Den 15 mars sette eg annonsene på pause, for å finne ut noko om naturleg tilgang på tilhengarar utan reklame. Tala er lette å finne, det var 363 tilhengarar den dagen kampanjen stoppa, og pr i dag (21 mars) er det 272, altså ein auke på 9, organisk. Men, eit eksperiment er som dei fleste forskarar kjenner til, vanskeleg å gjennomføre utanom i laboratoriet. Blant anna har bandet gitt ut ein video på nettet nettopp den 15 mars som det vart litt blest om fordi den er sensurert av YouTube, så det kan ha kome nokre tilhengarar den vegen og.
Iallefall - Kampanjen kosta oss 171,9 kroner, dette gav oss til saman 94 nye tilhengarar, så prisen pr nye tilhengar i perioden er kr 1,84. Dersom vi trekkjer frå ca 10 tilhengarar pr veke, som ville kome uavhengig av kampanjen, ser vi at vi har 45 direkte tilhengarar frå kampanjen og 26 indirekte tilhengarar av kampanjen. Altså kan ein legge til ca 50% i tillegg til dei som klikkar på annonsa og vert fans den vegen.
Så kan ein diskutere potensiell verdi av fans. Er ein tilhengar som ikkje kjenner bandet, men som har oppdaga dei gjennom annonsa og deretter vorte tilhengar av bandet fordi han likar musikken, meir tilbøyeleg til å bruke pengar på plater, konsertar etc enn ein tilhengar som allereie er venn av ein eller fleire medlemmer av bandet og set seg som tilhengar for å vera grei? (NB! Det aktuelle bandet er underrepresentert på Facebook, ettersom berre to av fem medlemmer har profilar der). Det er sanneleg ikkje godt å seie.
Rapportar:
Til kvar kampanje høyrer det til 4 standard rapportar, som skal hjelpe annonsørane å forstå kva som fungerer i kampanjen. Dette er rapportane:
Responder Demographics: Viser visningar og klikk pr land, og fordelt på aldersgrupper. Noko overraskande er det kun i Storbritannia og i USA folk klikkar på annonsene. Det kan vera fordi annonsa er på engelsk. USA er ein bra marknad for oss kan det verke som, 50% av visningane var i USA, og over 80% av klikka, med ein klikkrate på 0,328%, som er ein del høgare enn 0,20% som er snittet i kampanjen. Så dersom vi hadde fokusert utelukkande på USA ville vi fått betre uttelling. Og så ser det ut som at vi burde differensiere språket i annonsa, til og med i Storbritannia. Det kan jo og hende at dei i dei andre landa ikkje er interesserte i vulgær rock. I tillegg viser det seg at det helst er menn som klikkar på annonsene, det kan ha noko med at det er mest menn som likar nøkkelordbanda. Spesielt menn mellom 35 og 44, 10% av annonsene vart vist til det segmentet, men dei stod for over 35% av klikka. Så annonsa var definitivt ikkje noko for kidsa. Det hadde vore interessert å vite om den eldre målgruppa klikkar meir enn den yngre, generelt sett.
Brukarkontoar som svarte (crowdsourcing av oversetjing fører til variabel kvalitet !): Den viser kva slags interesser dei som har klikka har. På topp over banda klikkarane likar står Clutch med god margin, ettersom reklamen er retta mot Clutch-fans skulle det berre mangle. Resten av plassane på den lista inneheldt dei store rockebanda som Black Sabbath, Pink Floyd, Metallica etc, og bandet Down som vi har med som nøkkelord kom på 8 plass. To av dei andre banda som er nøkkelord i kampanjen, C.O.C og Fu Manchu er ikkje på lista, så det var muligens bom. Dei fleste av dei som klikka hadde Pulp Fiction som favorittfilm, og Family Guy som favoritt-tvserie. Begge er svært populære, så det er tvilsamt at alle som er tilhengarar av dei vil verte tilhengarar av bandet.
Conversions by conversion time: Fortel at 75% vert tilhengarar innan 24 timar etter at dei har klikka på annonsa, men at resten faktisk vert tilhengarar direkte etter å ha sett annonsa.
Conversions by impression time: Denne rapporten fortel at det er flest som vert tilhengarar på torsdagar. Det er tydelegvis ein god dag for rock.
Alt i alt vil eg seie at denne forma for annonsering er rimeleg effektiv i forhold til prisen. Ein auke i tilhengarar kan føre til framtidige salg (sjølv om det er umogeleg å seie kor mykje), det tar seg bra ut med fleire tilhengarar og dette kan vera eit argument i forhold til evt avtaler om spelejobbar management etc.
Så foreløpig er dette eksperimentet avslutta. Eg var nettopp på eit google-seminar om bruk av Google Ad-words, så den neste utfordringa vert kanskje: Går det an å oppnå platesalg gjennom bruk av Google Ad-words, og svarar det seg?
1 kommentar:
oh den der nynorsken
Legg inn en kommentar