Sider

tirsdag, februar 10, 2009

The flash mob goes wild!

T-mobile laga nyleg ein reklame der ein stor folkemengde dansa på Liverpool Street Station i London. Reklamen er inspirert av eit relativt nytt fenomen kalla flash mob.

Wikipedia definerer flash mob som: a large group of people who assemble suddenly in a public place, perform an unusual action for a brief time, then quickly disperse. Omgrepet vert som oftast brukt der ein har brukt sosiale medier eller epostar for å samla massen.

Ein reknar med at den første flash mobben fant stad i 2003, då over 100 personar møtte opp på eit varehus for å handle eit teppe på fellesen (!). I 2006 hendte den til då største flash mobben i form av "silent disco" på fleire av London sine undergrunns-stasjonar, det var dette som inspirerte reklamen, og i 2008 vart denne rekorden slått av "Worldwide Pillowfight Day" der ein antek at over 5000 deltok.

I andre enden av samlingar av (relativt) ukjende finn ein eit fenomen som knyttar seg til tenesta Twitter. Eit møte i den verkelege verda mellom to eller fleire personar som kjennar kvarandre vert kalla ein tweetup. Ein variant av dette vert støtta av tenesta ein finn på www.boarding.fr, der ein kan treffe folk som sit på same flyplass som deg og tweetar, og gjerne avtale å møtast i baren for ein drink. Ved å søke etter #tweetup i Twitter sitt søk, vil ein kunne finne ut om det er nokon tweetups i nærleiken, og delta om ein vil.

Reklamen til T-mobile inspirerte ei facebook-gruppe, som nådde 15000 medlemmer, og ein samling i samme stasjon der folk dansa etter musikk på mp3-spelarane sine. Altså; reklamen er inspirert av eit nett-relatert fenomen, som igjen inspirerer ein ny flash mob! Meta?
6 feb vart dansen utført, og det var så stor suksess at det er planlagt ein ny seanse på Trafalgar Square i London no til helga, den 13 feb.

Spelutviklarar har i ei tid drøymd om å få til det dei kallar "augmented reality" spel, der spelet går på tvers over digitale virtuelle plattformer og arenaer i den verkelege verda. Eit eksempel på dette er Varg Veums Fall i regi av MediaCirkus og BT, som gjerne ikkje har slått an som ein hadde håpa.

Det har vore mykje fokus på sosiale medier og kva som skjer online. Dette er eksempel på at vi no går mot bedre integrasjon av verda på og av nettet?

Silent Disco 2006:



T-Mobile reklame 2009



International Pillow Fight Day




Legg inn en kommentar