Laurdag morgon gjekk eg på panelet Rewarding Creators and Crowdfunding. Flattr er ein system der ein kan klikke for å støtte forfattaren av ein artikkel, ein som har laga eit musikkstykke e.l. ved å trykke på ein flattr-knapp, på samme måte som "Lik på Facebook"-knappen. Du betalar ein valgfri sum kvar månad, og den vert fordelt på alle "flattr-ar" den månaden. Flattr tar 10%.
Readability er ein app som tar vekk alt bilder, reklamer etc på nettsider, og lar deg lese kun teksten. 70% av inntektene, som kjem frå abbonement med valgfri betaling, går til skaparane av innholdet. Dei vil bruke Flattr for at brukarane skal kunne donere enno meir til artiklar dei likar svært godt. Demotix er ein crowdsourca nyheits-teneste, brukarane kan legge inn sine eigne bilder og saker, og Demotix formildar desse vidare til større aviser, nettsider etc, og deler inntekta med rettshavarane. Dei har og lagt til Flattr. Makerbot lagar 3D-printarar, og Thingiverse crowdsoursar teikningar til 3D-printen. I utgangspunktet driftar dei den sida for at det skal finnast noko å printe i 3D, men der kan det no og Flattrast.
Poenget her var nok å vise at dette er noko som funkar, og at Flattr jobbar med å få attraktive partnarar for å spreie produktet sitt. Og det funkar, påstar dei, det er visstnok ein tysk podcast som lever av pengar han får gjennom Flattr. Eg meiner at tanken er god, og det vart sagt at det stor sett ting du sjølv brenn for som passar for flattring, ting du ville ha laga uansett, det kan nok ikkje betale nok for ein vanleg type jobb. Kanskje konsertar? Men, til å vera starta av Pirate Bay-bakmannen Peter Sunde, var dei lite villige til å dele tall og info. Gi oss data!
I panelet Crowdsourcing: Innovation and/or Exploitation? var målet å setje eit kritisk søkelys på crowdsourcing. Då spesielt den type som t.d. Amazon Mechanical Turk driv på med; deler store oppgåver i mange små delar, og betalar småbeløp for kvar del av oppgåva som vert utført. Eit eksempel er å kategorisera innlosjering, og få betalt ca 5 øre pr kategorisering. Ikkje noko å bli rik av med andre ord, med mindre du er svært kjapp. Men på den andre sida får du folk inn i arbeidslivet som normalt sett ikkje ville deltatt. Eit anna eksempel er at du kan vera sentralbord, og svare på telefonar kun når du har tid.
Uansett, er dette utnytting eller innovativt? Panelleiar Fred Benenson som driv tenesta Kickstarter meiner at det er innovativt og bra, og der får han støtte frå Lucas Biewald som står bak Crowdflower. Det går ikkje an å samanlikne med "sweatshops" eller utnytting av arbeidarar, det heile er basert på frivillighet og operasjonen er og transparent frå oppdragsgivar sin side. Så det er ingen tvang. Oppgåver som crowdsoursast går ikkje berre til ufaglærte, ide-konkurranser for å løyse problem innan t.d. romfart kan og sjåast på som crowdsourcing.
Lada Adamic presenterte resultat av forskning rundt korleis kunnskap vert spreidd i diskusjonsforum, og når ein spør eit forum om noko, kjem svara frå fellesskapet på forumet. Ho har undersøkt ulike typer forum, og funne ut at i fagbaserte forum er det oftast få personar som gjer dei beste svara, men at i interessebaserte forum vert kunnskapen (om vi kan kalle det for det) arbeida fram meir kollektivt. Ved å visualisere interaksjonen i ulike forum, viste ho (og dette er sikkert det folk hugsar frå presentasjonen) at kommunikasjonen i forum rundt fribryting og rundt ekteskap var ganske like, men at forum rundt programmering skiller seg klart frå desse to i struktur. Av dette kom konklusjonen at ekteskap har meir til felles med fribryting enn progammering (foilsettet er her).
For å oppsummere det heile fekk eg mange nye og nyttige perspektiv på temaet, og litt spøk og morro i tillegg.
Litt relevante lenker: