Sider

søndag, mars 15, 2009

Happy World Contact Day! (Norwegian)

15. mars 1953 bestemte organisasjonen "International Flying Saucer Berau" for å arrangere "World Contact Day". På denne dagen skulle ein kontakte romvesen, med telepati! Nøyaktig kl 6 PM EST starta leiaren, Albert K Bender (anar eg ein Futurama-referanse her?) og hundrevis av andre å sende denne telepatiske meldinga. Dei sendte meldinga 3 gonger før dei fekk kontakt (!) og fekk grei beskjed av romvesna om å slutta å mase. Bender la ned byrået seinare samme året, etter at tre mystiske menn kledd i svart (Men In Black!) materialiserte og dematerialiserte seg fleire gonger i heimen hans. Og dette er ikkje noko eg finn på!
I 1976 laga det kanadiske prog-rock bandet Klaatu låta "Calling Occupants (Of Interplanetary Craft)", nettopp den setninga meldinga Bender & co starta med. Undertittelen var "The Regcognized Antem of World Contact day". Det er den mest kjente låta til Klaatu. 
Året etter spelte The Carpenters , som ikkje er særleg rock eller prog, inn låta på nytt, med eit 160-mann sterkt orkester. Låta gjekk faktisk til nr 1 på dei irske listene. 
Foreldra mine er fans av The Carpenters, og eg høyrde mykje på det i oppveksten. Eg synes alltid at det var med god margin den fjernaste låten dei hadde. Men først nyleg oppdaga eg den fantastiske historia bak.

Så, alle, lukk auga, konsentrer, og send ei melding til våre vener i det ytre rom!

p.s. fann akkurat ut at ingen andre enn Gro Anita Schønn og har spelt inn låta. Fantastisk. 









Ingen kommentarer: