Motorola lanserte forrige veke med brask og bram sin nye telefon ROKR som er den første til å støtte avspeling av musikk koda med Apple's DRM system FairPlay. Med andre ord kan den spele låtar som er kjøpt frå ITMS eller rippa fra cd ved hjelp av iTunes. Den kan ikkje laste ned musikk direkte over telenettet, låtane må overførast frå PC/Mac.
No er ikkje dette noko revolusjonerande, det har i lengre tid gått an å spele mp3-filer på mobiltelefonar, men etter mitt kjennskap har det enten ikkje vore brukt DRM system, eller proprietære DRM system som gjer at ein ikkje kan flytte filene fritt mellom PC og mobiltelefon. Den nye N91 til Nokia skal støtte DRM frå OMA (Open Mobile Alliance), har opptil 4gigabyte minne og brukar Windows Media Player 10. Det skal og vera mogeleg å laste ned musikk direkte frå telenettet eller via innebygga WLAN. Modellen W800i til SonyEricsson har også walkmanfunksjonalitet, utan at det der er implementert løysingar for DRM.
Essensielt er det iallefall at ein kan ha interoperabilitet mellom PC/Mac og mobile einingar for at det skal verte allmen akseptert som teknologi.
Det er verd å merke seg at Apple her går i allianse med Motorola og mobilnettet Cingular for å lansere iTunes-kompabilitet på mobil. Ein kan jo berre spekulera i Apple's motiv for dette, men at dei vil spreie sin proprietære teknologi utover Mac og iPod verkar ikkje usannsynleg.
På marknadsføringssida har dei inngått eit samarbeid med eit anna sterkt varemerke: KISS som verkt brukt aktivt, bland anna på plakatar og på nettsida (klikk på make them dance for å få karakterane i reklamen danse til Kiss) . Nettsida har forøvrig ein artig vri der ein kan setje inn eit bilete av seg sjølv på personane i reklamen, eit triks som også vart brukt i marknadsføringa for filmen Wedding Crashers.
mandag, september 12, 2005
mandag, september 05, 2005
Artikkel om digital distribusjon
Har skreve ein artikkel om korleis usignerte band skal få distribuere musikken sin digitalt over heile verda, og til og med få betalt for at låtane vert lasta ned. Den er publisert på www.heavymetal.no, klikk her for å lese artikkelen.
mandag, januar 17, 2005
Første post.
Her skal det postast tanker og kommentarar rundt faglege ting som opptar meg. Eg jobbar med undervisning i krysningspunktet mellom teknologi, marknad og strategi, og er spesielt interessert i tilfeller der dette involverer musikk.
Til høgre er det linkar til ein del artiklar som enten er basert på eller skreve av meg om hovudfagsoppgåva mi ved NHH: ”Nye spilleregler i en tradisjonell industri – kampen om dominant design for musikknedlasting”. I oppgåva tar eg for meg aktørar innan digital distribusjon av musikk, og vurderer dei strategiske grepa dei har tatt for å hevda seg i marknaden.
Ein interessant utvikling er at Sun foreslår eit uavhegig DRM system. DRM er system for handsaming av opphavsrett, men etter mi meining har det i stor grad i tillegg vore brukt for å låse forbrukarar til ein teknologi, t.d. låsar Apple brukarar av iTunes Music Store (ITMS) til spelaren iPod. Sun forslår eit system som hindrar piratkopiering, men som tillet avspeling av musikken på ulike "mp3-spelarar". Svært fornuftig, men lar det seg gjere?
Ei anna sak som er interessant er at Warner opprettar ein eigen avdeling som kun skal selge musikk digitalt. I følge meldinga vil dei satse på "smalare" musikk og jobbe på lengre sikt med artistutvikling. I og med at ein har mindre kostnader til platepressing, distribusjon og marknadsføring skal det mykje mindre til for at det svarar seg for plateselskapet. For musikk generelt sett er dette og ein fordel, avdi artistar slepp å verte pressa inn i ein musikalsk mal som passar dei regjerande trendene.
Jobbar litt og for tida med å finne ut av Topic Maps, eller emnekart som dei vert kalla på norsk. Det kan best skildrast som ein standardisert måte å ordne informasjon på, der ein lagar koblingar mellom assoierte emner. For eit døme på web-navigering basert på emnekart, sjekk sidene til ITU, øverst i høgre hjørne. Fascinerande?
Har jobba litt med emnekart editoren Protegé, utvikla ved Stanford University. Skal oppdatere bloggen med utviklinga i det prosjektet og.
Ellers er hausten ein travel tid, men håpar eg får tid til å poste her jamnleg.
Lev vel!

Abonner på:
Innlegg (Atom)