Sider

mandag, september 12, 2005

Interoperabilitet?

Motorola lanserte forrige veke med brask og bram sin nye telefon ROKR som er den første til å støtte avspeling av musikk koda med Apple's DRM system FairPlay. Med andre ord kan den spele låtar som er kjøpt frå ITMS eller rippa fra cd ved hjelp av iTunes. Den kan ikkje laste ned musikk direkte over telenettet, låtane må overførast frå PC/Mac.

No er ikkje dette noko revolusjonerande, det har i lengre tid gått an å spele mp3-filer på mobiltelefonar, men etter mitt kjennskap har det enten ikkje vore brukt DRM system, eller proprietære DRM system som gjer at ein ikkje kan flytte filene fritt mellom PC og mobiltelefon. Den nye N91 til Nokia skal støtte DRM frå OMA (Open Mobile Alliance), har opptil 4gigabyte minne og brukar Windows Media Player 10. Det skal og vera mogeleg å laste ned musikk direkte frå telenettet eller via innebygga WLAN. Modellen W800i til SonyEricsson har også walkmanfunksjonalitet, utan at det der er implementert løysingar for DRM.

Essensielt er det iallefall at ein kan ha interoperabilitet mellom PC/Mac og mobile einingar for at det skal verte allmen akseptert som teknologi.

Det er verd å merke seg at Apple her går i allianse med Motorola og mobilnettet Cingular for å lansere iTunes-kompabilitet på mobil. Ein kan jo berre spekulera i Apple's motiv for dette, men at dei vil spreie sin proprietære teknologi utover Mac og iPod verkar ikkje usannsynleg.

På marknadsføringssida har dei inngått eit samarbeid med eit anna sterkt varemerke: KISS som verkt brukt aktivt, bland anna på plakatar og på nettsida (klikk på make them dance for å få karakterane i reklamen danse til Kiss) . Nettsida har forøvrig ein artig vri der ein kan setje inn eit bilete av seg sjølv på personane i reklamen, eit triks som også vart brukt i marknadsføringa for filmen Wedding Crashers.
Legg inn en kommentar