Sider

onsdag, mars 24, 2010

Facebook-annonsering: Erfaringar III

Facebook-annonsering: Erfaringar III

Den 15 mars sette eg annonsene på pause, for å finne ut noko om naturleg tilgang på tilhengarar utan reklame. Tala er lette å finne, det var 363 tilhengarar den dagen kampanjen stoppa, og pr i dag (21 mars) er det 272, altså ein auke på 9, organisk. Men, eit eksperiment er som dei fleste forskarar kjenner til, vanskeleg å gjennomføre utanom i laboratoriet. Blant anna har bandet gitt ut ein video på nettet nettopp den 15 mars som det vart litt blest om fordi den er sensurert av YouTube, så det kan ha kome nokre tilhengarar den vegen og. 

Iallefall - Kampanjen kosta oss 171,9 kroner, dette gav oss til saman 94 nye tilhengarar, så prisen pr nye tilhengar i perioden er kr 1,84. Dersom vi trekkjer frå ca 10 tilhengarar pr veke, som ville kome uavhengig av kampanjen, ser vi at vi har 45 direkte tilhengarar frå kampanjen og 26 indirekte tilhengarar av kampanjen. Altså kan ein legge til ca 50% i tillegg til dei som klikkar på annonsa og vert fans den vegen.

Så kan ein diskutere potensiell verdi av fans. Er ein tilhengar som ikkje kjenner bandet, men som har oppdaga dei gjennom annonsa og deretter vorte tilhengar av bandet fordi han likar musikken, meir tilbøyeleg til å bruke pengar på plater, konsertar etc enn ein tilhengar som allereie er venn av ein eller fleire medlemmer av bandet og set seg som tilhengar for å vera grei? (NB! Det aktuelle bandet er underrepresentert på Facebook, ettersom berre to av fem medlemmer har profilar der). Det er sanneleg ikkje godt å seie.

Rapportar:

Til kvar kampanje høyrer det til 4 standard rapportar, som skal hjelpe annonsørane å forstå kva som fungerer i kampanjen. Dette er rapportane:

Responder Demographics: Viser visningar og klikk pr land, og fordelt på aldersgrupper. Noko overraskande er det kun i Storbritannia og i USA folk klikkar på annonsene. Det kan vera fordi annonsa er på engelsk. USA er ein bra marknad for oss kan det verke som, 50% av visningane var i USA, og over 80% av klikka, med ein klikkrate på 0,328%, som er ein del høgare enn 0,20% som er snittet i kampanjen. Så dersom vi hadde fokusert utelukkande på USA ville vi fått betre uttelling. Og så ser det ut som at vi burde differensiere språket i annonsa, til og med i Storbritannia. Det kan jo og hende at dei i dei andre landa ikkje er interesserte i vulgær rock. I tillegg viser det seg at det helst er menn som klikkar på annonsene, det kan ha noko med at det er mest menn som likar nøkkelordbanda. Spesielt menn mellom 35 og 44, 10% av annonsene vart vist til det segmentet, men dei stod for over 35% av klikka. Så annonsa var definitivt ikkje noko for kidsa. Det hadde vore interessert å vite om den eldre målgruppa klikkar meir enn den yngre, generelt sett.

Brukarkontoar som svarte (crowdsourcing av oversetjing fører til variabel kvalitet !): Den viser kva slags interesser dei som har klikka har. På topp over banda klikkarane likar står Clutch med god margin, ettersom reklamen er retta mot Clutch-fans skulle det berre mangle. Resten av plassane på den lista inneheldt dei store rockebanda som Black Sabbath, Pink Floyd, Metallica etc, og bandet Down som vi har med som nøkkelord kom på 8 plass. To av dei andre banda som er nøkkelord i kampanjen, C.O.C og Fu Manchu er ikkje på lista, så det var muligens bom. Dei fleste av dei som klikka hadde Pulp Fiction som favorittfilm, og Family Guy som favoritt-tvserie. Begge er svært populære, så det er tvilsamt at alle som er tilhengarar av dei vil verte tilhengarar av bandet. 

Conversions by conversion time: Fortel at 75% vert tilhengarar innan 24 timar etter at dei har klikka på annonsa, men at resten faktisk vert tilhengarar direkte etter å ha sett annonsa.

Conversions by impression time: Denne rapporten fortel at det er flest som vert tilhengarar på torsdagar. Det er tydelegvis ein god dag for rock.

Alt i alt vil eg seie at denne forma for annonsering er rimeleg effektiv i forhold til prisen. Ein auke i tilhengarar kan føre til framtidige salg (sjølv om det er umogeleg å seie kor mykje), det tar seg bra ut med fleire tilhengarar og dette kan vera eit argument i forhold til evt avtaler om spelejobbar management etc. 

Så foreløpig er dette eksperimentet avslutta. Eg var nettopp på eit google-seminar om bruk av Google Ad-words, så den neste utfordringa vert kanskje: Går det an å oppnå platesalg gjennom bruk av Google Ad-words, og svarar det seg?

 





fredag, mars 05, 2010

Facebook-annonsering: Erfaringar II

Facebook-annonsering: Erfaringar II

Etter snart ei veke med annonsering, er det klart for eit par kommentarar og tal. Etter eg låg til ei større målgruppe (sjå forrige post) har tala endra seg litt, men ikkje så mykje. Klikkraten er no på 0,25%, ned frå 0,27%, men prisen har og gått ned frå 1,51 kr pr klikk til 1,25 kr pr klikk. Dette har eg enno ikkje funne ut av, eg veit at det er eit auksjonsprinsipp men skjønar ikkje mekanismen som set prisane. Eg veit at på Google Adwords betalar vinnaren budet til den nest høgste bydaren på søkeordet, det er kanskje noko av det samme her? 

Det som det går an å seie noko om iallefall er prisen for ein tilhengar. Ved å samalikne talet klikk på annonsa med talet nye tilhengarar, får eg no eit forhold på 73%, altså vert 73% av dei som klikkar seg inn på sidene tilhengarar av bandet. Eg kan ikkje skjøne noko anna at dette er eit svært høgt tal som ein må vera nøgd med. Det bør nok justerast litt ned med tanke på at det nok kjem til nye tilhengarar som ikkje har sett annonsa, og enno mindre opp ettersom det og fell nokon frå i tilhengarskaren. 

Basert på tala eg no har kan eg rekne ut at prisen for ein fan er 1,71 kr, og at for å vi for å få 1000 nye fans må rette annonsa mot ei målgruppe på litt over 555000. Ettersom gruppa no er på "berre" 96220, som potensielt kan gje oss 175 nye fans totalt sett, prøver eg å utvide det geografiske området, men det resulterer kun i ein auke på 7000 i målgruppa, så eg må prøve noko anna. Dersom eg legg til "Led Zeppelin" i nøkkelord aukar målgruppa til 1,7 millionar, "Black Sabbath" aukar målgruppa til like over 400 000. Eg går for "Black Sabbath, og reknar egentlig med at det vil senkje klikkraten noko. Spanande!

Under er nokon av tala oppsummert i ein tabell:

Kampansjestart, tal på fans27.02.2010269
Tal på fans pr05.05.2010304
Talet på nye fans35
Talet på klikk48
Konverteringsrate72.92%
Gjennomsnittlig CPCNOK 1.25
Gjennomsnittlig kost pr fanNOK 1.71
CTR0.247%
Naudsynt målgruppe for å få 1000 fans555,234

mandag, mars 01, 2010

Facebook-annonsering: Erfaringar ette...

Facebook-annonsering: Erfaringar etter 2 dagar



Sidan eg satt opp annonsa for St Satan på laurdag, har det annonsa vore vist 4903 gonger, og har generert 13 klikk. På den tida har talet på fans på sidene auka med 9 (frå 266 til 275) og det betyr enten at ein del har lest forrige post, som vart posta på sidene til både Gramart og Norsk Artistforbund, eller at dei fleste som klikkar på annonsa har vorte fan av bandet, eller ein kombinasjon. Har ikkje funne ut korleis eg evt kan måle dette, men det er iallefall klart at vi betalar for klikk og ikkje for tilhengarar. CTR (talet på klikk pr visning) er 0,27%, etter det eg kan finne ut er snittet 0,01% - 0,05% så det er jo bra! Det kan tyde på (men det er jo klart for tidleg å seie noko om) at både annonsa og segmenteringa var bra.
Kostnaden pr klikk, som i utgangspunktet vart sett til 3,91 kr kom på 1,51 kr sålangt. Facebook forslår for meg no at eg byr 0,72 til 0,89 kr pr klikk. Dette skjønar eg ikkje heilt, og forklaringa i hjelpesenteret gjorde meg ikkje så mykje klokare:

Why is my average cost per click or CPM less than my maximum cost per click or CPM? How does Facebook determine my cost per click or my CPM?
.
For any given ad unit, we select the best ad to run based on the cost per click or cost per thousand impressions and ad performance. We have a process in place that will automatically calculate the minimum price that the advertiser could pay and still have the highest cost per click or CPM ad, and the advertiser will only be billed that price. This price may be below the advertiser’s maximum cost per click or CPM. Because we lower the cost per click or CPM on your behalf, we recommend that you enter your true maximum cost per click or CPM when creating an ad. This will increase the likelihood that you do not miss out on clicks or impressions that you otherwise could have received.

Ok, så dei tar betalt for mindre enn det eg er villig til å betale? Er det god butikk? Foreløpig lar eg prisen eg sette i utgangspunktet stå.

Dei relativt gode resultata sålangt gjer at eg legg til USA og Canada og stakkarane mellom 45 og 50 til målgruppa mi, og legg til nøkkelordet "Corrosion of Confirmity", som er eit anna band i samme sjanger som St Satan. Målgruppa auka no til 96 220 (og innerst inne blussar det opp ei lita flamme), og det nye forslaget til CPC er 3,44.

No er eg spent, følg med!