Sider

torsdag, desember 06, 2012

Avsosialisering III: Path

Det nærmar seg jul og nytt år, og opprenskinga i sosiale nettverk fortset. Denne gongen har turen dessverre (?) kome til det mobil-optimalisere nettverket Path.

Path vart lansert i 2010. Bak tenesta står Shawn Fanning, som er kjent for å ha utvikla Napster, og mellom dei første investorane finn ingen ringare en Demi Moore's komande ex-mann Ashton Kutcher. Han er faktisk ein investor i fleire sosiale medier, og fekk litt pes etter å ha reklamert med klistremerker på laptopen han brukar i serien "Two and a half men".
Ashton: Skøyar og investor. Bilde: CBS

Tenesta leverer det vanlege: bildedeling (med Instagram-aktige filter), innsjekkingar, statusoppdateringar og oppdatering om kva musikk ein høyer på. Alt dette kan postast vidare til via Facebook, Twitter, Tumblr og Foursquare. Greia med Path er at dei har hengt seg opp i Dunbars number. Psykologiprofessoren Robin Dunbar har kome fram til at det største talet mennesker ein kan ha eit meiningsfullt forhold til er ca 150. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er riktig, og ein kan og diskutere om teknologi som sosiale medier kan gjere oss i stand til å ha meiningsfullt forhold til fleire enn dette, men det er noko sant i det. Eg har ikkje like meiningsfulle relasjonar med alle mine 829 vener på Facebook. Uansett, Path har etter Dunbars anbefalingar sett grensa på vener til 150, det er altså det største nettverket ein kan ha i tenesta.

Eg ser heilt klart behovet for å dele med færre enn alle på Twitter og alle på Facebook. Facebook har grupper som kan fylle dette behovet (sjekk ved sida av "Post"-knappen neste gong du oppdaterer status), Google Plus har kretser som kan gjere det same, og så har vi mailgrupper. Men Path vert likevel som ein hemmeleg klubb, og kven lar seg vel ikkje tirre litt av å vera medlem i ein hemmeleg klubb?

I tillegg er Path skikkeleg lekkert og skikkeleg optimalisert for mobil. Etter å ha testa det litt vil du sikkert sjå at Facebook mobil er stygt og tregt. Så, kva er det å ikkje like med eit slikt stileg, spanande, eksklusivt klubbhus for deg og venene dine?

Mitt farvel til venene på Path, som dei sannsynlegvis aldri får lese ettersom eg slettar profilen min.
I 2012 forstår dei fleste at premissa med eit sosialt nettverk er at vi brukarane skal genrere alt innhaldet, og  dei som driftar det sosiale nettverket skal vise reklame når vi les innhald til andre. I tillegg kan dei selge innhaldet samt personopplysingar til samarbeidspartnarar. Det er forsåvidt greit. Men vi brukar tid, og i nokre tilfelle pengar, for å lage og å laste opp dette innhaldet. Eg var storbrukar av tenesta Gowalla i si tid. Sjekka inn overalt, ofte til mild misnøye frå folk som var med meg. For min del er dokumentasjonsaspektet i sosiale medier viktig. Det å kunne gå tilbake og sjå: Kor var eg? Kva tenkte eg? Kva var eg opptatt av? Uansett - å sjekke inn i Tokyo, Seoul eller New York, ved hjelp av mobildata er ein kostbar affære. Og då Gowalla vart kjøpt opp av Facebook og seinare forsvant, mista eg dokumentasjon som muligens har kosta meg tusenvis av kroner å opparbeide.

Dette er eit av problema mine med Path. Eg kan ikkje sjå at dei har ein gangbar forretningsmodell. Dei seier sjølv at dei ikkje skal bruke annonsering og betalte bedriftsprofiler er uaktuelt slik eg ser det (ein av dine 150 nøye tilmålte vener skal vera Elkjøp?). Dei skal få inn pengar ved å "selge virtuelle goder i samband med sjølv-uttrykk". Det er akkurat det du treng, er det ikkje det? Å vise dine 150 næraste vener at du har råd til å kjøpe nokre virtuelle goder for å uttrykke deg?

I tillegg sa dei under eit panel på SXSW i år at dei har "leigd inn animatørar frå Pixar for å lage overgangane i programmet". Med den pengebruken, og manglande inntektsmodell ser, etter mi meining, stien mørk ut framover.

Litt krass her ser eg. Eg har opplevd mange fine stundar på Path faktisk. Gitt at det er eit lite lukka nettverk har folk vore opne og ærlege både i gode og vonde tider. Dette har eg sett stor pris på, og sett på som ei ære, at folk har delt. Og det bringer meg til det andre problemet mitt: eg føler ikkje at eg er aktiv og deler nok til å fortene retten til å vera der. Likar ikkje så godt å vera han som luskar rundt berre for å sjå kva andre driv med utan å dele sjølv.

Avmelding

Det er her, som ved dei andre, lett å melde seg av. Men igjen, som ved Flickr, går det ikkje an å frigjere sine eigne data, noko eg synes er dårleg stil. (Du kan forøvrig lese her om korleis du kan frigjere dine data frå Google sine tenester.) Men hei, det går ikkje an å slette kontoen sin utan vidare! Du kan deaktivere kontoen, men den kan når som helst aktiverast igjen. For å slette kontoen heilt må du visstnok kontakte kundeservice. Profilen vil dermed bli liggande latent som ein kjønnssjukdom. Eg har iallefall sendt ei melding der eg ber dei slette kontoen og innhaldet.

Så, her skiljast våre stiar, lukke til vidare!



Les meir om avsosialiseringa mi:

Avsosialisering I: Plaxo
Avsosialisering II: Flickr

p.s.: Forslag til andre nettverk eg bør avsosialiserast frå ?

søndag, desember 02, 2012

Avsosialisering II: Flickr

Flickr vart starta i 2004 og vart kjøpt opp av Yahoo i 2005. Det er ingen tvil om at denne fotodelingstenesta er ein av pionerane innan sosiale medier, og lærte opp folk i dele foto sosialt. I tillegg til delinga av feriefoto m.m. har Flickr vore ein plattform for profesjonelle fotografar. Det er ein god måte å eksponere fotoferdigheter på, og ein kan velge om bileta skal vera fritt tilgjengelege eller om ein vil kontrollere kven som  brukar bileta vidare.

Fleire bedrifter har oppretta kontoar for å vise fram bildene sine. I tillegg har større aktørar innan arkiverte fotografi, som Library of Congress, USA's nasjonalarkiv, oppretta kontoar for å gjere sine arkiv tilgjengelege. Her kan ein til dømes ta ei herleg tidsreise til fisketorget i Bergen anno ca 1890.
[Fish market, Bergen, Norway] (LOC)
Kjelde: http://www.flickr.com/photos/library_of_congress/3174174175/

Eg brukar Flickr ein del til søk. Eg tipsar alltid studentane mine om å bruke søket innan Creative Commons (CC)-lisensierte bilder til bruk på bloggar etc (gå til avansert søk, nederst på sida kan du huke av på " "). Sjølv om ein strengt tatt skal ha samtykke frå retthavar for å bruke bildene, er det bedre å bruke CC-lisensierte bilder på sidene sine, og kreditere rettshavar for å unngå å hamne i trøbbel.

Uansett, kvifor vil eg forlate denne himmelen av foto-materiale? Kort og godt fordi eg ikkje er aktiv. Backup av kamerabilder gjer eg gjennom Google +, deling av "artige" eller bilete med familierelaterte motiv gjer eg gjennom Instagram eller Facebook. Eg veit at eg automatisk kan dele t.d. Instagram-bildene på Flickr. Men, ettersom eg ikkje har interaksjonar på Flickr, og litt fordi eg vil gjere mitt for å lette på energiforbruket på datasenter verda over, vil eg avstå frå det. I tillegg: eg er ein elendig fotograf. Svært mange av Flickr-brukarane er gode!

Eg trur framleis at denne tenesta vil halde nokre år, og for bedrifter med mykje og godt bildemateriale bør ein vurdere å bruke tenesta. Det er litt med tungt hjarte eg forlet tenesta, spesielt no etter at ein av dei originale Googlarane Mariassa Mayer, som eg har sansen for, har overteke Yahoo. Det kan jo skje noko spanande? Kanskje kontoen er kjekk å ha likevel?

Marissa Mayer and Mike Arrington at LeWeb 2010
Nerdenes drøymedame: Marissa Mayer. Kjelde: http://www.flickr.com/photos/leoville/5252838995/
Nei, det hjelper ikkje. Flickr må gå. 

Forretningsmodell

Flickr har litt annonser, men ikkje mykje. Du kan oppgradere kontoen din til "Pro" for 25 USD i året, det er jo ei inntektskjelde, samt at dei i samarbeid med Getty Images tilbyr deg å lisensiere bildene dine for bruk i reklamar etc. Dei hadde tidlegare samarbeid med bedrifter som tilbydde div fotoprodukter, som print, kalendarar m.m. men kan ikkje sjå at dei har det lenger. Dette ville jo og vore ei kjelde til inntekter. Uansett, med ein så stor brukarbase, og eit så stort arkiv trur eg dette skulle funke. 

Avmelding

Å slette kontoen er lett nok, det er det eit val for dersom du går inn på profilen din. Men, usympatisk nok, er det inga god løysing for å ta med seg bildene ei har lagra der. Ein kan gå inn på kvart enkelt bilde og laste ned, men dette vil ta lang tid dersom du har nokre bilder. Eg har akkurat 100 bilder på Flickr, og eg trur det fins kopiar av alle på andre medium. Ellers får eg seie som Ibsen: "Evig eies kun det tapte". 

Farvel Flickr! 


tirsdag, november 27, 2012

Avsosialisering I: Plaxo

Eg er det du kan kalle ein sosial samlar. Eg har ufatteleg mange profilar på like mange sosiale nettverk. Dersom profilene hadde vore fysiske kunne eg lett vore med i ein episode av "Ekstreme samlere". Det kostar jo ingenting å ha profilen? Men det kan jo hende eg får bruk for den ein vakker dag! Kjekt å ha - o.s.b.

Nyleg har eg sagt frå meg å undervise eit reint sosiale medier kurs, mest fordi eg ikkje har tid. Det er ikkje slik at eg har mista trua på sosiale medier, eg er overbevist over at inntoget av sosiale medier har forandra måten vi kommuniserer på, både privat, men ikkje minst med bedrifter både direkte og indirekte. Alle data vi genererer er interessante og potensielt verdifulle, dersom vi klarer å analysere dei rett og finne skjulte mønster. Andre teknologiske nyvinningar som telefoni og telefaks har og revolusjonert verda, utan at det framleis fins eigne fagfelt som heiter telefoni-kommunikasjon eller faks-kommunikasjon. På samme måten som det ikkje lenger fins eigne fag i e-handel, vil behovet for eit eige fag i sosiale medier og forsvinne. Det vil gå inn i fagfelta marknadsføring, kommunikasjon, innovasjon, finansiering, digital strategi m.m.

Iallefall, eg har no sett mine feil og vil slette profilar i fleire sosiale nettverk. Nokon opplagde, og forhåpentligvis nokon kontroversielle. For å gjere det enkelt, startar eg med eit nettverk eg aldri har brukt noko særleg, men som ofte mailar meg: Plaxo.

Selskapet bak tenesta vart starta i 2002 av mellom anna Sean Parker, som er kjend for å delteke i Napster, Facebook og no og Spotify. Tenesta vart lansert i 2008, og eg oppfatta det då som ein heller halvhjerta blanding av Facebook og Linkedin. Men, det var ganske lett å integrere med andre nettverk, og kryssposting er alltid bra for ein digital "hoarder" som meg. Over åra har tenesta skifta fokus fleire gonger, og no har dei fokus på å vera "ditt digitale kontaktregister". Eg må på eit eller anna tidspunkt ha synkronisert tenesta mot adressaboka mi i Gmail, for eg har 646 kontaktar der.

Uansett, Gmail og Linkedin funkar meir enn godt nok for meg for å handtere kontaktar, takk.

Forretningsmodell:

Eg ser ei annonse på sida, så dei prøver nok å få litt inntekter der. I tillegg tilbyr dei to betalte produkter på sidene: Ein "personleg assistent" som heile tida sjekkar at du har rett info på kontaktene dine, og ein "premium 2-way sync" som antagelegvis synkroniserer betre en grunntenesta. Er litt usikker på om dette er nok til å halde tenesta i live.

Avmelding: 

Ein positiv ting om Plaxo; dei har gjort det lett å slette kontoen, det kan du gjere under http://www.plaxo.com/settings/account der det fins eit eige valg for å slette kontoen. I og med at kontaktene mine er synka frå andre tenester er det heller ikkje noko innhald eg ynskjer å eksportere.

Så, takk for no Plaxo, lukke til vidare!


mandag, november 26, 2012

Bedre læring og effektivisering av arbeidsoppgåvene - #podkonf12

Norgesuniversitetet arrangerte i starten av november konferansen: Ja takk, begge deler - om podcasting i undervisning og digitale eksamener. Eg er opptatt av digitialisering av forretningsprosessar, og kanskje spesielt digital forbedring av læring sidan det er det eg lever av.

(p.s. ved å følge lenka til konferansen kan du sjølvsagt sjå alle presentasjonane - som podcast!)

Screencasting

Konferansen var i Tromsø, eg reiste opp dagen før, fekk med ein burger på Blå Rock og eit par øl med ein bekjent om kvelden. Dagen etter starta konferansen, og fokus for dag ein var rett og slett opptak av forelesingar.

I utgangspunktet tenkjer eg: Kven vil vel sjå om igjen ei forelesing på opp til 3 * 45 min? Er det ikkje meir spanande med "Flipped Classroom"? Og fokuset var nettopp på digitalisering av tradisjonelle forelesingar.

Det tekniske

Uninett/ecampus presenterte fleire ulike løysingar for å ta opp lyd og bilde frå forelsingar (les om tenestene her). Eg brukar sjølv Camtasia Relay, og det kan eg varmt tilråde alle som vil prøve seg på å ta opp enten forelesingar eller kortare sekvensar til bruk i t.d. flipped classroom. Det er til og med gratis for alle i UH-sektoren (noko eg antar står for Unviersitets- og Høgskolesektoren) i pilotperioden.

Praksis

Etter ein pause var det delt opp i separate sesjonar, ein for teknikarar og ein for pedagogisk og administrativt personale (vel, det var ikkje så strengt inndelt). Der fekk vi presentert casar.

Høgskolan Dalarna brukar livesendingar av forelesingar. Dei har gjennom dei siste seks åra satsa på fjernundervisning, og har no 60% fjernstudentar. Her startar forelesaren opp "sendinga" ved oppstart av forelesinga, og studentar kan følgje forelesinga frå lenka videochat på høgskolen si heimeside. Litt av poenget er at studentar, både heimefrå og frå auditoriet, kan interagere med kvarandre og forelesar via chat. I ettertid kan forelesar velge om forelesinga skal leggast ut eller ikkje.

I min bransje er det, dessverre, ein stor aversjon mot teknologi. Tavle og kritt er det beste får eg ofte høyre. Til nød powerpoint. Studentene derimot krev å få powerpoint-filene, og då aller helst i god tid før forelesinga. Og i slutten av semesteret klagar dei fordi det vert brukt for mykje powerpoint i undervisninga. Uansett, det at ein forelesar må trykke på ein knapp for å starte eit opptak før ei forelesing kan ofte representere eit stort hinder.

Derfor har Universitetet i Manchester eit opplegg der alle forelesingar automatisk vert tatt opp og publisert. Slik treng ikkje forelesaren tenkje på det. Det vart diskutert frammøte, og fleire undersøkjingar viser at frammøtet er normalt, til tross for publiserte forelesingar. Ein positiv effekt er meir diskusjon i klassen, og mindre frenetisk notering i timane.

At studentene nyttar tilbodet er det ingen tvil om, ut frå statistikk på nedlastingar. Og det dei gjer er å spole fram til det som evt er uklart, dei færraste ser om igjen heile forelesinga.

Etter dagens presentasjonar var eg meir positiv til at opptak av forelesingar kunne vera nyttig for studentane, og gjerne for forelesarane og.

Men det er ei hake ved det heile: Dette er kostbare tiltak, men det er ikkje bevist at studentane oppnår bedre resultat. Er det då verdt det?

Digital vurdering

Dag to verka i utgangspunktet som den minst interessante på meg, men var faktisk denne dagen som var mest interessant. Den skulle ha fokus på digital eksamen, men det vart eit breiare fokus på fleire vurderingsformer.

Digital eksamen

Det vart diskutert litt rundt digital eksamen. Eksamen med penn og papir er vel utruleg utdatert? Merkelig nok, så har det ikkje kome noko stort krav om å endre på dette frå studentene sin side før dei siste par åra. Ved overgangen til eksamen på PC har det vore stort fokus på korleis den skal etterlikne ein tradisjonell eksamen: ingen hjelpemiddel og ingen kommunikasjon.

MEN: kor reell er egentlig ein tradisjonell eksamen utan hjelpemiddel?

Premissa for utdanning har endra seg radikalt berre dei siste fem åra. Modellen vi underviser etter tok utgangspunkt i eit samfunn med eit informasjons-monopol, der vi som forelesarar og bøkene stod som forvaltarar av denne informasjonen. I dag er all denne informasjonen, samt forelesingar av topp lærekrefter på verdsbasis tilgjengelige på studentene sine mobiltelefonar. Det vi treng måle er om studentane er i stand til å finne og bruke denne informasjonen, ikkje om dei kan gjengi den på ein eksamen utan hjelpemiddel.

På den måten vil semesteroppgåver, eller eksamener, med alle hjelpemidde vera meir aktuelle vurderingformer. Og det er nok flerie enn meg som vil setje pris på å sleppe å tyde studentene sine kråketær på eksamensinnleveringane. Det er sjølvsagt utfordringar ved denne forma, og den største utfordringa er korleis ein skal utforme oppgåver som passar formatet. Samt, i mindre grad slik eg ser det, det stadig tilbakevendande problemet med juks.

Digital vurdering

Aha-oppplevinga på konferansen kom frå forelesinga til Petter Mathisen frå Universitetet i Agder. Han driv med noko så enkel og genialt som videofeedback på studentoppgåver. I praksis les han gjennom oppgåver frå studentene, understreker deler av dokumentet han ynskjer å kommentere, og deretter kommenterer han, og brukar Jing for å ta opp skjermen og stemma medan han kommenterer.

Dette er heilt genialt. Det tar lang tid å kommentere skriftlig, og studentane mine etterspør alltid meir grundig kommentering. Det er lettare å kommentere deler av dokumentet når du har det foran deg, og det gjer det og lettare for studentane å følge med på kommentarane. Når ein i tillegg veit at fem minutt snakking tilsvarer to og ei halv side skrift, er det vinn-vinn situasjon: ein får gitt bedre tilbakemelding og det tar mindre tid.

Dette likte eg så godt at eg allereie har prøvd det, og fått gode tilbakemeldingar frå studentane. Eg brukte det tidlegare nemnde Camasia Relay i staden for Jing, og sendte lenker til studentane med kommentarane via itslearning. 

Godt utbytte - men kor er pedagoane? 

Alt i alt var denne konferansen svært nyttig og inspirerande for min del. Det var snakk på twitter om denne konferansen burde vera årleg, og det er eg absolutt for. Det var ein overvekt av administrativt og teknisk personale på konferansen, det er i og for seg bra, men dersom det vert til neste år bør mange fleir med pedagogisk bakgrunn ta turen. 

Fordi: her snakkar ein om korleis ein forbedre læring samtidig som ein effektiviserer sitt eige arbeid. Kven er vel ikkje insteressert i det ?

mandag, september 03, 2012

Live Google + Hangout BI Bergen

Som ein demo av Google + sin Hangout-funksjon, har eg fått hjelp av John Holme, Morten Myrstad og Janicke Vindenæs Karlsen til å demonstrere dette live i klasserommet, og live på internett.

Videoen vil visast live under her når den tid kjem.

Det vert spanande!

Seansen gjekk bra, takk til alle som stilte! Men eg trur eg trykte på broadkast-knappen for seint, og derfor er nok seansen tapt for komande generasjonar. Eg får satse på at eg får det betre til neste gang.

onsdag, august 22, 2012

6 ting ein kan lære om sosiale medier av ein tatovør.


Eg starta nettopp opp kurset Sosiale Medier ved BI Bergen. Som eit eksempel i første økt brukte eg tatovøren Jimmy Duvall frå Invicus Tattoo. Ein ven av meg har brukt mykje tid under nålene hans i det siste, og eg starta dermed å følge Jimmy Duvall på Instagram. Denne kanalen er som skapt for tatovørar, ettersom tattoo-interesserte likar å sjå bilder av tatoveringar.

Om det ligg ein klar strategi bak bruken veit eg ikkje noko om, det verkar for meg som om det heller er ein organisk og naturleg tilnærming. For mange bedrifter er det ikkje naturleg å tilnærme seg sosiale medier, dei har litt å lære her.

Her er leksjonane:

1. Jamn aktivitet

I løpet av den siste veka er det iallefall eit par postar på Instagram (som vert posta vidare på twitter) pr dag. Mange bedrifter går hardt ut, men dabbar av etterkvart. Jamn aktivitet fører ofte engasjement.

2. Vis prosessen bak produktet

Skisser vert først lagt ut, og ein får seinare sjå dei ferdige tatoveringane. Dette er interessant, og fleire bedrifter kunne vist tilsvarande for korleis deira produkt vert utvikla.



3. Oppfordre til aksjon

Under skissene står det ofte at dei er "up for grabs" for dei som svarar først, slik at ein kan skaffe seg eit unikt design. Mange av følgjarane på Instagram er noverande og potensielle kundar,  ofte blir skissene fordelt i kommentarfeltet under det posta biletet. Oppfordrar ein til aksjon, vert engasjementet høgare. Det kan og føre til salg.

4. Bytte til rett kanal

Vi ser altfor ofte at bedrifter ikkje klarar å håndtere dei ulike kanalane. Sist var det eksempelet med Bohus, og tidlegare har eg opplevd det samme med Chess (som eg no trur har skjerpa seg). Når folk prøver å bestille timar hjå tatovøren, eller spørje om prisen,  via sosiale medie-kanalar, er han rask med å få til til å bytte over til mobiltelefon. Smart.

5. Kategorisering

Hashtags har etterkvart blitt utbreidd, først via twitter, men no og via fleire andre medier. Mange brukar hashtags for å oppdage innhald, og det er derfor smart å bruke dette. Tatovøren brukar hashtags som #tattoo, #coveruptattoo etc for å indikere kva for ein type tatovering det er, gjerne i tillegg til hashtags for motivet som #rose #heart etc. Hashtaggar kan misbrukast, men kan og hjelpe brukarar/kundar å finne relevant innhald.

6. Historieforteljing

Med både skisser og ferdige tatoveringar kan det følgje historier. Akkurat i denne bransjen er det utbreidd gjennom program som "Miami Ink" etc, sjølv om det ofte er svært sentimentale greier der. Eit godt eksempel på dette er då tatovøren posta ei skisse av ei bille, og det seinare viste seg at ein av følgarane samme natta hadde funne ei bille i senga og posta bilde av den, dette også på Instagram. Enden på visa var sjølvsagt at kunden med bille i senga endte opp med ei bille tatovert på foten.


Kommentarar?

fredag, april 20, 2012

SXSW III: Data is sexier than sex...?

Dersom du er interessert, kan du bruke heile SXSW til å høyre om, snakke om, og diskutere data. Jakten på ROI frå sosiale medier, visualiseringar, analyser og samankoblingar (mash-ups) av data frå ulike kjelder er heite tema. Men er data meir sexy enn sex?


Computer Love


Sjå der ja, der har eg fått inn referanser til sex i dei to siste blogginnlegga mine, antall visningar kjem til å skyte i været!

Eg likar data. Eg likar at dei kan sorterast, analyserast, framstillast i deilig info-grafikk. Under fjorårets SXSW gjekk eg og på ein del sesjonar rundt bruken av data. Så då eg såg denne overskrifta i årets program: "Data is sexier than sex.....and I'll prove it!" merka eg at interessen vart tent, og eg merka den straks av i programmet. Då eg endeleg stilte spent og klar på sesjonen i Texas, gjekk det ikkje lang tid før eg mista tenninga. Det hjalp ikkje at personen kalte seg "Data Rock Star" heller. Ho viste eit par tabellar og at tabellane kunne gjerast om til grafar på kart. Svaret var nei, dette var ikkje nok ho kunne bevise.

Hei hei store ulv!


Litt desillusjonert gjekk eg vidare i konferansesenteret, der eg så at sesjonen "Computation and its impact on the future" skulle til å starte. Eg merka meg at det var Stephen Wolfram som skulle halde sesjonen. Han står bak Wolfram Reserach, som har utvikla dei poplære verktya Wolfram Alpha og Mathematica. Sjølv har eg ikkje brukt Wolfram Alfa noko særleg, men eg har vener som skryt fælt av verktyet, så eg gjekk inn på sesjonen.

Er litt usikker på om Wolfram sjølv kan kallast sexy, det vert i så fall på ein britisk, tørr humor måte. Som ein geeky James Bond utan smoking, pistol og flott hårmanke. Men datatekket til Stephen Wolfram går dametekket til James Bond ein høg gong. Måten data vert manipulert, analysert og presentert med verktya hans - data er som smør i hendene på denne datasjarmøren. Dersom ein søkjer etter dishwasher på Wolfram Alpha får ein ikkje berre lista opp produsentar, kor mange modellar dei ulike produsentane lagar, og prisutviklinga, men og grafar over t.d. energiforbrukt, vekt, høgde, breidde fordelt på ulike modellar. Ein kan skrive inn namnet på eit firma, som Statoil, og få opp omsetning, talet på tilsette, grafar med utvikling i aksjekursar, samt ein del andre grafiske analyser av firmaet. Det er og mogeleg, i betalingsversjonen, å legge inn tabellar med data og få dei analysert på alle mogelege måtar.

Matematica er motoren som ligg bak Wolfram Alpha, og han demostrerte analyse av tabell ved å legge inn ein tabell over Facebook-venes sine. Desse vart automatisk gjort om til grafer med aldersfordeling, kjønnsfordeling m.m. Høgdepunktet, og øyeblikket han vart ein helt for meg, var då han viste ein grafisk framstilling av alle epost han hadde sendt sida 90-talet. Berre at han kom på å visualisere denne informasjonen gjer han eit geni i mine auger.

Kva så med framtida? Det Wolfram vil oppnå er lettare tilgang til data, og enklare verkty for å interagera med/analysere data. Enorme mengder data vert generert kvar dag, både i bedrifter, offentleg og privat. Enn så lenge er det få som fattar og klarar å finne meining i dei. Kanskje meininga med livet ligg i dataene? Det kan vi lettare finne ut med Wolfram Alpha og Matematica. Kanskje.

Musikk, EDB og data


Etter den inspirerande presentasjonen til Wolfram (som vart kåra til Speaker of the event) gjekk eg ut og tok meg eit par øl i solsteiken (det er ofte shorts og t-skjortevær i Austin i mars, og det må jo nytast!).

Neste sesjon handla og om data, om musikk og data: Data Mining Music. Data mining går enkelt sagt ut på å finne samanhengar, ofte uventa, i eit større datamateriale. Paul Lamere er supergeek på data, og på musikk. Dette kombinerer han med å grave i data og finne ut artige og nyttige ting om musikk. (her er presentasjonen hans)

Det vert generert mykje data rundt musikk. MP3-spelaren/telefonen/Spotify etc genererer data om kva songar du høyrer på, kor ofte du høyrer på dei, når på døgeret du høyrer på ulike artistar, kva du gjer før og etter du høyer ei bestemt låt m.m. I tillegg er det mykje data som er knytta til musikken som artist, sjanger, årstal for innspelinga, produsent, musikar, salgstal, radiospeling, listeplassering m.m. Overveldande greier!

Han starta med enkle analyser, som om bandnamn har vorte lenger med åra eller ikkje, før han gjekk vidare til å snakke om koblinga mellom artistar. Dette er noko som sjølv iTunes ikkje er noko gode på, for ikkje å snakke om Spotify sin radio, som gjerne puttar Elton John inn i min 80's heavy metal-radio. Bedre analyse av data kan gje bedre anbefalingar. Lamere stilte og spørsmålet: kven har mest lojale fans: Heavy Metal eller Dubstep? Eg var ikkje i tvil, men ved å sjå på talet på avspelingar delt på talet på lyttarar vart det bergensaktuelle In Flames som hadde dei mest lojale fansa med eit snitt på 110 avspelingar pr fan. Halvparten av banda på topp ti lista var heavyband. Yeah!

Gjennom eit par artige verkty fekk vi sjå at alle artistar er beslekta, gjerne nærare enn vi trur. På sida 6 degrees of Black Sabbath kan du sjølv prøve dette. Spotify-appen Boil the Frog (ein kan visstnok koke ein frosk levande, utan at den vil prøve å stikke av, dersom ein sit opp varmen gradvis) lagar spelelistar som tar dei frå ein artist til ein annan via andre artistar. Eksempelet hans var vegen frå smør-saksofonisten Kenny G til det brutale dødsmetallbandet Nile. Ein artig og kronglete veg, som og var innom Phil Collins! Ein kan ikkje bruke denne appen til Spotify utan å vera utviklar. Synd!

Vidare såg vi på analyse av innholdet i sjølve musikken. Ved å analysere tempo på låtar går det t.d. an å avsløre om trommeslagaren brukar klikk-spor eller ikkje. Analysen kunne og avsløre at Ringo Starr er ein rimelig stødig trommis, til tross for at han ofte ikkje vert sett på som det. Etterkvart gjekk det over til diverse verktøy som gjorde at ein kunne bruke ei låt som instrument, verkty for visualisering av musikk, og verkty for å "valsifisere" eller "svingifisere" kjente låtar.

Artig, men er det nyttig? Kva kan det brukast til? Bør ikkje musikarar lage den musikken dei føler for utan å ta omsyn til kva data seier? Kanskje dei bør det, men dei kan og få innsikt ved å analysere. Min favoritt musikar-geek Gisle Martens Meyer aka Ugress er iallefall svært opptatt av dette, og deler velvillig sine data-analyser av eigen musikk. Er du musikar og litt interessert i data musikken din genererer, er det mykje å læra her.

Så er data sexy?


Vanskeleg å konludere på det, må eg inrømme. Store mengder data er kult, og gøy å grave seg ned i. Med å bruke verktøy som Matematica/Wolfram Alpha, og bruke fantasien som Paul Lamere kan det hende at fleire og fleire lar seg pirre!

Det er lov å prøve seg på Sexy Data Tango.
(NB: teksten er muligens NSFW).

onsdag, mars 28, 2012

SXSW II: Hot for teacher?

Eg har hatt undervisning som jobb sidan 1996, og eg likar det. Ordet på gata er at undervisnings-bransjen er den neste som vert snudd på hovudet av digitalisering, etter musikk, film og bokbransjen. Nokon meiner den tradisjonelle forelesinga står for fall, andre meiner at den er ufeilbar. 


SXSWi er ikkje berre programmerings-nerdar, socialmedia-hipsters og Mad Men på fest. I forkant av konferansen er det ein eigen konferanse med fokus på undervisning; SXSWEdu. Ikkje så hipt som resten av SXSW, men eg vurderer å få det meg meg til neste år. Dei hadde iallefall ein frå Star Trek i programmet i år. Uansett, dei har og ein del sesjonar under sjølve SXSWi som er retta mot undervisning. Eg brenn for fagfeltet mitt, digital forretningsforståing, eg brenn og for formidling. Yrket mitt er høgskolelektor, og eg har tenkt å halde på med det ein stund, eg ser difor etter metodar som kan gjere læringseffekten for studentane mine optimal. Har tenkt mykje på dette: Er å stå og gjenfortelje det same, år etter år, verkeleg er til det beste?

How Technolocy is Killing (or Saving) the Lecture 


Journalisten Jeff Young tok i denne seansen utgangspunkt i boka Academically Adrift som tar opp at det er begrensa med læring som foregår i høgskular og universitet. Han starta med å vise videoen under, som innheldt litt synspunkt frå studentar:


Kva er då vitsen med å bruke mykje tid og pengar på høgare utdanning? Teknologien han meiner tar livet av forelesinga er:

  1.  Bruken av powerpoint og liknande verkty er, sjølv kor lite vi likar det, den største teknologiske nyvinninga innan udervisning på aldri så lang tid. Forelesar-karaoke kalla han det, og der skal eg inrømme at eg er skuldig. 
  2. Video. Fleire og fleire anerkjende skular som legg sine forelesingar fritt tilgjengeleg på nettet. Kvifor skal studentene høyre på meg, når dei kan sjå forelesinga til ein Harvard-forelesar på nett, når det passar dei? 
  3. Dingsar. Studentene er meir opptatt av nettbrett, smart-telefonar og andre datamaskiner enn forelesinga.
  4. Google og wikipedia. Alt som ein kan finne på å snakke om i ein forelesingssal er tilgjengelig for studentane heile døgeret, men kun eit par tastetrykk.
Kva er då teknologien som kan redde forelesinga? Jo, det er sjølvsagt den samme som kan ta livet av den: 
  1. Video. Ved å legge ut videoar med forelesing kan tida i klassen brukast til diskusjon. Khan Academy, og meir lokalt her i Bergen Elisabeth Engum er eksempel på dette.
  2. Dingsar. Eg sjølv såvidt prøvd ut "live avstemming" med Polleverywhere, der studentane kan stemme på ulike alternativ ved hjelp av web og mobil, og det funka bra! 
  3. Web 2.0. Her har eg og sjølv brukt blogging i klassen i fleire fag, med gode resultat. Tanken er her at studentene deler kunnskap med kvarandre. 

Den gale professoren som superhelt

Bilde frå www.facebook.com/plaidavenger
Alle treng heltar. Christian Brosstad frå Sparebank1 snakkar om det i sine foredrag, han har mellom anna Richard Branson frå Virgin og han der Voldemort med eple-produkta som heltar. Teiknaren Hugh MacLeod, som eg såvidt traff under SXSW, kallar sine heltar for "beacons", altså fyrtårn. Bortsett frå at eg hugsar Victor Normann sine forelesingar med glede frå tida som student ved NHH, har eg ikkje direkte heltar når det kjem til forelesarar. Ein helt for meg er Lemmy frå Motörhead; kompromisslaus i det han gjer, samtidig som han er intelligent og har respekt for tradisjonar og historie. Men no er eg kanskje på veg til  få meg ein helt i form av ein superhelt i ruta dress: The Plaid Avenger

John Boyer har store klassar, faktisk 3000 i slengen. Ikkje online, dette er 3000 studentar som stiller opp fysisk i forelesingane hans! Ikkje nok med det, pensum i faget (World Regional Geography) er laga i teikneserieformat med godaste Boyer som superhelten The Plaid Avenger, som flyr verda rundt, for studinene til å dåne (!) og som har ein romanse med kursassistenten sin Katie Pritchard (berre i teiknserien antar eg?). Og det går sjølvsagt an å kjøpe øl-glas med The Plaid Avenger (sjå nederst på sida). 

Dette er jo totalt galskap, og eg beundrar dei store visjonane, og ikkje minst dei store ballane ein må ha for å gjennomføre dette. Kanskje mine studentar og ville kjøpt halvliterglas med mitt bilete på? 

Uansett ser det ut til å funke. Forelesingane engasjerer, og studentane les gjerne ut heile pensum på kort tid, fordi dei vil og ikkje fordi dei må. Men korleis håndterer han studentmassen? 

  • Evalueringa i kurset er spesiell. Studentene får i starten av semesteret ei liste med oppgåver dei gjennomfører i løpet av kurset, den totale poengsummen som er mogeleg å oppnå er 1500 poeng, kravet til ein A er 1050 poeng. Det er ein del automatisk vurdering, men og utstrakt bruk av studentassistentar, slik at vurderinga er både kvantitativ og kvalitativ. Sjå (uklart) bilete under: 

  • Legg til rette for interaksjon mellom studentane i størst mogeleg grad, ettersom han då slepp å interagere så mykje med dei. Eksempel på dette er bruk av blogg, forum, og twitter. Ei av oppgåvene nokre studentar (150 trur eg) kan velje er å tweete som statsleiarar: Plaid Obama, Plaid David Cameron, Plaid Kim Jong-il (som er forbausande aktiv!)
  • Podcasten Plaidcast, der aktuelle saker blir tatt opp
  • Kontortid via Ustream, der han er på webcamera og svarar på spørsmål som kjem inn via chat.
  • Spelelister på turntable.fm (ikkje tilgjengelege utafor USA).
  • +++
Det er vel og kanskje verdt å nevne at han har hatt Skype-intervju med Aung San Suu Kyi

Så vidt eg kan forstå, er desse timane populære blant studentane. Dei er og populære i instituttleiinga, det må jo vera svært kostnadseffektivt! Og han er sjølvsagt upopulær blant kollegaene sine som både meiner at dette er tull og tøy og at det lagar urealistiske forventingar til seinare forelesingar. 

Ein svært inspirerande sesjon var det, og langt på veg er The Plaid Avenger ein helt for meg no, ettersom han gjer mange ting eg kunne tenkje meg å prøve, og viser at det går an å tenkje nytt innanfor denne tradisjonelle bransjen. Men på samme måte som eg hverken stiller meg bak eller prøver å gjennomføre same narkotika og alkoholkonsum som min andre helt Lemmy, er det ikkje alle metodene her som passar meg.

Og så til slutt;

Ein annan sesjon som i og for seg ikkje var så interessant, introduserte meg for omgrepet Learning Analytics. Business Intelligence (som eg og underviser i) går ut på at bedrifter måler "performance" i ulike deler av bedrifta, og baserer beslutningar på informasjonen dei då får. Eg har i liten grad tenkt på at nokon av desse prinsippa også kan brukast i handtering av studentar, men når eg tenkjer meg om ser eg at ein godt kan lage eit opplegg der dette iallefall kan brukast til ein viss grad. Her må eg berre tenkje, og gjere meir! 

Så, kva synes de om forelesar-superhelten? 

Er det noko her de kunne tenkje dykk å ta i bruk? Vil teknologien drepe den tradisjonelle forelesinga? Og kven er heltar for dykk? 




  

onsdag, mars 21, 2012

SXSW 2012, del I: Det er lurt å vera blid!

Så er SXSW over for min del for denne gang, og eg skal oppsummere litt i eit par bloggpostar. Det er merkeleg korleis sesjonar som står på egne bein får ny meining når ein ser dei i samanheng med andre sesjonar.

Sure Billy Corgan

På førehand hadde eg sett fram til seansen med Brian Solis. Han er det næraste ein kjem ein «Social Media-rockstar» med sitt svarte bakovergreidde hår, open skjorte og boots. Han skulle snakka om den nye boka si; The end of business as usal. Når det nærma seg konferansen viste det seg at seansen skulle vera ein samtale med Billy Corgan frå Smashing Pumpkins. Eg synes at det var stas, ettersom eg skal inrømme at eg vart litt bevega av musikken deira på 90-talet. Det er jo ein mann som har vore lenge i bransjen og kan dele litt innsikt. Eller?

Det viste seg at Billy Corgan var ein bitter gammal mann. Han har slutta å snakke så mykje mellom låtane på konsertar fordi utsagna hans vart tweeta og spreidd via andre sosiale medier, slik at han, heilt uforskyld meinte han, vart framstilt ugunstig. Han snakka om at folk måtte slutte å vera negative i sosiale medier, men heller vera støttande ovanfor artistar. Eg er jo ingen fan av negativitet, men er det noko sosiale medier skal vera er det ærlige og transpararente. Og viss Billy Corgan eller andre opptrer som usympatiske og arrogante er det jo dette som vert vidarformidla. Bedrifter og merkevarer kan ikkje lenger kontrollere ryktet sitt, men må forholde seg åpne, ærlige og respektfulle ovanfor kundene sine. Dette var ei verd som Billy Corgan ikkje ville forholde seg til.

Det vart hinta litt til at vi skulle få høyre noko om korleis Smashing Pumpkins skulle sleppe ny musikk. Å selge tilgang til det som etterkvart må vera rikholdige arkiv var ein modell som vart presentert, men når det gjaldt framtidige utgjevnader fekk vi eit generelt svar: «Artistar må skape sine eigne verder». Dette er jo ikkje noko nytt musikalt, og noko Smashing Pumpkins er gode på, og at ein må inkludere nye medier i denne verda er vel heller ikkje nokon bombe.

På veg ut av salen fekk vi høyre «Bullet with butterfly wings» av Smashing Pumpkins, der Billy syng: Despite all my rage I am still just a rat in a cage. Svært aktuelt for sesjonen!



Tjukk og blid!

Eg likar filmane til Kevin Smith, (enno ein helt frå 90-talet) og gleda meg derfor til sesjonen «The Business of Kevin Smith». Når sant skal seiast var ikkje business-fokuset så sterkt, det var meir ei blanding av stand-up og motivasjonsforedrag. Det visar seg at han i første rekke følger sine visjonar, og deretter er flink til å lytte til sitt publikum, og på den måten etterkvart oppdagar nye forretningsområder. Den første filmen hans Clerks kom ut i 94. På dette tidspunktet visste han ikkje kva internett var, men ein fan hadde laga ei fan-side for filmen, og denne fansen fekk etterkvart lage ei offisiell side til filmen. Smith starta allerie på denne tida å kommunisere med sine fans via diskusjonsforumet, og har fortsett dialogen gjennom digitale medier fram til dags dato.

I dei seinare år har han vore aktiv på sosiale medier, både med podcasten sin Smodcast som etterkvart gav god inntening gjennom liveopptreden (og litt spesielle sponsoravtaler (NSFW!)) og spesielt på twitter, der han skapte velfortjent (?) storm mot Southwest Airlines som kasta han av eit fly fordi han var for tjukk.

Enten han lagar film, podcast, twitrar eller opptrer live: Kevin Smith er ein god historieforteljar med noko på hjartet. Christian Brosstad skriv i denne bloggposten etter SXSW at mediet ikkje er viktig, men det å ha ei god historie er. Det stemmer godt med suksessen til Kevin Smith!

Filosofien han er personlige relasjoner først, og deretter å la businessen utvikle seg naturleg ut frå det. Hovudbudskapet han kom med som avslutning var at han berre var ein vanleg mann, og at alt han har fått til og kan oppnås av kven som helst. Sympatisk fyr!

p.s. Videoen under er NSFW.



Superblid!

Daria Musk er ein artist som fram til for eit halvt år sida var totalt ukjend, men som har vokst enormt i omdømme i takt med tenesta Google +. Ho var tidleg ute med å bruke «Hangouts», videokonferanser, til å interagere med fansen. Dette har skaffa ho mange fans, mykje merksemd, eit samarbeid med Google, oppdrag som foredragsholdar for det prestisjetunge TED Talk m.m. Ho klarar verkeleg å komme opp med gode idear, ein av dei beste (eller galaste) var å feire nyttår med fansen i alle verdas tidssoner ved inngangen til dette året!



Si eiga verd

I sesjonen "Birth of Interactive entertainment: Avatar to Björk" snakka Scott Snibbe om korleis han laga appen til albumet Biophilia av Björk. Eller er det meir rett å seie at appen er albumet? Snibbe viste at inspirasjonen for det visuelle er tatt frå abstrakt animasjon over dei siste hundre åra, noko som i seg sjølv er fascinerande. App-albumet er meir enn animasjonar til musikken, dei to delene er nært integrert og interaktive, slik at lyttaren sjølv har stor innverknad på korleis både musikken og det visuelle utviklar seg. Skikkelig flotte saker, dersom eg hadde vore brukar av Apple-produkt ville eg kjøpt dette albumet tvert!




For å oppsummere er nøkkelen til suksess å ha ei god historie å fortelje, skape ei eiga verd (kanskje ein og kan kalle det for ein plattform), og vera open for ny teknologi. Så får vi vente og sjå om Billy Corgan òg kan leve opp til dette.

Fleire gode norske bloggar om SXSW finn du her: Gambit bloggen, Fredrik Johnsen, Sindre Holme, Erik Eskedal, Marianne Otterdahl-Møller og Thomas Olsson.




fredag, mars 02, 2012

Kort om lytting og info-filtrering i Sosiale Medier

Denne oversikta er laga i samband med faget ELE3707 som eg underviser ved BI Bergen, men kan og vera til nytte for andre interesserte.

Twitter:

For dei som er ukjent med Twitter har ei gruppe tidlegare studenter laga denne oversikta. Etterkvart som ein følgjer mange på Twitter vert det mange statusoppdateringar å halde greie på. Då kan det vera greit å dele inn dei ein følgjer i ulike lister. Dersom nokon sender melding til din twitterbrukar (ved å inkludere @dintwitterbrukar i meldinga) bør du svare, iallefall dersom meldinga er seriøs og spesielt dersom du er eit firma.

RSS:

Her brukar eg Google Reader. Ein abonnerer på bloggar, aviser etc ved å finne symbolet for RSS, klikke på det og legge straumen til i Google Reader eller ein annan RSS-lesar.

Tips for Google Reader:

  • Det vert fort mykje informasjon, det kan derfor vera greitt å organisere straumane i mapper
  • Dersom du brukar nettlesaren Google Chrome kan du legge til PostRank direkte i Google Reader ved å installere dette tillegget til nettlesaren. PostRank rangerer blogginnlegg på ein skala etter kor mykje sosiale aktivitet blogginnlegget skapar. Eit godt triks for å finne opinionsleiarar.
  • RSS-feeds kan lagast av så mangt. Klikk på "Browse for stuff", velg deretter arfana "Search". Her kan du til dømes legge inn eit twitter-søk på eit bestemt stikkord, og få resultata presentert direkte i Google Reader. 
  • Det kan og vera ein ide å abonnere på Google-søk. Etter å ha søkt på eit nøkkelord, kan ein i menyen til venstre sortere søkene på Diskusjoner, Blogger, Nyheter, Bilder m.m. Går ein til bunnen av søket, kan ein enten abonnere direkte på RSS av søket (dette gjelder Blogg-søk), eller i nokre tilfelle opprette eit Google-Alert for søket. Eit Google-Alert kan ein få levert enten til e-post, eller som ein RSS-feed som ein kan setje inn i Google Reader. På denne måten får ein oppdateringar i Google Reader kvar gong nokon bloggar om, eller diskuterer, søkeordet ditt. 
  • Google Alerts kan også lagast direkte frå Google Alerts sida
Sjå eller denne gode guiden av Bente Karlsnes om temaet. 

Hootsuite:

Hootsuite er eit panel (dashboard) for sosiale medier. Den kan overvåke fleire sosiale medier samstundes, som Twitter, Facebook, Facebook sider, Linkedin, Myspace (!), Wordpress + eit par til, og Google + vil og verte støtta snart. Grunnen til at eg brukar denne er at det er ei rein nett-teneste, det vil seie at eg kan bruke tenesta på alle einingar som har nettlesar. Den har og ein grei app for smart-telefoner, der du kan setje opp varsel for ulike hendingar, t.d. dersom nokon sender deg ei melding, eller nevner eit av søkeorda dine i ein tweet. 

Du kan i dette panelet overvåke fleire ulike twitterkontoar på ein gong ved hjelp av kolonner og arkfaner, og du kan gje fleire brukarar tilgang på dei samme sosiale nettverka. Det er og mogeleg å lage eigne kolonner for søk på nøkkelord, og sjølvsagt også å skrive og sende oppdateringar til dei ulike Twitter/Facebook etc -kontoane du har sett opp. 

Ein annan nyttig funksjon som Hootsuite gjer deg tilgang til er statistikkar. Der kan du til dømes finne ut kva slags meldingar som generer mest trafikk til lenkene i meldinga, kor folk oppdagar meldingane, kva land dei kjem frå o.s.b. Dette er nyttig for å kunne finne ut kva slags type meldingar som engasjerer mest! I betalingsversjonen kan ein og få tilgang til Facebook Insights og Google Analytics


Andre tips eller erfaringar med overvåking av sosiale medier?

God lytting!