Sider

torsdag, mars 24, 2011

SXSW 2011, del II: Crowdsourcing.

Så er eg vel heime frå Texas og SXSW, og vil dele nokon inntrykk. Etter litt vurdering fann eg ut å dele det opp på eit par bloggpostar, og dele opp tematisk i staden for etter dag.

Laurdag morgon gjekk eg på panelet Rewarding Creators and Crowdfunding. Flattr er ein system der ein kan klikke for å støtte forfattaren av ein artikkel, ein som har laga eit musikkstykke e.l. ved å trykke på ein flattr-knapp, på samme måte som "Lik på Facebook"-knappen. Du betalar ein valgfri sum kvar månad, og den vert fordelt på alle "flattr-ar" den månaden. Flattr tar 10%.
Readability er ein app som tar vekk alt bilder, reklamer etc på nettsider, og lar deg lese kun teksten. 70% av inntektene, som kjem frå abbonement med valgfri betaling, går til skaparane av innholdet. Dei vil bruke Flattr for at brukarane skal kunne donere enno meir til artiklar dei likar svært godt. Demotix er ein crowdsourca nyheits-teneste, brukarane kan legge inn sine eigne bilder og saker, og Demotix formildar desse vidare til større aviser, nettsider etc, og deler inntekta med rettshavarane. Dei har og lagt til Flattr. Makerbot lagar 3D-printarar, og Thingiverse crowdsoursar teikningar til 3D-printen. I utgangspunktet driftar dei den sida for at det skal finnast noko å printe i 3D, men der kan det no og Flattrast.

Poenget her var nok å vise at dette er noko som funkar, og at Flattr jobbar med å få attraktive partnarar for å spreie produktet sitt. Og det funkar, påstar dei, det er visstnok ein tysk podcast som lever av pengar han får gjennom Flattr. Eg meiner at tanken er god, og det vart sagt at det stor sett ting du sjølv brenn for som passar for flattring, ting du ville ha laga uansett, det kan nok ikkje betale nok for ein vanleg type jobb. Kanskje konsertar? Men, til å vera starta av Pirate Bay-bakmannen Peter Sunde, var dei lite villige til å dele tall og info. Gi oss data!

I panelet Crowdsourcing: Innovation and/or Exploitation? var målet å setje eit kritisk søkelys på crowdsourcing. Då spesielt den type som t.d. Amazon Mechanical Turk driv på med; deler store oppgåver i mange små delar, og betalar småbeløp for kvar del av oppgåva som vert utført. Eit eksempel er å kategorisera innlosjering, og få betalt ca 5 øre pr kategorisering. Ikkje noko å bli rik av med andre ord, med mindre du er svært kjapp. Men på den andre sida får du folk inn i arbeidslivet som normalt sett ikkje ville deltatt. Eit anna eksempel er at du kan vera sentralbord, og svare på telefonar kun når du har tid.

Uansett, er dette utnytting eller innovativt? Panelleiar Fred Benenson som driv tenesta Kickstarter meiner at det er innovativt og bra, og der får han støtte frå Lucas Biewald som står bak Crowdflower. Det går ikkje an å samanlikne med "sweatshops" eller utnytting av arbeidarar, det heile er basert på frivillighet og operasjonen er og transparent frå oppdragsgivar sin side. Så det er ingen tvang. Oppgåver som crowdsoursast går ikkje berre til ufaglærte, ide-konkurranser for å løyse problem innan t.d. romfart kan og sjåast på som crowdsourcing. 

Lada Adamic presenterte resultat av forskning rundt korleis kunnskap vert spreidd i diskusjonsforum, og når ein spør eit forum om noko, kjem svara frå fellesskapet på forumet. Ho har undersøkt ulike typer forum, og funne ut at i fagbaserte forum er det oftast få personar som gjer dei beste svara, men at i interessebaserte forum vert kunnskapen (om vi kan kalle det for det) arbeida fram meir kollektivt. Ved å visualisere interaksjonen i ulike forum, viste ho (og dette er sikkert det folk hugsar frå presentasjonen) at kommunikasjonen i forum rundt fribryting og rundt ekteskap var ganske like, men at forum rundt programmering skiller seg klart frå desse to i struktur. Av dette kom konklusjonen at ekteskap har meir til felles med fribryting enn progammering (foilsettet er her).

Til slutt var det Harvard-professoren Jonathan Zittrain som hadde som jobb å skape litt "angst og bekymring" rundt temaet. Han er kjent forfattar og forelesar innan feltet juss og etikk i samband med internett, og har nyleg gitt ut boka "The Future of the Internet and How to Stop It". Det viste seg at han i tillegg er ein ekstremt morsom og dyktig forelesar, og som type var han akkurat som Jeff Goldblum sin rollefigur i Jurassic Park. Han går gjennom ulike tenester, og endar opp med at ein kan crowdsource utviklinga av microchips, og det framstår som spel og ein treng ikkje vite kva det er eingong, det heldt å spele spelet. Då treng ein heller ikkje betale for å få utført oppgåvene. Dette er noko barn kunne gjort, gjerne på ei nettside og løyse desse avanserte oppgåvene. Han kjem etterkvart til poenget sitt: barn kunne gjerne løyst oppgåva over som eit spel, kva slags andre oppgåver kan vi crowdsource på samme måten? Jo, ein kan ha eit bilde av folkemengdene som protesterte mot val-resultatet i Iran, og be barna om å identifisere deltakarane opp mot bilder frå pass, på den måten kan ein identifisere opprørarar og henrette dei! Så i ytterste konsekvens kan crowdsourcing bidra til at barn vert medvirkande til drap!

For å oppsummere det heile fekk eg mange nye og nyttige perspektiv på temaet, og litt spøk og morro i tillegg. 

Litt relevante lenker: 






lørdag, mars 12, 2011

SXSW 2011, del I: Er Google verkeleg ikkje evil?

På ein nydeleg, varm og solfylt dag starta SXSW Interactive, Texas geekfest! Før byen vert fylt med håpefulle band og onde bransjefolk får geeks herje nokonlunde fritt. Det betyr stort sett folk som går rundt åleine og glor i smart-telefonane sine, deriblandt meg. Austin Convention Center er stort og fint som andre kongress-senter, med mange sponsorar som tilbyr både straum (ingen fare for at dingsane skal gå tomme heldigvis), gode sofaer og gratis mat og drikke.

For min del starta konferanseprogrammet opp med "Gamechanging: Turn your app into a cooperative game" med Thor Müller frå Get Satisfaction. Han snakka om korleis ein kan engasjere folk gjennom samarbeidsspel-mekanismer. Dette vart og gjennomført i sesjonen gjennom to samarbeidsspel. Det første gjekk ut på at for å kunne overleve ein stor flom på jorda (litt for aktuelt tema) måtte ein sitje til høgre for ein som var fødd på samme dato eller ein dato tidlegare i samme månaden som ein sjølv er fødd. Dette måtte heile salen på rundt 2-300 organisere sjølv i løpet av 5 minutt, og det funka faktisk! Han argumenterte for at ein spel som skal kunne engasjere fleire må basere seg på litt flaks og litt skills, og aller helst at ein kan bruke ulik egenskapar hjå deltakarane for å kunne oppnå spelets mål.

Det sosiale spelet Health Month vart brukt som eksempel; her kan ein setje seg mål om å leva sunnare, dele måla og om ein har nådd dei eller ikkje. Det vert meir press for å halde måla (som ein sit sjølv) når ein deler dei med andre, dersom ein ikkje når måla sine og står i fare for tape spelet kan vener trå til og dele poenga sine, og reslutata for ein månad vert vist på lagbasis, så dersom ein ikkje når måla sine går det ut over heile gruppa, noko som kan gjere det meir motiverande å nå måla sine (ein ting er å skuffe seg sjølv, men det er verre å skuffe vennene sine!). Det var og eit tips om ei bok eg skal sjekke ut: Gamestorming.   

Neste presentasjon var det Marissa Mayer frå Google, som ville fortelje om "lokasjon, lokasjon, lokasjon og mobil" som var den beskjedne skildringa i programmet. Og det var mykje fokus på Google Maps, både talet på brukarar, talet på brukarar på mobil, demo av siste versjon (som var superrask, vektorbasert og som viser bygg i 3D) og søk i kartet etter bedrifter. Lokasjonsbasert ja, Google Hotpot er brukarbaserte vurderingar av plassar, som og har innsjekk, slik at du kan sjå kva evt vener av deg har sagt om plassen tidlegare. Dette er kobla saman med Google Places, som har søk for forbrukarar i tillegg til verktøy for bedriftene. Ingenting av dette er direkte nytt, og det er ganske tydeleg og forståeleg at dei vil konkurrere med tenester som Gowalla og Facebook Places. Google har ikkje heilt fått til dette med det sosiale internet (Google Wave og Google Buzz), men denne tenesta er basert rundt det dei er gode på, som er søk. Så det vert spanande å sjå korleis det går.

I framtida vil Google faktisk styre livet ditt. Dersom du t.d. skal reise på tur, vil Google koble saman alt dei veit om deg for å kunne foreslå billettar til reisa, køyrerute til flyplassen, aktivitetar på turen etc utan at du treng tenke på det. Kult men og skremmande!

Etter presentasjonen var det tid for spørsmål. Innimellom amerkanarande som nytta høvet til å skamlaust promotere bøkene, bedriftene og seg sjølv var det eit spørsmål som var interessant: All info som brukarane genererer (som vurdering av bedrifter, søkeresultat etc), vil det kunne vera mogeleg for brukarane å velge å gjere den informasjonen tilgjengelig for alle via t.d. Creative Commons? Eg meiner at ho til dette svarte positivt, sjølv om det er mogeleg at ho svarte på ein litt unnvikande måte. Dersom det stemmer, er Google verkeleg ikkje onde, sjølv om dei i framtida vil styre livet ditt. Dette er spanande! Dersom alle kunne få tilgang til Google sine brukargenererte data ville det opne for mange mogelegheiter.

Men bruken av data er og eit tankekors. Kredittvurderingsfirma kan visstnok med 98% sikkerhet forutsei ei skilsmisse to år på førehand, basert på bruksmønster på kredittkort.

Dagens siste seminar var fullt, så då var det berre å nyte Austin og deilig tex-mex resten av kvelden!

Og eg vert her heile veka, så det kjem nok fleire postar.