Sider

mandag, august 09, 2010

Litt Spotify-statistikk



Var inne og henta ned oversikt over det digitale salet for St Satan, som er gjennom Artspages/Phonophile, og merka meg satsene for avspeling på Spotify. Det er ulike satsar for gratismodellen, abbonementsmodellen og mobil. For mobil er usikker på om kvar avspeling i offline modus vert rekna med, men utfrå tala ser det slik ut. Det er og ulike satsar utfrå kva for eit land musikken vert spelt av i, og 1.5.2010 har det og vore ein justering i satsane:

*har brukt tala eg har tilgjengeleg, tala er i NOK, har brukt 6kr som dollarkurs, det stemmer iallefall akkurat no.

Det eg merkar meg her er at alle satsane for Noreg har gått ned. Er det fordi dei norske avdelingane til plateselselskap/distributørar er dårelegare til å forhandle enn dei i Sverige og UK, der satsane (iallefall for gratisversjonen) har gått opp?
Eg merkar meg jo og, som fleire har peika på tidlegare, at det ikkje er snakk om mykje pr avspeling. Ein million avspelingar av ein låt gjennom gratismodellen vil gje 3600 kr, og av dette skal då distributørar/plateselskap ha sin del før artisten får pengar.
Poenget her er om Spotify sin forretningsmodell kan halde i lengda? Forhandlingane med musikkbransjen i USA har brote saman (igjen) og i denne artikkelen vert Spotify samanlikna med ein minibank der ein kan få gratis pengar med reklame på, der ein ved å betale eit lite beløp kvar månad kan ta ut ubegrensa med pengar.
I tillegg til sjølvsagt poenget om at alle bør oppgradere til Premium, og spele av St Satan på mobilen kontinuerleg!

fredag, august 06, 2010

Bloggbasert læringsnettverk - oppsummering

I den forrige bloggposten min posta eg ein presentasjon om erfaringane mine frå å bruke ein bloggbasert nettverkt i eit fag eg har her på Høgskole i Bergen. Eg presenterete prosjektet på JohanArndt-konferansen i Hønefoss, og jammen stakk eg ikkje av med Formidlingsprisen 2010 for presentasjonen!
Det er haust, det ruskar ute, og eg skal starte opp det samme faget og skal bruke det bloggbaserte nettverket for andre gong. Difor passar det seg bra å gjere opp status, og minne meg sjølv på korleis eg kan forbetre bruken i år.
Bakgrunnen for å starte opp dette prosjektet var at det no er ein kultur bland ungdomar (og vaksen og for den del) å dele via internett. Det vert lasta opp svimlande mengder film til YouTube, og folk oppdaterer sosiale nettverk som Facebook og etterkvart også twitter som gale. På den andre sida er det digitale verktyet som studentane brukar her på skulen, itslearning, best egna til passiv uthenting av informasjon. Itslearninga har mykje god funksjonalitet for å administrere læringsressursar, men legg lite til rette for at ein skal skape og dele kunnskap.
Difor ville eg finne eit verkty som studentane kunne bruke aktivt og ikkje passivt.
Kurstet heiter Administrative Informasjonssystemer, og å bruke eit slikt system ville og passe inn tematisk i kurset. Læringsnettverket eit system, som alle er med på å teste, implementere og bruke. Det er og eit system som har de same egenskapene som andre system det vert undervist om i kurset.
Etter å ha søkt litt om dette på nettet, fann eg fleire relevante bloggar som blant anna Web 2.0 i undervisningen og etterkvart peika namnet Jon Hoem seg ut som ein som og hadde tenkt litt på dette. Då eg undersøkte nærare, fann eg ut at Jon faktisk var ein kollega av meg, og eg stakk innom kontoret hans for å slå av ein prat. Vi fann raskt ut at dette var ein spanande prosjekt, han hadde erfaring med blogging i eit kurs han heldt i digital fotografering. Kurset mitt har ein god del fleire deltakarar enn hans, så etter ei tids vurdering vart vi eininge om å bruke ein Multiuser installasjon av Wordpress som det teknologiske fundamentet for læringsnettverket. Vi vart og einige om å søke høgskolen om ressursar og at han vart sett opp som prosjektleiar, og vi fekk dei ressursane vi trengte.
Medan vi jobba med å få på plass det teknologiske, diskuterte vi og omfanget for studentane. Etter ein vurdering kom eg fram til følgjande krav til deltaking i lærinsnettverket:

Kvar student skulle ha ein blogg, der ein skulle poste to bloggpostar på over 200 ord. Ei liste med forslag til tematikkar var tilgjengeleg for studentane ved semesterstart. I tillegg, 10 mindre bloggpostar som kunne vera relevante for faget, enten nyhessakar, artiklar, nettvideoar etc. I tillegg til dette skulle kvar student poste 40 kommentarar på medstudentane sine bloggpostar.

Læringsnettverket vart til slutt sjåande slik ut og fekk raskt ulike kallenamn, blant anna “hvalrossen” etter urlen. På forsida stod mine bloggpostar øverst, der eg posta forelesningsnotat ved å bruke Google Docs, og ellers andre meldingar til studentane, det var menyar som lenka til forlesningplan, fagskildring etc samt ein meny som lenka vidare til anna funksjonalitet. Under mine bloggpostar kom to “strøymar” eller feeds, ein med oversikt over siste bloggpost for studentane, og ein for siste kommentarar. Det kom og etterkvart eit globalt søk (altså som søkte gjennom alle bloggpostene).
Teknisk gjekk det stort sett greitt for studentene å opprette bloggar og poste bloggpostar. Innhaldet i postane holdt overraskande høgt nivå, og allereie tidleg i kurset var det kome fleire gode bloggpostar, som denne om erfaringar med eit CRM-system. Denne type postar var akkurat det eg håpte på kunne kome, den tar teori frå læreboka, og tar det ned på eit meir handgripeleg nivå enn det ofte høgtflygande amerikanske eksempla som fins der. Det kom og fleire gode bloggpostar som oppsummerte gjesteforelesingar, som sette fokus på spesielle tema i pensum, og til og med nokre som var i grenseland tematisk i forhold til pensum, men som likevel var spanande å lese.
Men, det var ikkje berre fryd og gammen, fleire studentar synes at det var bortkasta tid, at arbeidsmengda var for stor, og at dei ikkje hadde utbytte av å blogge. Alt innhaldet på nettverket er ope, og ein del var og skeptiske til det. Å vera ein “bloggar” hadde og for mange noko negativt ved seg. Evalueringa undervegs i kurset bar preg av dette. Frustrasjonen var tilstaden hjå fleire studentar fram til slutten av forelesingane.
Studentene gjorde seg iallefall ferdige med kravet for å gå opp til eksamen. Men det som dei fleste oppdaga då dei skulle førebu seg til eksamen, var at dei i praksis hadde søkbar tilgang til ein del av forelesningsnotata til resten av klassen, samt eit utall eksempel som gav forklaringar på teori på ein annan måte enn pensumlitteraturen. Plutseleg såg dei godene av å dele, og av å kunne bruke andre sine bloggpostar for å betra sin eigen forståing av faget.
Det endte iallefall med dei beste karakterane i faget på mange år, sjølv om det er mange årsaker som spelar inn på det, og ei evaluering etter faget var gjennomført avslørte at studentane var langt meir positive til læringsnettverket enn undervegs i faget.

Så kva tar eg med meg til neste gjennomføring?

For det første var kravet til deltaking litt i overkant, det var mykje å følgje med på for både meg og studentane. Eg vil halde på to bloggpostar på 200 ord, men gå ned til 3 mindre postar/lenker og 10 kommentarar. I tillegg vil eg prøve å reinske litt opp i brukargrensesnittet, som var litt uoversiktleg. Det er no installert ein oppdatert versjon av bloggnettverket, så vi jobbar med å betre det som ikkje var så bra sist. Forslag til emner må og reviderast, ettersom det som var i tida i fjor er gamalt nytt no. Ellers håpar eg på ein like positiv klasse som i fjor, utan velviljen frå studentane ville ikkje det gått bra!

Fleire detaljar i

Johan Arndt-presentasjonen