogeleg, noko som i teorien gjer meg til ekspert. Gjennom undervisninga av faget ELE3707 Sosiale Medier på BI har eg kome i kontakt med eit godt fagmiljø knytta til emnet. Likevel, i eit såpass nytt fagfelt er det alltid rom for selgarar av digital slangeolje. Det vert halde mange godt betalte foredrag innan temaet som ikkje nødvendigvis har så mykje hald i seg, fordi folk er usikre på dette nye mediet. Det kan vera at eg kastar litt stein i glasshus her, ettersom eg sjølv både heldt foredrag og har uttalt meg tre gonger det siste året i NRK om sosiale medier, men eg er faktisk meir opptatt av å spreie kunnskap om emnet enn å fore innsida av lommeboka mi. 

Bloggen Kjøkkenfesten er eit godt eksempel på slik demystifisering, der dei deler erfaringar og tankar rundt mediene (gratis!). I tillegg håper eg og at undervisninga mi iallefall kan hjelpe studentene. 

Her kjem eit gratis snøg-kurs for verksemder som enno ikkje er på sosiale medier:

  • Kundene dine snakkar saman om produktene dine. No gjer dei ein del av det på sosiale medier, difor er det mogeleg å få det med seg. Sørg for at du får med deg det meste av dette.
  • Svar kundene dine på ein måte som gjer at dei vil fortsette å vera kundar. Bonus: fleire får sett dine gode kundehandsamarar.
  • Mål interaksjonen, det går an ettersom det er digitalt lagra. 
  • Dersom du har noko meir på hjartet enn "Kjøp meir av produkta våre", kan du starte ein blogg. 
  • Jobb vidare med erfaringar du har gjort deg på punkta over. Hugs å fortsetje å måle!
3. Musikkbransjen omfavnar den digitale tidsalder



Då eg skreiv hovudsfagsavhandlinga mi ved NHH om digital distribusjon av musikk fekk eg for første gong litt innsikt i ein bransje på veg utfor stupet. Videoen over brukte eg som introduksjon til den munnlege presentasjonen av oppgåva, og sjølv om eg er litt usikker på korleis det verka inn på resultatet står eg ved valet. Oppgåva vart skreve i 2005, og dette er framleis er eit ynskje frå min side sju år seinare! Eg skal prøve med litt klar tale her:

Sal av enkeltmusikkverk digitalt er ein øydelagd forretningsmodell.  

Litt av inntektene kan sjølvsagt kome den vegen, men det er abonnementtenester folk vil ha no. Det er og betalingsvilje, noko som band som Kaizers Orchestra, Electric Eel Shock og Ginger Wildheart har vist ved å la fansen finansiere komande plateinnspelingar. Eg likar Google Music, der eg no har lasta opp den digitale musikksamlinga mi og kan akessere den via nettlesar på kva som helst eining i heile verda, samt lagre musikk lokalt på einingane. Men kvifor kan eg ikkje kjøpe musikk der? Kvifor kan ikkje den tenesta og strøyme musikk, som Spotify? Litt av forklaringa kan du finne i denne artikkelen. Så eg ynskjer at musikkbransjen gjer det lett for dei av oss som vil betale, og gjer opp å kontrollere dei som ikkje vil betale. Det manglar jo ikkje på nye band for tida? 

4. Lokasjonstenester finn sin plass


Foursquare er ein lokasjonsspel. Gowalla var det, men skifta plutseleg fokus og vart ein reiseguide, før dei vart kjøpt opp av Facebook. Facebook checkins kom og gjekk og kom igjen. Google har ein heil drøss tenester knytta til lokasjon (Places, Hotpot (som eg no ser er slått saman med Places), Latitude, innsjekking på Google+) men det er uoversiktleg. Resultatet er at tenester som absolutt har mykje potensiale vert ubrukt fordi folk ikkje har noko insentiv for å bruke dei. Kanskje Google kan konsolidere sine tenester innanfor Google+? Innsjekkingar og vurderingar vil jo gje bedre søkeresultater, som er deira hovudprodukt. 

5. Fri internasjonal mobil dataflyt



I fjor sumar var eg på ferie i Japan. Hotellet vi hadde booka i Kyota var relativt nytt, og taxisjåføren visste ikkje kor det låg. Ein liten tur på internett via mobilnettet for å finne eit telfonnummer og ein kartposisjon førte til nedlasting av 6 MB data, kostnad: 100 kr pr MB! Kan det verkeleg vera så dyrt å vidarefakturere litt databruk? Det har utvikla seg i løpet av 2011, blant anna har Netcom no fastpris på datatrafikk innan Norden. Eg håpar på bedre avtalar mellom teleoperatørane internasjonalt. Dette vil og kunne slå positivt ut på punkt 4. 

Ynskjer du det same som meg for 2012? Har du andre ynskjer? Kommenter gjerne. 

Då gjenstår det berre å ynskje dykk alle eit godt nyttår, og takke for det gamle!





6 kommentarer:

Hanne sa...

Spennende bloggpost. Det blir interessant å følge med deg i året som kommer. Godt nytt år:-)

Tarjei A Heggernes sa...

Takk for det, skal følge med deg og, godt nyttår!

Robert A Skaar sa...

Flotte ønsker som jeg i alle hovedsak er enig i.

I tillegg til musikkbransjen, håper jeg også filmbransjen gjør det samme.

Når det gjelder sosiale medier er jeg litt usikker på om det blir for mye informasjon og oppdatering. Tror kanskje "less is more", men fremtiden vil vise.

Etter at kruttrøyken har lagt seg og de nye året trer frem, blir det spennende å se. Vi kan ta en runde om 365 dager og summere opp :-)

Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år.

Tarjei A Heggernes sa...

Det er ikkje informasjonen som er problemet, det er sorteringa av informasjonen som er problemet! Folk vil nok gå litt lei av sosiale nettverk og mengden info vil kanskje minke litt etterkvart, men mengden av info frå dumme ting som sensorar og målarar av ymse slag vil eksplodere framover.

Godt nyttår til deg og dine og!

JanT sa...

Som "fotogeek" på G+ og hyppig brukar av Facebook, så kjem det nokon forseinka tankar om punkt 1 Konsolidering.

Slik G+ fungerar i dag så brukar eg Google+ på og Facebook heilt forskjellig. Ei enkel og tabloid tilnærming er at FB blir brukt til å halda kontakt med folk eg kjenner og har møtt "in real life," medan G+ er staden for å bli kjend med nye mennesker basert på felles interesser. Spesielt fotointeresserte har etablert seg på G+ og det rår ei venleg og hjelpsam stemning, der proffane er rause med råd og tilbakemeldingar, og samstundes kurerer ulike fototemaer som ein kan delta i med eigne bilete.
Søkefunksjonen til Google gjer det også enkelt å finna andre som til dømes er interessert i foto, jazz og komodovaraner. :-)

Skulle eg ha posta det våset eg ellers gjer på FB hadde eg rett og slett berre blitt ignorert.

På den andre sida reknar eg med at G+ etterkvart vil sleppa til meir business og reklame i straumen - firma har lov å oppretta profil, men kan ikkje leggja til vener sjølv - det skal bli spanande å sjå om "dugnadsånden" blir opprettholdt.

Slik eg opplever bruken er dei så ulike at det rett og slett ikkje passar seg å parallellposta ting til dei.

Eg er ikkje på Twitter, men anser parallellposting av twittermeldingar på Facebook #som #noko #ganske #irriterande #greier #å #lese.

Tarjei A Heggernes sa...

Takk for innspel JanT, og for mange fine bilder på G+. Eg er nok skuldig i paralellposting, det hender eg postar det same på G+, FB og Twitter. God poeng med at FB er for dei du allereie kjenner, men G+ er for å treffe nye folk og utveksle erfaringar. Google har jo allereie som du seier slept inn bedrifter, og dei har knytt g+ tett mot søk, som er hovudproduktet deira. Eg meiner at g+ som plattform er fleksibel nok til å kunne dekke fleire bruksområder, så det vert spanande å sjå korleis Google forvaltar tenesta!