Sider

torsdag, desember 11, 2008

Den Brune M&M-rideren til Van Halen!

Eg har i årevis fortalt studentane mine om Van Halen sin rider der dei ber om å få M&M men "ABSOUTELY NO BROWN ONES". No er heile rideren å finne på nett her.

Og, langt viktigare for meg, er at eg fekk ei flott lita datter på mandag, som allereie har fått namnet Aurora!

fredag, desember 05, 2008

Electric Eel Shock - Limited Edition

Som aksjonær i den nye plata til Electric Eel Shock, får eg 10 limited edition eksemplar av plata i første delen av 2009. Nokon som er interesserte i å kjøpe eit eks?

onsdag, desember 03, 2008

Crowdsourcing II

Eg har tidlegare skreve om Crowdsourcing i musikkbransjen, og no er Google på banen, eit heilt symfoniorkester skal rekrutterast gjennom Youtube. Noter og video av dirigenten ligg ute på Youtube, og prøvespelinga skjer (sjølvsagt) ved at håpefulle musikarar lastar opp video av seg sjølv.
Dette er interessant av fleire grunnar, men først og framst at Google her produserer eige innhald til Youtube, som er basert på at brukarane genererer innhaldet. I det siste har Google produsert Youtube Live-showet, og inngått avtalar med skaparen av Family Guy, Seth MacFarlane, og film og tv-studio som MGM, CBS og Lions Gate. Er dette døden for den Youtube vi kjenner?
Det er ikkje rart at slike avtalar vert inngått, det er knappast nokon hemmelegheit at Youtube og andre WEB 2.0 aktørar slit med å tene pengar.
Monty Python er og ein av aktørane som no har oppretta ein eigen Youtube-kanal, i håp om å kunne få litt pengar igjen for all morroa vi har hatt med dei gamle klippa deira på Youtube.

Det er mykje fornuft i humor.

tirsdag, november 18, 2008

Apple - kom igjen.....

Apple har på mange måtar laga ein fin dings med iPhone og iPodTouch. Men, kvifor skal dei vera så vanskelige? Klart, dansar du etter deira pipe er jo alt greit, og det er det dei vil. Men, det lukka, kontrollerte systemet dei legg opp til er direkte forbrukar-uvennlig. Ein populær teknologi som Flash, som 98% av verdas pc'er støttar, vil etter alt å døme aldri kome på iPhone. I tillegg har det vore fleire kontorverser rundt sensur og problem med program som vert seld på iPhone AppStore, seinast med Google sitt stemmesøk-program.

I ein tidlegare blogg har eg og referert til at Apple sitt lukka system stenger ute 3 milliardar potensielle iPhone-brukarar. Eit ope system kunne faktisk gjort Apple til bringar av informasjon til folket, og dermed minska kunnskapsgapet i verda. Det må jo kunne bety noko?

fredag, november 14, 2008

NRK: Podcast med musikk!

NRK har inngått avtale med TONO om å kunne podkaste radioprogram med musikk. I tidlegare podkasta program vart musikken fjerna, men no skal dei kunne nytast slik dei vart sendt. Dette er ein avtale som vekker oppsikt på internasjonalt nivå, blant anna BBC skal vera interesserte i å sjå på avtalen.
Dette er vel og bra, men det er kanskje litt seint ute? Det ser ut til at folk flyttar frå einingar med stor lagringkapasitet som iPod til einingar med mindre lagring som iPhone, så då er kanskje eit godt utbygd bibliotek der ein kan streame programma eit bedre alternativ? Det ser ut til at ein få dette iallefall for dei siste vekene. Dersom meir arkivmateriale vert tilbydd på denne måten vil det vera eit framsteg.

Eg ser for meg at eg i pensjonstida, sitjande på stranda, startar med Pyro program 1 og høyrer meg gjennom heile serien!

onsdag, oktober 29, 2008

Nedgangstider: Gode tider for kultur?

I følgje The Guardian er vi rett på vei i skikkelige nedgangstider, ettersom AC/DC er på topp! Dei mest solgte albuma til AC/DC har tradisjonelt sett falt saman med nedgangstider i versøkonomien. Det er kanskje då vi treng dei mest? Ein artikkel i Fast Company omtaler at nedgangstider ofte fell saman med gode tider for filmskaparane i Hollywood.
Så, eg ser fram til god musikk, gode filmar og generelt god kultur her i Noreg og no framover. I dårlege tider er det statstøtte til kultur som minkar først, så då er det lov å håpe på at artistar med noko på hjarte kjem fram i lyset, i staden for desse prosjekta som er konstruert for statsstøtte som det fins så altfor mange av for tida?

mandag, oktober 27, 2008

Hello Afrika - Tell me how you're doin'!

Det er mykje snakk om "emerging markets" for tida, og sjølv om det for det meste er snakk om Austen, Russland og Sør-Amerika, er og deler av Afrika rekna med blant desse.
I ein interessant artikkel om mobil-bruk i Afrika vert bruken skildra: God spreiing av mobil-telefonar, 90% brukar kontantkort, kontantkort fungerer som bank-kontoar (ein kan overføre pengar mellom kontoar og til om med ta ut kontantar frå kontant-kort (det høyrdes faktisk ganske logisk ut)), og bruken av WAP, altså nett-tenester via mobil, brer om seg.
Afrikanarane hoppar galant (?) over både fastlinje-telefoni, fastlinje-breiband og både stasjonære og portable datamaskiner. Mobiltelefonar, der Nokia har nesten heile marknaden, og HSPDA datakommunikasjon i mobilnettet erstattar både maskinar og wifi-hotspots.
Ein skulle tru at iPhone ville passa profilen på Afrikanske brukarar svært godt, men dette sitatet forklarer at dette ikkje er tilfelle:
In areas such as Africa, India, and China, iPhone sales are not strong. This means you have 3 billion people who are overlooking Apple's iPhone. The iPhone has been effective in advancing usability in the mobile phone industry through competitiveness, however, the platform is too closed off for many customers in emerging markets.
Uansett, spanande om 80% av verdas folk; dei som ikkje har tatt i bruk internett enno!

fredag, september 26, 2008

Norske iTunes-killers?

Fleire norske aktørar vil no prøve seg i marknaden for lovleg nedlasting av musikk. Tidlegare i haust var det NRK som kunngjorde at dei vil selge nedlastingar frå det store arkivet sitt, i dag kunngjode Telenor og Platekompaniet at dei saman skal verte "større enn iTunes" i Noreg.

Kan nokon av dei lukkast?

For det første ser det ut til at begge ikkje skal ha DRM på musikken, og det er eit absolutt pluss.

Dersom NRK får ein avtale med artistane som har rettar til musikken i arkivet, vil dei utvilsomt ha ein del gullkorn der dei vil vera aleine om, så det er mogleg at dei ender som ein slags nisje-butikk for litt obskure og gamle norske ting, og det skal det kunne gå an å få til.

Når det gjeld Telenor, så eg var på lanseringa til nedlastingstenesta til Djuice under by:Larm i Bergen 2004, der sa dei på ramme alvor at i framtida ville det verte vanleg å betale ein lisens for å spele musikk på telefonen, ein lisens for bilen, ein for pc etc. I tillegg ville det på den tida kosta ca 100 kr i datatrafikk å få lasta ned ein låt til 15 kr. Heldigvis fekk dei ikkje rett, og det som talar til fordel for denne alliansen er at Platekompaniet har erfaring med å drive musikkforretning. Reknar med at det skal satsast tungt mobile einingar, så det kan verte spanane å sjå kva for ein forretningsmodell dei vel for det. Ulempa er at dei må konkurrere med utanlandske tenester som t.d. den glitrande 7digital.com, og etterkvart som prisane vert pressa spørs det om dei kan drive stort nok til at iallefall rein nedlasting til pc kan svare seg.

No etter dei store plateselskapa har droppa DRM, vil vi nok sjå flerie som prøver seg (igjen!) på denne marknaden. Men det spørs om ikkje gratis er den rette forretningsmodellen for musikk i framtida.

onsdag, september 24, 2008

Google Android HTC Dream

Eg var i utgangspunktet spent på den nye T-Mobile G1, utan at eg heilt skjønar kvifor no. Det er jo berre ein telefon, og den er tydeligvis mynta på iPhone-fansen, utan at den heilt kan klare å måle seg mot den. HTC har mange fine telfonar, og Windows Mobile, (med 12% markedsandel mot iPhone sine 2,8%) funkar heilt greit for meg. Strategisk er det jo spanande at Google set merket sitt på maskinvare, og at platformen skal vera open, så det kan jo bli artig etterkvart når fleire telfoner støtter dette systemet.

Men, personlig likar eg tastatur på telefonen!

Oppdatert: Her er ein interessant kommentar til Google-mobilen.

tirsdag, september 23, 2008

Media Futurist Gerd Leonhard

Eit ekstremt bra tiltak av BRAK i går, å få tak i Gerd Leonhard til å halde eit lite semniar om digital distribusjon i Bergen i går. Hovudbudskapen hans var at dersom du legg tid og krefter inn i nettverksbygging rundt bandet ditt, er det drøssevis av verkty på nettet du kan bruke til din fordel. Eg fekk og sjansen til å slå av ein prat med han etterpå, det har ein hyggelig fyr, samt det er alltid kjekt å snakke med nokon som er like nerdete som meg på det området.
Prestentasjonen frå i går kan lastast ned frå bloggen hans: www.mediafuturist.com og den siste boka hans er gratis tilgjengelig som pdf på www.music20book.com. Interessant og inspirerande lesing for både musikk og nett-nerdar.

tirsdag, mai 20, 2008

Napster lanserer DRM-fri nedlastingsteneste

Napster lanserer nedlastingsteneste med 6 millionar spor, utan DRM! Dette slår glatt iTunesMusicStore sin 2 millonar DRM-frie spor. Jaggu på tide! Dersom nokon no kan sette opp kvaliteten på spora, skal du sjå at folk handlar.

søndag, mai 18, 2008

Viktig norsk rockehistorie (nesten) gratis, del II!

Alle platene til legendariske Lost at Last kan no lastast ned, i god mp3kvalitet, for kun 5$ pr album. Gå til sidene http://cdbaby.com/all/lostatlast og svi av litt plastkort!
Og gratulasjonar til gitaristen Mr Heinemeyer, som nettopp har fått sitt 3 barn, Maria!

Eit par postar til bloggen er under arbeid, og det trur eg kan verte bra.

onsdag, mars 12, 2008

Viktig norsk rockehistorie, gratis!

Sick Little Label, som på 90-tallet gav ut eit par gode undergrunnsband frå Bergen, er no på bana igjen som download-label. Det betyr at du kan laste ned svisker frå band som The Swamp Babies, Stratosgutane, Syv m.fl. heilt gratis, med godt samvit! Labelen brukar Creative Commons lisens (klikk og les meir dersom du ikkje veit kva det er for noko!).

Uansett, masse godbitar her å kose seg med. Frå ein tid er rock frå Bergen var skikkeleg EKTE.

Sick Little Label.

mandag, mars 03, 2008

NIN slår til igjen.

I staden for å sutre, som mange artistar gjer på grunn av folk lastar ned musikk utan å betale (Thomas Dybdahl t.d. må jo ha inspirasjon til drøssevis av sutreplatene sine berre på grunn av dette) lanserer no NIN eit instrumentalalbum i mange ulike format, distribuert i ulike kanalar og med ulik prising. Alt fra gratisversjonen av dei 9 første låtane, som kan lastast ned via thepiratebay, til den ultra-eksklusive versjonen til 300$.

Det er berre å ta av seg hatten. For å oppsummere:

- Alle filene, til og med gratisversjonane, er i høg kvalitet og fri for DRM. Smart. Dersom filene først skal flyte rundt på nettet, kan det like godt vera gode versjonar som let bra.
- Dei brukar blant anna thepiratebay.org, av mange sett på som ein av hovudfiendane til musikkindustrien, til å distribuere platene sine. Smart. Etterspurnaden var større enn servarkapasiteten NIN kunne tilby, så å la dei som lastar ned å dele frå sine maskiner lettar distribusjonen.
- Dei oppmodar brukarane til å dele filene med så mange som mogeleg, og seier at dei utan tvil nok vil finne resten av albumet der og. Men, dei oppmodar dei som likar musikken om å sjekke ut dei offisielle sidene til plata der ein digital versjon kan tingast for 5$ og der fysiske versjonar og kan tingast. Ingen fy-fy, inga kjefting, berre venlege oppmodingar. Smart!
- Alle dei fysiske versjonane av utgjevinga gjer tilgang til alt materialet med ein gong i digitalt i tillegg. Smart. Du kan lytte til musikken medan du ventar på at posten skal halde deira del av avtalen.
- Til og med gratisversjonen innheldt 40-siders booklet. Stilig.

Og på ein måte kan vi kanskje takke gode gamle Johnny Cash for deler av dette? Innspelinga hans av NIN-låta "Hurt" har gjort den låta til ein av dei mest kjente låtane i dette årtusen. Det kan umogleg ha gjort skade for hovudmannen Trent Reznor sin økonomi.

Men det er ingen tvil om at han fortener det.

mandag, januar 14, 2008

Meg og Trent...

Trent Reznor frå Nine Inch Nails støttar argumetet "mitt" om avgift på internett-tilkobling for å kompensera for nedlasting. Les artikkelen her.

lørdag, januar 05, 2008

Do or do not, there is no try.

Startar med dette opp igjen bloggen min her stort sett for skrivetreninga sin del. Grunnen til dette er at eg igjen er ute med ein kronikk i BT: Sauer, ulvar og pirater der eg kommenterer ein del ting om nedlasting av musikk og artistforbundets (der eg sjølv er medlem) håplaust reaksjonære utspel mot Unge Venstres forslag om å legalisere fildeling til privat bruk.

Ellers er det ein del ting som gler meg i det nye året, som at Sony endeleg ser ut til å fjerne DRM frå musikken dei sel online. Dette vil knekke Apple sitt defacto monopol på sal av online musikk via ItunesMusicStore, men kan slik eg ser det vera til fordel for dei ettersom dei allereie har mange brukarar samt at no vil det gå an på ein lettare måte for alle som ikkje har eit sjukt kjærleiksforhold til dingsar med eple på å bruke musikken på sine eigne spelarar.

Ein annan ting som gler meg er at mine gamle heltar Judas Priest skal spele i min heimby Bergen i sumar. Screaming for vengeance! Ellers har mitt elsk/hat-forhold til å spele i band definitivt etablert seg i hat-leiren for ein stund. Ein vert aldri for gammal for rock eller for å spele rock, men eg er definitivt for gammal for bullshit!

Til høgre i bloggen vil eg legge linkar av interesse med ujamne mellomrom (men oftare enn blog-innlegg), stort sett om dingsar, teknologi, musikk og andre artige ting.


You've got another thing coming....