Sider

mandag, oktober 05, 2009

Crowdsourcing IV - EES leverer!



I posten Crowdsourcing lenka eg til ein kronikk eg har skreve om bandet Electric Eel Shock som har finansiert det komande albumet sitt gjennom tenesta Sellaband. Kort fortalt, fansen har finansiert albumet ($ 50 000) gjennom å kjøpe andeler, og Sellaband har administrert. Eg kjøpte 10 andeler som kosta meg til saman US$ 100, på ein tid med gunstig kurs, så det vart ca 500 NOK.

I forrige veke kom pakka i posten frå Sellaband. For den relativt låge investeringa har eg motteke følgjande:

  • 10 stk av EES-plata "Sugoi Indeed!", nummererte, i begrensa opplag på 5000, med to bonusspor. Har allereie fått solgt eitt eks for 100 kr, i tillegg har eg to til som skal ha albumet etter at eg posta på Twitter at eg hadde nokon eks.
  • Takk på coveret til plata (Rock Demon, brukarnamnet mitt på Sellaband og "kunstnarnamnet" mitt i Lost at Last, er kreditert).
  • Eit sy-på-merke der det står EES Ninja, ettersom eg kjøpte 10 andeler. Ninjastatusen skal gi meg rettar som gjestelisteplass, treff med bandet etc. EES skal spele påHulen komande onsdag (7/10) med The Cumshots, og bandet har faktisk gitt meg gjestelisteplass!
  • I tillegg kan eg få inntekter av plate og nedlastingssal av "Sugoi Indeed!", ettersom eg er deleigar i utgjevinga. Det har eg ikkje rekna på, men ettersom eg kun eig 0,2% av utgjevinga, og inntektene vert delt likt mellom bandet, Sellaband og del-eigarane skal det litt til før vert noko å snakke om.
  • I tillegg, og kanskje det viktigaste, får eg gleda av å støtte ein band eg set stor pris på!

I og med at eg har solgt ei plate for 100 kr, samt har spart 180 kr ved å sleppe inn gratis på konserten på Hulen, har eg langt på veg fått dekka investeringa allereie.

Konklusjon: dette ser ut til å fungere for både bandet og fansen. Så alle artistar: slutt å sutre og klage på nedlasting, bruk heller internett til å knyte nærare bånd til den ekte fansen!

mvh Tarjei, offisiell EES-Ninja!

Ingen kommentarer: