Sider

lørdag, mars 12, 2011

SXSW 2011, del I: Er Google verkeleg ikkje evil?

På ein nydeleg, varm og solfylt dag starta SXSW Interactive, Texas geekfest! Før byen vert fylt med håpefulle band og onde bransjefolk får geeks herje nokonlunde fritt. Det betyr stort sett folk som går rundt åleine og glor i smart-telefonane sine, deriblandt meg. Austin Convention Center er stort og fint som andre kongress-senter, med mange sponsorar som tilbyr både straum (ingen fare for at dingsane skal gå tomme heldigvis), gode sofaer og gratis mat og drikke.

For min del starta konferanseprogrammet opp med "Gamechanging: Turn your app into a cooperative game" med Thor Müller frå Get Satisfaction. Han snakka om korleis ein kan engasjere folk gjennom samarbeidsspel-mekanismer. Dette vart og gjennomført i sesjonen gjennom to samarbeidsspel. Det første gjekk ut på at for å kunne overleve ein stor flom på jorda (litt for aktuelt tema) måtte ein sitje til høgre for ein som var fødd på samme dato eller ein dato tidlegare i samme månaden som ein sjølv er fødd. Dette måtte heile salen på rundt 2-300 organisere sjølv i løpet av 5 minutt, og det funka faktisk! Han argumenterte for at ein spel som skal kunne engasjere fleire må basere seg på litt flaks og litt skills, og aller helst at ein kan bruke ulik egenskapar hjå deltakarane for å kunne oppnå spelets mål.

Det sosiale spelet Health Month vart brukt som eksempel; her kan ein setje seg mål om å leva sunnare, dele måla og om ein har nådd dei eller ikkje. Det vert meir press for å halde måla (som ein sit sjølv) når ein deler dei med andre, dersom ein ikkje når måla sine og står i fare for tape spelet kan vener trå til og dele poenga sine, og reslutata for ein månad vert vist på lagbasis, så dersom ein ikkje når måla sine går det ut over heile gruppa, noko som kan gjere det meir motiverande å nå måla sine (ein ting er å skuffe seg sjølv, men det er verre å skuffe vennene sine!). Det var og eit tips om ei bok eg skal sjekke ut: Gamestorming.   

Neste presentasjon var det Marissa Mayer frå Google, som ville fortelje om "lokasjon, lokasjon, lokasjon og mobil" som var den beskjedne skildringa i programmet. Og det var mykje fokus på Google Maps, både talet på brukarar, talet på brukarar på mobil, demo av siste versjon (som var superrask, vektorbasert og som viser bygg i 3D) og søk i kartet etter bedrifter. Lokasjonsbasert ja, Google Hotpot er brukarbaserte vurderingar av plassar, som og har innsjekk, slik at du kan sjå kva evt vener av deg har sagt om plassen tidlegare. Dette er kobla saman med Google Places, som har søk for forbrukarar i tillegg til verktøy for bedriftene. Ingenting av dette er direkte nytt, og det er ganske tydeleg og forståeleg at dei vil konkurrere med tenester som Gowalla og Facebook Places. Google har ikkje heilt fått til dette med det sosiale internet (Google Wave og Google Buzz), men denne tenesta er basert rundt det dei er gode på, som er søk. Så det vert spanande å sjå korleis det går.

I framtida vil Google faktisk styre livet ditt. Dersom du t.d. skal reise på tur, vil Google koble saman alt dei veit om deg for å kunne foreslå billettar til reisa, køyrerute til flyplassen, aktivitetar på turen etc utan at du treng tenke på det. Kult men og skremmande!

Etter presentasjonen var det tid for spørsmål. Innimellom amerkanarande som nytta høvet til å skamlaust promotere bøkene, bedriftene og seg sjølv var det eit spørsmål som var interessant: All info som brukarane genererer (som vurdering av bedrifter, søkeresultat etc), vil det kunne vera mogeleg for brukarane å velge å gjere den informasjonen tilgjengelig for alle via t.d. Creative Commons? Eg meiner at ho til dette svarte positivt, sjølv om det er mogeleg at ho svarte på ein litt unnvikande måte. Dersom det stemmer, er Google verkeleg ikkje onde, sjølv om dei i framtida vil styre livet ditt. Dette er spanande! Dersom alle kunne få tilgang til Google sine brukargenererte data ville det opne for mange mogelegheiter.

Men bruken av data er og eit tankekors. Kredittvurderingsfirma kan visstnok med 98% sikkerhet forutsei ei skilsmisse to år på førehand, basert på bruksmønster på kredittkort.

Dagens siste seminar var fullt, så då var det berre å nyte Austin og deilig tex-mex resten av kvelden!

Og eg vert her heile veka, så det kjem nok fleire postar.

Ingen kommentarer: