Sider

søndag, november 20, 2011

Sosiale Medier i undervisning - ven eller fiende?

Fredag 11.11.11 hadde eg eit foredrag for Hordland Fylkeskommune om bruk av sosiale medier i den vidaregåande skulen. Tittelen vart "Sosiale Medier - ven eller fiende?" og det viste seg å vera eit bra utgangspunkt. Teknologi har ulik verknad på folk. Nokon møter det ukjende med frykt. Nokon let seg begeistre av det uante potensialet som ligg i teknologi.

Tar ein dette inn i ein læringssituasjon er det to ting å merke seg. Først: frykt er det motsette av tryggleik, og i undervisning er å skape eit trygt læringsmiljø ei av dei viktigaste oppgåvene. Dette gjeldt for elevane, men dei som underviser må og føle seg trygge. Difor vil det som skaper frykt vera vår fiende, og dersom sosiale medier skaper frykt er det då altså fienden. For det andre: teknologi, eller bruken av teknologi, kan og skape entusiasme. Klarar vi etablere eit trygt læringsmiljø, kan vi vidare forbetre læringa ved å skape entusiasme. Entusiastiske elver lærer betre. Derfor kan og sosiale medier vera vår ven, dersom vi kan bruke den til å spreie entusiasme.

Dette var mitt utgangspunkt, og presentsjonen ser du under:


 

Eg starta med mine erfaringar, som er frå bruk av sosial medier i høgare utdanning:

Wiki-prosjekt på BI 

Studentane i eit kurs i webutvikling og publisering laga ein wiki for kurset. Ansvarleg for prosjektet er Ragnvald Sannes som har vidarført prosjektet i eit anna fag på BI. Erfaring: nokon lot seg begistre, fleire gjorde stor sett det dei skulle.

Bloggbasert læringsnettverk ved HiB

Dette er eit prosjekt eg har lagt mykje arbeid i, som eg har presentert på fleire konferanser og som eg anser som ein suksess. Lenka over koblar til eit par tidlegare bloggar der eg har tatt opp dette temaet, og under ser du presentasjonen min frå FIBE-konferansen ved NHH i år.



Blogging i faget ELE3707 Sosiale Medier ved BI (ansvarleg: Cecilie Staude)

Her har eg og positive erfaringar med at studentane bloggar, forelesar kommenterer, samt at vi brukar ein gruppe på Linkedin for rettleiing. Dette er studentar som sjølvsagt er positive til sosiale medier i utgangspunktet. Dei fleste tilbakemeldingane på praktisk bruk av blog og andre sosiale medier er gjennomgåande positiv.

Den andre delen av foredraget tok utgangspunkt i ein teori om bruk av sosiale medier for bedrifter. Teorien er frå boka Groundswell av Li og Bernoff. I boka gjev dei fem grunnar til at bedrifter bør vera aktive i sosiale medier.

Kort oppsummert:

Lytte:

Her kan ein lytte innan sitt eige fagfelt, og ein kan lytte til elevane sine. Mange elvevar nyttar seg av twitter, eigen erfaring tilseier at dette er meir utbreidd mellom 17-18åringar enn mine studentar på høgskular som er tidleg i 20åra. Men det er kanskje ikkje så interessant. Bloggar er og utbreidd blandt studentar i vidaregåande. Her kan ein bruke ein RSS-lesar (t.d. Google Reader) til å abonnere på bloggpostane.

Kort introduksjon til Twitter av mine studentar i Sosiale Medier ved BI Stavanger. 

Om bruk av RSS til lytting. 

Snakke:

Her kan ein formidle til studentane gjennom å skrive ein fagblogg retta mot studentar, eller ein kan formidle gjennom å bruke videoar på youtube. Spesielt det siste har eg tru på, sjå eksempel under frå Khan Academy og Elisabeth Engum.







Engasjere:

Her kan ein engasjere til debatt på eigen blogg, eller engasjere elevane til sjølv å produsere bloggar eller videopresentasjonar.

Støtte:

Ein kan støtte elevar ved å svare på kommentarar i eigne blogginnlegg og kommentere elevar sine faglege blogginnlegg. Det er ein stor fordel om ein kan legge til rette for at elevar støttar kvarandre, det gir god læringseffekt både for dei som vert støtta og dei som støttar. Eit eksempel på dette er The Student Room.

Omfavne:

I forretningslivet handlar dette om å la kundene ta del i produktutviklinga. Er dette relevant for elevar ved vidaregåande skular? Veit dei best sjølv korleis dei lærer? Eg ser for meg at ein slags digital forslagskasse kan fungere her.

Min haldning til dette er at ein gjennom sosiale medier kan skape engasjement, interaksjon mellom student og elev og ikkje minst fagleg interaksjon mellom elevar.

Har du erfaring med, eller tankar om bruk av sosiale medier i undervisning?  Del gjerne i kommentarfeltet under!