Sider

onsdag, mars 28, 2012

SXSW II: Hot for teacher?

Eg har hatt undervisning som jobb sidan 1996, og eg likar det. Ordet på gata er at undervisnings-bransjen er den neste som vert snudd på hovudet av digitalisering, etter musikk, film og bokbransjen. Nokon meiner den tradisjonelle forelesinga står for fall, andre meiner at den er ufeilbar. 


SXSWi er ikkje berre programmerings-nerdar, socialmedia-hipsters og Mad Men på fest. I forkant av konferansen er det ein eigen konferanse med fokus på undervisning; SXSWEdu. Ikkje så hipt som resten av SXSW, men eg vurderer å få det meg meg til neste år. Dei hadde iallefall ein frå Star Trek i programmet i år. Uansett, dei har og ein del sesjonar under sjølve SXSWi som er retta mot undervisning. Eg brenn for fagfeltet mitt, digital forretningsforståing, eg brenn og for formidling. Yrket mitt er høgskolelektor, og eg har tenkt å halde på med det ein stund, eg ser difor etter metodar som kan gjere læringseffekten for studentane mine optimal. Har tenkt mykje på dette: Er å stå og gjenfortelje det same, år etter år, verkeleg er til det beste?

How Technolocy is Killing (or Saving) the Lecture 


Journalisten Jeff Young tok i denne seansen utgangspunkt i boka Academically Adrift som tar opp at det er begrensa med læring som foregår i høgskular og universitet. Han starta med å vise videoen under, som innheldt litt synspunkt frå studentar:


Kva er då vitsen med å bruke mykje tid og pengar på høgare utdanning? Teknologien han meiner tar livet av forelesinga er:

  1.  Bruken av powerpoint og liknande verkty er, sjølv kor lite vi likar det, den største teknologiske nyvinninga innan udervisning på aldri så lang tid. Forelesar-karaoke kalla han det, og der skal eg inrømme at eg er skuldig. 
  2. Video. Fleire og fleire anerkjende skular som legg sine forelesingar fritt tilgjengeleg på nettet. Kvifor skal studentene høyre på meg, når dei kan sjå forelesinga til ein Harvard-forelesar på nett, når det passar dei? 
  3. Dingsar. Studentene er meir opptatt av nettbrett, smart-telefonar og andre datamaskiner enn forelesinga.
  4. Google og wikipedia. Alt som ein kan finne på å snakke om i ein forelesingssal er tilgjengelig for studentane heile døgeret, men kun eit par tastetrykk.
Kva er då teknologien som kan redde forelesinga? Jo, det er sjølvsagt den samme som kan ta livet av den: 
  1. Video. Ved å legge ut videoar med forelesing kan tida i klassen brukast til diskusjon. Khan Academy, og meir lokalt her i Bergen Elisabeth Engum er eksempel på dette.
  2. Dingsar. Eg sjølv såvidt prøvd ut "live avstemming" med Polleverywhere, der studentane kan stemme på ulike alternativ ved hjelp av web og mobil, og det funka bra! 
  3. Web 2.0. Her har eg og sjølv brukt blogging i klassen i fleire fag, med gode resultat. Tanken er her at studentene deler kunnskap med kvarandre. 

Den gale professoren som superhelt

Bilde frå www.facebook.com/plaidavenger
Alle treng heltar. Christian Brosstad frå Sparebank1 snakkar om det i sine foredrag, han har mellom anna Richard Branson frå Virgin og han der Voldemort med eple-produkta som heltar. Teiknaren Hugh MacLeod, som eg såvidt traff under SXSW, kallar sine heltar for "beacons", altså fyrtårn. Bortsett frå at eg hugsar Victor Normann sine forelesingar med glede frå tida som student ved NHH, har eg ikkje direkte heltar når det kjem til forelesarar. Ein helt for meg er Lemmy frå Motörhead; kompromisslaus i det han gjer, samtidig som han er intelligent og har respekt for tradisjonar og historie. Men no er eg kanskje på veg til  få meg ein helt i form av ein superhelt i ruta dress: The Plaid Avenger

John Boyer har store klassar, faktisk 3000 i slengen. Ikkje online, dette er 3000 studentar som stiller opp fysisk i forelesingane hans! Ikkje nok med det, pensum i faget (World Regional Geography) er laga i teikneserieformat med godaste Boyer som superhelten The Plaid Avenger, som flyr verda rundt, for studinene til å dåne (!) og som har ein romanse med kursassistenten sin Katie Pritchard (berre i teiknserien antar eg?). Og det går sjølvsagt an å kjøpe øl-glas med The Plaid Avenger (sjå nederst på sida). 

Dette er jo totalt galskap, og eg beundrar dei store visjonane, og ikkje minst dei store ballane ein må ha for å gjennomføre dette. Kanskje mine studentar og ville kjøpt halvliterglas med mitt bilete på? 

Uansett ser det ut til å funke. Forelesingane engasjerer, og studentane les gjerne ut heile pensum på kort tid, fordi dei vil og ikkje fordi dei må. Men korleis håndterer han studentmassen? 

  • Evalueringa i kurset er spesiell. Studentene får i starten av semesteret ei liste med oppgåver dei gjennomfører i løpet av kurset, den totale poengsummen som er mogeleg å oppnå er 1500 poeng, kravet til ein A er 1050 poeng. Det er ein del automatisk vurdering, men og utstrakt bruk av studentassistentar, slik at vurderinga er både kvantitativ og kvalitativ. Sjå (uklart) bilete under: 

  • Legg til rette for interaksjon mellom studentane i størst mogeleg grad, ettersom han då slepp å interagere så mykje med dei. Eksempel på dette er bruk av blogg, forum, og twitter. Ei av oppgåvene nokre studentar (150 trur eg) kan velje er å tweete som statsleiarar: Plaid Obama, Plaid David Cameron, Plaid Kim Jong-il (som er forbausande aktiv!)
  • Podcasten Plaidcast, der aktuelle saker blir tatt opp
  • Kontortid via Ustream, der han er på webcamera og svarar på spørsmål som kjem inn via chat.
  • Spelelister på turntable.fm (ikkje tilgjengelege utafor USA).
  • +++
Det er vel og kanskje verdt å nevne at han har hatt Skype-intervju med Aung San Suu Kyi

Så vidt eg kan forstå, er desse timane populære blant studentane. Dei er og populære i instituttleiinga, det må jo vera svært kostnadseffektivt! Og han er sjølvsagt upopulær blant kollegaene sine som både meiner at dette er tull og tøy og at det lagar urealistiske forventingar til seinare forelesingar. 

Ein svært inspirerande sesjon var det, og langt på veg er The Plaid Avenger ein helt for meg no, ettersom han gjer mange ting eg kunne tenkje meg å prøve, og viser at det går an å tenkje nytt innanfor denne tradisjonelle bransjen. Men på samme måte som eg hverken stiller meg bak eller prøver å gjennomføre same narkotika og alkoholkonsum som min andre helt Lemmy, er det ikkje alle metodene her som passar meg.

Og så til slutt;

Ein annan sesjon som i og for seg ikkje var så interessant, introduserte meg for omgrepet Learning Analytics. Business Intelligence (som eg og underviser i) går ut på at bedrifter måler "performance" i ulike deler av bedrifta, og baserer beslutningar på informasjonen dei då får. Eg har i liten grad tenkt på at nokon av desse prinsippa også kan brukast i handtering av studentar, men når eg tenkjer meg om ser eg at ein godt kan lage eit opplegg der dette iallefall kan brukast til ein viss grad. Her må eg berre tenkje, og gjere meir! 

Så, kva synes de om forelesar-superhelten? 

Er det noko her de kunne tenkje dykk å ta i bruk? Vil teknologien drepe den tradisjonelle forelesinga? Og kven er heltar for dykk? 




  

onsdag, mars 21, 2012

SXSW 2012, del I: Det er lurt å vera blid!

Så er SXSW over for min del for denne gang, og eg skal oppsummere litt i eit par bloggpostar. Det er merkeleg korleis sesjonar som står på egne bein får ny meining når ein ser dei i samanheng med andre sesjonar.

Sure Billy Corgan

På førehand hadde eg sett fram til seansen med Brian Solis. Han er det næraste ein kjem ein «Social Media-rockstar» med sitt svarte bakovergreidde hår, open skjorte og boots. Han skulle snakka om den nye boka si; The end of business as usal. Når det nærma seg konferansen viste det seg at seansen skulle vera ein samtale med Billy Corgan frå Smashing Pumpkins. Eg synes at det var stas, ettersom eg skal inrømme at eg vart litt bevega av musikken deira på 90-talet. Det er jo ein mann som har vore lenge i bransjen og kan dele litt innsikt. Eller?

Det viste seg at Billy Corgan var ein bitter gammal mann. Han har slutta å snakke så mykje mellom låtane på konsertar fordi utsagna hans vart tweeta og spreidd via andre sosiale medier, slik at han, heilt uforskyld meinte han, vart framstilt ugunstig. Han snakka om at folk måtte slutte å vera negative i sosiale medier, men heller vera støttande ovanfor artistar. Eg er jo ingen fan av negativitet, men er det noko sosiale medier skal vera er det ærlige og transpararente. Og viss Billy Corgan eller andre opptrer som usympatiske og arrogante er det jo dette som vert vidarformidla. Bedrifter og merkevarer kan ikkje lenger kontrollere ryktet sitt, men må forholde seg åpne, ærlige og respektfulle ovanfor kundene sine. Dette var ei verd som Billy Corgan ikkje ville forholde seg til.

Det vart hinta litt til at vi skulle få høyre noko om korleis Smashing Pumpkins skulle sleppe ny musikk. Å selge tilgang til det som etterkvart må vera rikholdige arkiv var ein modell som vart presentert, men når det gjaldt framtidige utgjevnader fekk vi eit generelt svar: «Artistar må skape sine eigne verder». Dette er jo ikkje noko nytt musikalt, og noko Smashing Pumpkins er gode på, og at ein må inkludere nye medier i denne verda er vel heller ikkje nokon bombe.

På veg ut av salen fekk vi høyre «Bullet with butterfly wings» av Smashing Pumpkins, der Billy syng: Despite all my rage I am still just a rat in a cage. Svært aktuelt for sesjonen!



Tjukk og blid!

Eg likar filmane til Kevin Smith, (enno ein helt frå 90-talet) og gleda meg derfor til sesjonen «The Business of Kevin Smith». Når sant skal seiast var ikkje business-fokuset så sterkt, det var meir ei blanding av stand-up og motivasjonsforedrag. Det visar seg at han i første rekke følger sine visjonar, og deretter er flink til å lytte til sitt publikum, og på den måten etterkvart oppdagar nye forretningsområder. Den første filmen hans Clerks kom ut i 94. På dette tidspunktet visste han ikkje kva internett var, men ein fan hadde laga ei fan-side for filmen, og denne fansen fekk etterkvart lage ei offisiell side til filmen. Smith starta allerie på denne tida å kommunisere med sine fans via diskusjonsforumet, og har fortsett dialogen gjennom digitale medier fram til dags dato.

I dei seinare år har han vore aktiv på sosiale medier, både med podcasten sin Smodcast som etterkvart gav god inntening gjennom liveopptreden (og litt spesielle sponsoravtaler (NSFW!)) og spesielt på twitter, der han skapte velfortjent (?) storm mot Southwest Airlines som kasta han av eit fly fordi han var for tjukk.

Enten han lagar film, podcast, twitrar eller opptrer live: Kevin Smith er ein god historieforteljar med noko på hjartet. Christian Brosstad skriv i denne bloggposten etter SXSW at mediet ikkje er viktig, men det å ha ei god historie er. Det stemmer godt med suksessen til Kevin Smith!

Filosofien han er personlige relasjoner først, og deretter å la businessen utvikle seg naturleg ut frå det. Hovudbudskapet han kom med som avslutning var at han berre var ein vanleg mann, og at alt han har fått til og kan oppnås av kven som helst. Sympatisk fyr!

p.s. Videoen under er NSFW.



Superblid!

Daria Musk er ein artist som fram til for eit halvt år sida var totalt ukjend, men som har vokst enormt i omdømme i takt med tenesta Google +. Ho var tidleg ute med å bruke «Hangouts», videokonferanser, til å interagere med fansen. Dette har skaffa ho mange fans, mykje merksemd, eit samarbeid med Google, oppdrag som foredragsholdar for det prestisjetunge TED Talk m.m. Ho klarar verkeleg å komme opp med gode idear, ein av dei beste (eller galaste) var å feire nyttår med fansen i alle verdas tidssoner ved inngangen til dette året!



Si eiga verd

I sesjonen "Birth of Interactive entertainment: Avatar to Björk" snakka Scott Snibbe om korleis han laga appen til albumet Biophilia av Björk. Eller er det meir rett å seie at appen er albumet? Snibbe viste at inspirasjonen for det visuelle er tatt frå abstrakt animasjon over dei siste hundre åra, noko som i seg sjølv er fascinerande. App-albumet er meir enn animasjonar til musikken, dei to delene er nært integrert og interaktive, slik at lyttaren sjølv har stor innverknad på korleis både musikken og det visuelle utviklar seg. Skikkelig flotte saker, dersom eg hadde vore brukar av Apple-produkt ville eg kjøpt dette albumet tvert!




For å oppsummere er nøkkelen til suksess å ha ei god historie å fortelje, skape ei eiga verd (kanskje ein og kan kalle det for ein plattform), og vera open for ny teknologi. Så får vi vente og sjå om Billy Corgan òg kan leve opp til dette.

Fleire gode norske bloggar om SXSW finn du her: Gambit bloggen, Fredrik Johnsen, Sindre Holme, Erik Eskedal, Marianne Otterdahl-Møller og Thomas Olsson.




fredag, mars 02, 2012

Kort om lytting og info-filtrering i Sosiale Medier

Denne oversikta er laga i samband med faget ELE3707 som eg underviser ved BI Bergen, men kan og vera til nytte for andre interesserte.

Twitter:

For dei som er ukjent med Twitter har ei gruppe tidlegare studenter laga denne oversikta. Etterkvart som ein følgjer mange på Twitter vert det mange statusoppdateringar å halde greie på. Då kan det vera greit å dele inn dei ein følgjer i ulike lister. Dersom nokon sender melding til din twitterbrukar (ved å inkludere @dintwitterbrukar i meldinga) bør du svare, iallefall dersom meldinga er seriøs og spesielt dersom du er eit firma.

RSS:

Her brukar eg Google Reader. Ein abonnerer på bloggar, aviser etc ved å finne symbolet for RSS, klikke på det og legge straumen til i Google Reader eller ein annan RSS-lesar.

Tips for Google Reader:

  • Det vert fort mykje informasjon, det kan derfor vera greitt å organisere straumane i mapper
  • Dersom du brukar nettlesaren Google Chrome kan du legge til PostRank direkte i Google Reader ved å installere dette tillegget til nettlesaren. PostRank rangerer blogginnlegg på ein skala etter kor mykje sosiale aktivitet blogginnlegget skapar. Eit godt triks for å finne opinionsleiarar.
  • RSS-feeds kan lagast av så mangt. Klikk på "Browse for stuff", velg deretter arfana "Search". Her kan du til dømes legge inn eit twitter-søk på eit bestemt stikkord, og få resultata presentert direkte i Google Reader. 
  • Det kan og vera ein ide å abonnere på Google-søk. Etter å ha søkt på eit nøkkelord, kan ein i menyen til venstre sortere søkene på Diskusjoner, Blogger, Nyheter, Bilder m.m. Går ein til bunnen av søket, kan ein enten abonnere direkte på RSS av søket (dette gjelder Blogg-søk), eller i nokre tilfelle opprette eit Google-Alert for søket. Eit Google-Alert kan ein få levert enten til e-post, eller som ein RSS-feed som ein kan setje inn i Google Reader. På denne måten får ein oppdateringar i Google Reader kvar gong nokon bloggar om, eller diskuterer, søkeordet ditt. 
  • Google Alerts kan også lagast direkte frå Google Alerts sida
Sjå eller denne gode guiden av Bente Karlsnes om temaet. 

Hootsuite:

Hootsuite er eit panel (dashboard) for sosiale medier. Den kan overvåke fleire sosiale medier samstundes, som Twitter, Facebook, Facebook sider, Linkedin, Myspace (!), Wordpress + eit par til, og Google + vil og verte støtta snart. Grunnen til at eg brukar denne er at det er ei rein nett-teneste, det vil seie at eg kan bruke tenesta på alle einingar som har nettlesar. Den har og ein grei app for smart-telefoner, der du kan setje opp varsel for ulike hendingar, t.d. dersom nokon sender deg ei melding, eller nevner eit av søkeorda dine i ein tweet. 

Du kan i dette panelet overvåke fleire ulike twitterkontoar på ein gong ved hjelp av kolonner og arkfaner, og du kan gje fleire brukarar tilgang på dei samme sosiale nettverka. Det er og mogeleg å lage eigne kolonner for søk på nøkkelord, og sjølvsagt også å skrive og sende oppdateringar til dei ulike Twitter/Facebook etc -kontoane du har sett opp. 

Ein annan nyttig funksjon som Hootsuite gjer deg tilgang til er statistikkar. Der kan du til dømes finne ut kva slags meldingar som generer mest trafikk til lenkene i meldinga, kor folk oppdagar meldingane, kva land dei kjem frå o.s.b. Dette er nyttig for å kunne finne ut kva slags type meldingar som engasjerer mest! I betalingsversjonen kan ein og få tilgang til Facebook Insights og Google Analytics


Andre tips eller erfaringar med overvåking av sosiale medier?

God lytting!