Sider

torsdag, desember 06, 2012

Avsosialisering III: Path

Det nærmar seg jul og nytt år, og opprenskinga i sosiale nettverk fortset. Denne gongen har turen dessverre (?) kome til det mobil-optimalisere nettverket Path.

Path vart lansert i 2010. Bak tenesta står Shawn Fanning, som er kjent for å ha utvikla Napster, og mellom dei første investorane finn ingen ringare en Demi Moore's komande ex-mann Ashton Kutcher. Han er faktisk ein investor i fleire sosiale medier, og fekk litt pes etter å ha reklamert med klistremerker på laptopen han brukar i serien "Two and a half men".
Ashton: Skøyar og investor. Bilde: CBS

Tenesta leverer det vanlege: bildedeling (med Instagram-aktige filter), innsjekkingar, statusoppdateringar og oppdatering om kva musikk ein høyer på. Alt dette kan postast vidare til via Facebook, Twitter, Tumblr og Foursquare. Greia med Path er at dei har hengt seg opp i Dunbars number. Psykologiprofessoren Robin Dunbar har kome fram til at det største talet mennesker ein kan ha eit meiningsfullt forhold til er ca 150. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er riktig, og ein kan og diskutere om teknologi som sosiale medier kan gjere oss i stand til å ha meiningsfullt forhold til fleire enn dette, men det er noko sant i det. Eg har ikkje like meiningsfulle relasjonar med alle mine 829 vener på Facebook. Uansett, Path har etter Dunbars anbefalingar sett grensa på vener til 150, det er altså det største nettverket ein kan ha i tenesta.

Eg ser heilt klart behovet for å dele med færre enn alle på Twitter og alle på Facebook. Facebook har grupper som kan fylle dette behovet (sjekk ved sida av "Post"-knappen neste gong du oppdaterer status), Google Plus har kretser som kan gjere det same, og så har vi mailgrupper. Men Path vert likevel som ein hemmeleg klubb, og kven lar seg vel ikkje tirre litt av å vera medlem i ein hemmeleg klubb?

I tillegg er Path skikkeleg lekkert og skikkeleg optimalisert for mobil. Etter å ha testa det litt vil du sikkert sjå at Facebook mobil er stygt og tregt. Så, kva er det å ikkje like med eit slikt stileg, spanande, eksklusivt klubbhus for deg og venene dine?

Mitt farvel til venene på Path, som dei sannsynlegvis aldri får lese ettersom eg slettar profilen min.
I 2012 forstår dei fleste at premissa med eit sosialt nettverk er at vi brukarane skal genrere alt innhaldet, og  dei som driftar det sosiale nettverket skal vise reklame når vi les innhald til andre. I tillegg kan dei selge innhaldet samt personopplysingar til samarbeidspartnarar. Det er forsåvidt greit. Men vi brukar tid, og i nokre tilfelle pengar, for å lage og å laste opp dette innhaldet. Eg var storbrukar av tenesta Gowalla i si tid. Sjekka inn overalt, ofte til mild misnøye frå folk som var med meg. For min del er dokumentasjonsaspektet i sosiale medier viktig. Det å kunne gå tilbake og sjå: Kor var eg? Kva tenkte eg? Kva var eg opptatt av? Uansett - å sjekke inn i Tokyo, Seoul eller New York, ved hjelp av mobildata er ein kostbar affære. Og då Gowalla vart kjøpt opp av Facebook og seinare forsvant, mista eg dokumentasjon som muligens har kosta meg tusenvis av kroner å opparbeide.

Dette er eit av problema mine med Path. Eg kan ikkje sjå at dei har ein gangbar forretningsmodell. Dei seier sjølv at dei ikkje skal bruke annonsering og betalte bedriftsprofiler er uaktuelt slik eg ser det (ein av dine 150 nøye tilmålte vener skal vera Elkjøp?). Dei skal få inn pengar ved å "selge virtuelle goder i samband med sjølv-uttrykk". Det er akkurat det du treng, er det ikkje det? Å vise dine 150 næraste vener at du har råd til å kjøpe nokre virtuelle goder for å uttrykke deg?

I tillegg sa dei under eit panel på SXSW i år at dei har "leigd inn animatørar frå Pixar for å lage overgangane i programmet". Med den pengebruken, og manglande inntektsmodell ser, etter mi meining, stien mørk ut framover.

Litt krass her ser eg. Eg har opplevd mange fine stundar på Path faktisk. Gitt at det er eit lite lukka nettverk har folk vore opne og ærlege både i gode og vonde tider. Dette har eg sett stor pris på, og sett på som ei ære, at folk har delt. Og det bringer meg til det andre problemet mitt: eg føler ikkje at eg er aktiv og deler nok til å fortene retten til å vera der. Likar ikkje så godt å vera han som luskar rundt berre for å sjå kva andre driv med utan å dele sjølv.

Avmelding

Det er her, som ved dei andre, lett å melde seg av. Men igjen, som ved Flickr, går det ikkje an å frigjere sine eigne data, noko eg synes er dårleg stil. (Du kan forøvrig lese her om korleis du kan frigjere dine data frå Google sine tenester.) Men hei, det går ikkje an å slette kontoen sin utan vidare! Du kan deaktivere kontoen, men den kan når som helst aktiverast igjen. For å slette kontoen heilt må du visstnok kontakte kundeservice. Profilen vil dermed bli liggande latent som ein kjønnssjukdom. Eg har iallefall sendt ei melding der eg ber dei slette kontoen og innhaldet.

Så, her skiljast våre stiar, lukke til vidare!



Les meir om avsosialiseringa mi:

Avsosialisering I: Plaxo
Avsosialisering II: Flickr

p.s.: Forslag til andre nettverk eg bør avsosialiserast frå ?

søndag, desember 02, 2012

Avsosialisering II: Flickr

Flickr vart starta i 2004 og vart kjøpt opp av Yahoo i 2005. Det er ingen tvil om at denne fotodelingstenesta er ein av pionerane innan sosiale medier, og lærte opp folk i dele foto sosialt. I tillegg til delinga av feriefoto m.m. har Flickr vore ein plattform for profesjonelle fotografar. Det er ein god måte å eksponere fotoferdigheter på, og ein kan velge om bileta skal vera fritt tilgjengelege eller om ein vil kontrollere kven som  brukar bileta vidare.

Fleire bedrifter har oppretta kontoar for å vise fram bildene sine. I tillegg har større aktørar innan arkiverte fotografi, som Library of Congress, USA's nasjonalarkiv, oppretta kontoar for å gjere sine arkiv tilgjengelege. Her kan ein til dømes ta ei herleg tidsreise til fisketorget i Bergen anno ca 1890.
[Fish market, Bergen, Norway] (LOC)
Kjelde: http://www.flickr.com/photos/library_of_congress/3174174175/

Eg brukar Flickr ein del til søk. Eg tipsar alltid studentane mine om å bruke søket innan Creative Commons (CC)-lisensierte bilder til bruk på bloggar etc (gå til avansert søk, nederst på sida kan du huke av på " "). Sjølv om ein strengt tatt skal ha samtykke frå retthavar for å bruke bildene, er det bedre å bruke CC-lisensierte bilder på sidene sine, og kreditere rettshavar for å unngå å hamne i trøbbel.

Uansett, kvifor vil eg forlate denne himmelen av foto-materiale? Kort og godt fordi eg ikkje er aktiv. Backup av kamerabilder gjer eg gjennom Google +, deling av "artige" eller bilete med familierelaterte motiv gjer eg gjennom Instagram eller Facebook. Eg veit at eg automatisk kan dele t.d. Instagram-bildene på Flickr. Men, ettersom eg ikkje har interaksjonar på Flickr, og litt fordi eg vil gjere mitt for å lette på energiforbruket på datasenter verda over, vil eg avstå frå det. I tillegg: eg er ein elendig fotograf. Svært mange av Flickr-brukarane er gode!

Eg trur framleis at denne tenesta vil halde nokre år, og for bedrifter med mykje og godt bildemateriale bør ein vurdere å bruke tenesta. Det er litt med tungt hjarte eg forlet tenesta, spesielt no etter at ein av dei originale Googlarane Mariassa Mayer, som eg har sansen for, har overteke Yahoo. Det kan jo skje noko spanande? Kanskje kontoen er kjekk å ha likevel?

Marissa Mayer and Mike Arrington at LeWeb 2010
Nerdenes drøymedame: Marissa Mayer. Kjelde: http://www.flickr.com/photos/leoville/5252838995/
Nei, det hjelper ikkje. Flickr må gå. 

Forretningsmodell

Flickr har litt annonser, men ikkje mykje. Du kan oppgradere kontoen din til "Pro" for 25 USD i året, det er jo ei inntektskjelde, samt at dei i samarbeid med Getty Images tilbyr deg å lisensiere bildene dine for bruk i reklamar etc. Dei hadde tidlegare samarbeid med bedrifter som tilbydde div fotoprodukter, som print, kalendarar m.m. men kan ikkje sjå at dei har det lenger. Dette ville jo og vore ei kjelde til inntekter. Uansett, med ein så stor brukarbase, og eit så stort arkiv trur eg dette skulle funke. 

Avmelding

Å slette kontoen er lett nok, det er det eit val for dersom du går inn på profilen din. Men, usympatisk nok, er det inga god løysing for å ta med seg bildene ei har lagra der. Ein kan gå inn på kvart enkelt bilde og laste ned, men dette vil ta lang tid dersom du har nokre bilder. Eg har akkurat 100 bilder på Flickr, og eg trur det fins kopiar av alle på andre medium. Ellers får eg seie som Ibsen: "Evig eies kun det tapte". 

Farvel Flickr!