Sider

fredag, mai 06, 2011

FRP vs SV vs SM (sosiale medier)

Eg gjorde min debut som ekspert på sosiale medier på Vestlandsrevyen i går. Klippet kan du sjå her. I samband med dette sette eg meg godt inn i den aktuelle saka, som gjekk ut på at leiaren i Sogn og Fjordane FRP posta følgjande på Twitter:


Lenka i meldinga går til ei sak der ein russ er mistenkt for valdtekt. Norvall Nøringset (SV) meiner at dette utsagnet er "flåsete, uheldig og useriøst".

Tida på skjemen gjekk fort, og eg hadde førebudd ein del momenter som ikkje kom med i innslaget som eg no vil dele:

Er det lurt for ein politikar å uttale seg slik?

Det eg meiner er kritkkverdig her, er å lenke utsegna med ei pågåande straffesak, der det potensielt er uskuldige involvert. Utsagnet er og folkeleg formulert, og det må ein meine kva ein vil om. Uansett, når ein framstår på Twitter framstår ein både som seg sjølv, ein privatperson, og i større eller mindre grad som representant for arbeidsgivar eller liknande. Alle politikarar framstår i stor grad som representantar for partiet sitt i sosiale medier, og Frp-bakgrunnen på @fwdjuvik sin twitter-profil utelet einkvar tvil om det i dette tilfellet. Det er godt mogeleg at den folkelege formuleringa i dette tilfelle vil treffe partiets velgarar, utan at eg er nokon politisk kommentator. I tillegg uttaler Per Arne Olsen, nestleiaren i Frp, at utsegna er heilt på linje med Frp sin politikk. Så dersom ein ser bort frå koblinga til den konkrete straffesaka følgjer twitter-meldinga det som skal gjerast: representerer både partiets og privatpersonens syn, og snakkar til målgruppa på ein måte eg trur dei set pris på.

Må politikarar passe seg for det dei seier på Twitter og Facebook?

Alt som vert posta både på Twitter og Facebook er, iallefall av PFU, rekna som offentleg informasjon. Derfor kan alt som vert lagt ut der verte gjenstand for tolking, vurdering og diskusjon. Sjølv om ein i denne saka har gjort det rett i forhold til si eiga målgruppe, er det to andre målgrupper som og er interessentar: Den eine er konkurrentar, som her er konkurrerande politisk parti, og media. Ein ser her at SV sin representant oppfattar dette som ei sak som er negativ for Frp. Det har vore altfor mange valdtektssaker i det siste, og ideelt sett er det dette debatten burde handle om. Men her har koblinga mot ei spesifikk sak og måten å ordlegge seg på gitt SV sin representant skyts for å framstille Frp negativt, og difor har diskusjonen fått eit anna fokus. Heller enn å avkle Frp som uvitande i forhold til sosiale medier burde han avkle haldninga dei har til valdtekstforbrytarar, dersom det er det han har sterke meiningar mot. Og i motsetning til Nøringset meiner eg at sosiale medier godt kan vera ein arena for å starte diskusjonar og å utveksle meiningar. Eg ville heller sett ei utveksling av fornuftige meiningar via sosiale medier. På denne måten meiner eg at det er Nøringset som her ikkje forstår heilt korleis ein skal bruke desse mediene.

Når det gjeldt media: dette kunne fort vore ein ikkje-sak. Det er ca 100 "følgjarar" på Djuvik sin profil, og saka er nesten ikkje nemnd av andre på twitter. Unntaket er "Mann på Greip" og Krf-ordføraren i Gulen, Trude Brosvik, som faktisk går inn og tar diskusjonen med Djuvik på Twitter. Men saka gav iallefall NRK ein vinkling til å lage ei sak om politikarar sin bruk av sosiale nettverk. Og diskusjon rundt sosiale nettverk meiner eg er bra. Eg er usikker på kva Djuvik sjølv meiner er utfallet av saka, men den har nok ikkje gjort så altfor stor skade på han som person eller partiet.

Greenroom på NRK Hordaland før opptaket.