Sider

onsdag, mars 18, 2009

StatoilHydro - Business Intelligence

StatoilHydro - Business Intelligence

Eg er involvert i faget Ledelse- og forretningsinformasjon ved BI, og i samband med det fekk eg, min kollega Odd Rydland og studentane våre på 2 årstrinnet vitje Business Intelligence-avdelinga på StatoilHydro i Bergen.

Ført og framst fortener StatoilHydro ros for å setje av ein heil arbeidsdag, stille fleire tilsette til disposisjon og i tillegg spandere lunch. Dette er informasjonsdeling og opplysing i praksis!
Finn Tøgersen var verten og ønska velkomen, etter dette presenterte Jan Brede Sandal StatoilHydro og avdelinga. At det er ein stor organisasjon, som produserer 2 million fat olje pr dag, har 30 000 tilsette, har stor vekst i utlandet og satsar på ny energi burde vera kjent. Men at dei samlar alle data som vert generert i samband med prosessane i datavarehus som avdelinga i Bergen har ansvaret for er eit imponerande faktum som eg ikkje kjende til tidlegare. Det er 20 tilsette i avdelinga som gjer det til den største avdelinga ved StatoilHydro på Sandsli. I tillegg til dette er det 35 konsulentar tilknytta avdelinga, av dette igjen 15 som driv med drift i India. I avdelinga jobbar det både økonomar og ingeniørar, hovudfokuset er på å forstå forretningsprosessar. Avdelinga er delt opp etter forretningsmessig kompetanse, td på salg, trading, produksjon etc. Dei mottek data frå heile verda, og leverer data i rapportform tilbake til heile verda.

Det vart diskutert problemstillingar rundt samanslåinga mellom Statoil og Hydro, den største utfordringa var MDM (Master Data Management). Begge selskapa brukte SAP, ulik konfigurasjon var og ei utfordring, men alt i alt ser ein på den datatekniske samanslåinga som ein suksess.
Etter dette gav Finn Tøgersen ein generell innføring i datavarehus og business intelligence, før han fortalte litt om StatoilHydros tilnærming. All data er samla i eitt Enterprice Data Warehouse, det er altså ikkje delt opp i såkalte datamarts. Så all rapportering stammar frå det samme grunnlaget. Diskplass er billig og vert stadig billegare, mens personalkostnader er høge og stigande. Det er derfor god økonomi å lagre mykje data, og legge til rette for å dei tilsette kan vera meir effektive i jobbane sine. SH er notert på NYSE , og må difor følge SOX -reglane om sporbarhet. Dette let seg om implementere i datavarehuset. Dei jobbar vidare med standardisere verktøy til sluttbrukarane, dette gjer det lettare å drive brukarstøtte samt at det er lettare for tilsette som skiftar stilling internt.

Etter dette vart det servert god lunch i kantina, før Nina
Reiersgaard demonstrerte eit system for produksjonsrapportering. Data vert målt på dagsbasis, henta frå 17 ulike kjeldesystem i tillegg til manuelle data. Skjermbiletet viste ulike målarar for produksjonen, med hovudfokus på verkeleg produksjon vs maksimal produksjon. Årsaken til avviket var og vist. I tillegg vart ein drilldown på dei ulike produksjonsplattformene for å finne meir spesifikke årsaker til avvik demonstrert.Systemet var raskt, intuitivt og svært oversiktleg.
 
Deretter kom Jan Brede Sandal på banen igjen for å fortelje om
Opimis-prosjektet . Dette er eit system som støtter kjøp og salg av olje. Dette systemet støttar tilsette på internasjonal basis. Målet ved systemet var å fjerne ein bunke med rapportar som vart generert kvar dag som var på ca ein meter (!) samt å erstatte ein urskog av Excel-ark som tradarane brukte tidlegare. Dette målet er nådd, samt at ein no klarar å levere tala til kl 10 om morgonen i motsetning til kl 16 på ettermiddagen. I dette systmet, som i dei andre, er det stort fokus på eit godt brukargrensesnitt, for å sikre at systemet vert brukt.

Til slutt demonstrerte Jarle Jacobsen litt meir rundt det tekniske i systemet. I SAP sitt verktøy viste han korleis ein bygger rapporter, og korleis ein genererer eit web-grensesnitt basert på brukaren. I dette tilfellet var det HMS-systemet vi fekk sjå, og han bygga ein spørring rundt skaderapportering. Spørringane kan byggast enten på enkelt-
kubar eller såkalla Multiproviders som bygger bru mellom enkelt-kubane. Svært interessant.

I det heile var det eit utbytterikt besøk, og takk igjen til StatoiHydro og alle dei som tok mot oss.

Bildeserie på Flickr  
 








Ingen kommentarer: