Sider

mandag, november 26, 2012

Bedre læring og effektivisering av arbeidsoppgåvene - #podkonf12

Norgesuniversitetet arrangerte i starten av november konferansen: Ja takk, begge deler - om podcasting i undervisning og digitale eksamener. Eg er opptatt av digitialisering av forretningsprosessar, og kanskje spesielt digital forbedring av læring sidan det er det eg lever av.

(p.s. ved å følge lenka til konferansen kan du sjølvsagt sjå alle presentasjonane - som podcast!)

Screencasting

Konferansen var i Tromsø, eg reiste opp dagen før, fekk med ein burger på Blå Rock og eit par øl med ein bekjent om kvelden. Dagen etter starta konferansen, og fokus for dag ein var rett og slett opptak av forelesingar.

I utgangspunktet tenkjer eg: Kven vil vel sjå om igjen ei forelesing på opp til 3 * 45 min? Er det ikkje meir spanande med "Flipped Classroom"? Og fokuset var nettopp på digitalisering av tradisjonelle forelesingar.

Det tekniske

Uninett/ecampus presenterte fleire ulike løysingar for å ta opp lyd og bilde frå forelsingar (les om tenestene her). Eg brukar sjølv Camtasia Relay, og det kan eg varmt tilråde alle som vil prøve seg på å ta opp enten forelesingar eller kortare sekvensar til bruk i t.d. flipped classroom. Det er til og med gratis for alle i UH-sektoren (noko eg antar står for Unviersitets- og Høgskolesektoren) i pilotperioden.

Praksis

Etter ein pause var det delt opp i separate sesjonar, ein for teknikarar og ein for pedagogisk og administrativt personale (vel, det var ikkje så strengt inndelt). Der fekk vi presentert casar.

Høgskolan Dalarna brukar livesendingar av forelesingar. Dei har gjennom dei siste seks åra satsa på fjernundervisning, og har no 60% fjernstudentar. Her startar forelesaren opp "sendinga" ved oppstart av forelesinga, og studentar kan følgje forelesinga frå lenka videochat på høgskolen si heimeside. Litt av poenget er at studentar, både heimefrå og frå auditoriet, kan interagere med kvarandre og forelesar via chat. I ettertid kan forelesar velge om forelesinga skal leggast ut eller ikkje.

I min bransje er det, dessverre, ein stor aversjon mot teknologi. Tavle og kritt er det beste får eg ofte høyre. Til nød powerpoint. Studentene derimot krev å få powerpoint-filene, og då aller helst i god tid før forelesinga. Og i slutten av semesteret klagar dei fordi det vert brukt for mykje powerpoint i undervisninga. Uansett, det at ein forelesar må trykke på ein knapp for å starte eit opptak før ei forelesing kan ofte representere eit stort hinder.

Derfor har Universitetet i Manchester eit opplegg der alle forelesingar automatisk vert tatt opp og publisert. Slik treng ikkje forelesaren tenkje på det. Det vart diskutert frammøte, og fleire undersøkjingar viser at frammøtet er normalt, til tross for publiserte forelesingar. Ein positiv effekt er meir diskusjon i klassen, og mindre frenetisk notering i timane.

At studentene nyttar tilbodet er det ingen tvil om, ut frå statistikk på nedlastingar. Og det dei gjer er å spole fram til det som evt er uklart, dei færraste ser om igjen heile forelesinga.

Etter dagens presentasjonar var eg meir positiv til at opptak av forelesingar kunne vera nyttig for studentane, og gjerne for forelesarane og.

Men det er ei hake ved det heile: Dette er kostbare tiltak, men det er ikkje bevist at studentane oppnår bedre resultat. Er det då verdt det?

Digital vurdering

Dag to verka i utgangspunktet som den minst interessante på meg, men var faktisk denne dagen som var mest interessant. Den skulle ha fokus på digital eksamen, men det vart eit breiare fokus på fleire vurderingsformer.

Digital eksamen

Det vart diskutert litt rundt digital eksamen. Eksamen med penn og papir er vel utruleg utdatert? Merkelig nok, så har det ikkje kome noko stort krav om å endre på dette frå studentene sin side før dei siste par åra. Ved overgangen til eksamen på PC har det vore stort fokus på korleis den skal etterlikne ein tradisjonell eksamen: ingen hjelpemiddel og ingen kommunikasjon.

MEN: kor reell er egentlig ein tradisjonell eksamen utan hjelpemiddel?

Premissa for utdanning har endra seg radikalt berre dei siste fem åra. Modellen vi underviser etter tok utgangspunkt i eit samfunn med eit informasjons-monopol, der vi som forelesarar og bøkene stod som forvaltarar av denne informasjonen. I dag er all denne informasjonen, samt forelesingar av topp lærekrefter på verdsbasis tilgjengelige på studentene sine mobiltelefonar. Det vi treng måle er om studentane er i stand til å finne og bruke denne informasjonen, ikkje om dei kan gjengi den på ein eksamen utan hjelpemiddel.

På den måten vil semesteroppgåver, eller eksamener, med alle hjelpemidde vera meir aktuelle vurderingformer. Og det er nok flerie enn meg som vil setje pris på å sleppe å tyde studentene sine kråketær på eksamensinnleveringane. Det er sjølvsagt utfordringar ved denne forma, og den største utfordringa er korleis ein skal utforme oppgåver som passar formatet. Samt, i mindre grad slik eg ser det, det stadig tilbakevendande problemet med juks.

Digital vurdering

Aha-oppplevinga på konferansen kom frå forelesinga til Petter Mathisen frå Universitetet i Agder. Han driv med noko så enkel og genialt som videofeedback på studentoppgåver. I praksis les han gjennom oppgåver frå studentene, understreker deler av dokumentet han ynskjer å kommentere, og deretter kommenterer han, og brukar Jing for å ta opp skjermen og stemma medan han kommenterer.

Dette er heilt genialt. Det tar lang tid å kommentere skriftlig, og studentane mine etterspør alltid meir grundig kommentering. Det er lettare å kommentere deler av dokumentet når du har det foran deg, og det gjer det og lettare for studentane å følge med på kommentarane. Når ein i tillegg veit at fem minutt snakking tilsvarer to og ei halv side skrift, er det vinn-vinn situasjon: ein får gitt bedre tilbakemelding og det tar mindre tid.

Dette likte eg så godt at eg allereie har prøvd det, og fått gode tilbakemeldingar frå studentane. Eg brukte det tidlegare nemnde Camasia Relay i staden for Jing, og sendte lenker til studentane med kommentarane via itslearning. 

Godt utbytte - men kor er pedagoane? 

Alt i alt var denne konferansen svært nyttig og inspirerande for min del. Det var snakk på twitter om denne konferansen burde vera årleg, og det er eg absolutt for. Det var ein overvekt av administrativt og teknisk personale på konferansen, det er i og for seg bra, men dersom det vert til neste år bør mange fleir med pedagogisk bakgrunn ta turen. 

Fordi: her snakkar ein om korleis ein forbedre læring samtidig som ein effektiviserer sitt eige arbeid. Kven er vel ikkje insteressert i det ?

Ingen kommentarer: