Det digitale er for 2000-talet det elektrisitet var for 1900-talet, derfor vert lydsporet til denne bloggposten delvis basert på eit elektrisk tema. Så, utan meir snikksnakk, her følgjer mine 5 ynskjer for det nye året:
1. Konsolidering
Eg brukar tid både på Twitter, Facebook, Google+ og andre sosiale nettverk. Dei ulike nettverka har sine eigne profiler; mediefolk på Twitter, dei eg gjekk på gymnaset og ungdomsskulen med (+alle!) på Facebook, nerdar og (foto)geeks på Google+. Det hendar eg postar på tvers av alle nettverka, men oftast passar eg det inn til kvart nettverk. Det tar litt tid, og det spørs om folk vil bruke tid på fleire nettverk i lengda. Konsolidering er mogeleg gjennom verkty som t.d. Hootsuite, men det støttar ikkje alle nettverka, slik at det ikkje vert heilt optimalt.
Eit enno større problem er måling av interaktivitet. Etter at eg har publisert ein bloggpost får eg nokon kommentarar på Facebook, nokre retweets og svar på twitter, kommentarar på bloggen, kommentarar og +1 på Google+, kanksje reblogging. Det er vanskeleg å halde greie på, så meir samling av interaksjon takk! Det skal her nemnast at PostRank, som Google eig, gjer litt av dette, men det er framleis litt mystisk.
2. Avmystifisering av Sosiale Medier
2011 markerte mitt 15. år som brukar av Sosiale Medier, etter at eg oppretta ein profil på det no nedlagde Firefly i 1996. At eg på desse 15 åra har brukt 10 000 timar på sosiale medier er ikkje umogeleg, noko som i teorien gjer meg til ekspert. Gjennom undervisninga av faget ELE3707 Sosiale Medier på BI har eg kome i kontakt med eit godt fagmiljø knytta til emnet. Likevel, i eit såpass nytt fagfelt er det alltid rom for selgarar av digital slangeolje. Det vert halde mange godt betalte foredrag innan temaet som ikkje nødvendigvis har så mykje hald i seg, fordi folk er usikre på dette nye mediet. Det kan vera at eg kastar litt stein i glasshus her, ettersom eg sjølv både heldt foredrag og har uttalt meg tre gonger det siste året i NRK om sosiale medier, men eg er faktisk meir opptatt av å spreie kunnskap om emnet enn å fore innsida av lommeboka mi.
Bloggen Kjøkkenfesten er eit godt eksempel på slik demystifisering, der dei deler erfaringar og tankar rundt mediene (gratis!). I tillegg håper eg og at undervisninga mi iallefall kan hjelpe studentene.
Her kjem eit gratis snøg-kurs for verksemder som enno ikkje er på sosiale medier:
- Kundene dine snakkar saman om produktene dine. No gjer dei ein del av det på sosiale medier, difor er det mogeleg å få det med seg. Sørg for at du får med deg det meste av dette.
- Svar kundene dine på ein måte som gjer at dei vil fortsette å vera kundar. Bonus: fleire får sett dine gode kundehandsamarar.
- Mål interaksjonen, det går an ettersom det er digitalt lagra.
- Dersom du har noko meir på hjartet enn "Kjøp meir av produkta våre", kan du starte ein blogg.
- Jobb vidare med erfaringar du har gjort deg på punkta over. Hugs å fortsetje å måle!
3. Musikkbransjen omfavnar den digitale tidsalder
Då eg skreiv hovudsfagsavhandlinga mi ved NHH om digital distribusjon av musikk fekk eg for første gong litt innsikt i ein bransje på veg utfor stupet. Videoen over brukte eg som introduksjon til den munnlege presentasjonen av oppgåva, og sjølv om eg er litt usikker på korleis det verka inn på resultatet står eg ved valet. Oppgåva vart skreve i 2005, og dette er framleis er eit ynskje frå min side sju år seinare! Eg skal prøve med litt klar tale her:
Sal av enkeltmusikkverk digitalt er ein øydelagd forretningsmodell.
Litt av inntektene kan sjølvsagt kome den vegen, men det er abonnementtenester folk vil ha no. Det er og betalingsvilje, noko som band som Kaizers Orchestra, Electric Eel Shock og Ginger Wildheart har vist ved å la fansen finansiere komande plateinnspelingar. Eg likar Google Music, der eg no har lasta opp den digitale musikksamlinga mi og kan akessere den via nettlesar på kva som helst eining i heile verda, samt lagre musikk lokalt på einingane. Men kvifor kan eg ikkje kjøpe musikk der? Kvifor kan ikkje den tenesta og strøyme musikk, som Spotify? Litt av forklaringa kan du finne i denne artikkelen. Så eg ynskjer at musikkbransjen gjer det lett for dei av oss som vil betale, og gjer opp å kontrollere dei som ikkje vil betale. Det manglar jo ikkje på nye band for tida?
4. Lokasjonstenester finn sin plass
Foursquare er ein lokasjonsspel. Gowalla var det, men skifta plutseleg fokus og vart ein reiseguide, før dei vart kjøpt opp av Facebook. Facebook checkins kom og gjekk og kom igjen. Google har ein heil drøss tenester knytta til lokasjon (Places, Hotpot (som eg no ser er slått saman med Places), Latitude, innsjekking på Google+) men det er uoversiktleg. Resultatet er at tenester som absolutt har mykje potensiale vert ubrukt fordi folk ikkje har noko insentiv for å bruke dei. Kanskje Google kan konsolidere sine tenester innanfor Google+? Innsjekkingar og vurderingar vil jo gje bedre søkeresultater, som er deira hovudprodukt.
5. Fri internasjonal mobil dataflyt
I fjor sumar var eg på ferie i Japan. Hotellet vi hadde booka i Kyota var relativt nytt, og taxisjåføren visste ikkje kor det låg. Ein liten tur på internett via mobilnettet for å finne eit telfonnummer og ein kartposisjon førte til nedlasting av 6 MB data, kostnad: 100 kr pr MB! Kan det verkeleg vera så dyrt å vidarefakturere litt databruk? Det har utvikla seg i løpet av 2011, blant anna har Netcom no fastpris på datatrafikk innan Norden. Eg håpar på bedre avtalar mellom teleoperatørane internasjonalt. Dette vil og kunne slå positivt ut på punkt 4.
Ynskjer du det same som meg for 2012? Har du andre ynskjer? Kommenter gjerne.
Då gjenstår det berre å ynskje dykk alle eit godt nyttår, og takke for det gamle!