Sider

mandag, januar 17, 2005

Første post.

Her skal det postast tanker og kommentarar rundt faglege ting som opptar meg. Eg jobbar med undervisning i krysningspunktet mellom teknologi, marknad og strategi, og er spesielt interessert i tilfeller der dette involverer musikk.

Til høgre er det linkar til ein del artiklar som enten er basert på eller skreve av meg om hovudfagsoppgåva mi ved NHH: ”Nye spilleregler i en tradisjonell industri – kampen om dominant design for musikknedlasting”. I oppgåva tar eg for meg aktørar innan digital distribusjon av musikk, og vurderer dei strategiske grepa dei har tatt for å hevda seg i marknaden.

Ein interessant utvikling er at Sun foreslår eit uavhegig DRM system. DRM er system for handsaming av opphavsrett, men etter mi meining har det i stor grad i tillegg vore brukt for å låse forbrukarar til ein teknologi, t.d.
låsar Apple brukarar av iTunes Music Store (ITMS) til spelaren iPod. Sun forslår eit system som hindrar piratkopiering, men som tillet avspeling av musikken på ulike "mp3-spelarar". Svært fornuftig, men lar det seg gjere?

Ei anna sak som er interessant er at Warner opprettar ein eigen avdeling som kun skal selge musikk digitalt. I følge meldinga vil dei satse på "smalare" musikk og jobbe på lengre sikt med artistutvikling. I og med at ein har mindre kostnader til platepressing, distribusjon og marknadsføring skal det mykje mindre til for at det svarar seg for plateselskapet. For musikk generelt sett er dette og ein fordel, avdi artistar slepp å verte pressa inn i ein musikalsk mal som passar dei regjerande trendene.

Jobbar litt og for tida med å finne ut av Topic Maps, eller emnekart som dei vert kalla på norsk. Det kan best skildrast som ein standardisert måte å ordne informasjon på, der ein lagar koblingar mellom assoierte emner. For eit døme på web-navigering basert på emnekart, sjekk sidene til ITU, øverst i høgre hjørne. Fascinerande?

Har jobba litt med emnekart editoren Protegé, utvikla ved Stanford University. Skal oppdatere bloggen med utviklinga i det prosjektet og.

Ellers er hausten ein travel tid, men håpar eg får tid til å poste her jamnleg.

Lev vel!