2D Boy - Pengar og piratar
Eg har i mine tidlegare bloggar tatt opp både piratar, dataspel og forretningsdrift, men ikkje i samme post. Dette gjer eg noko med no.
Den uavhengige spelprodusenten 2D Boy gav for eitt år sida ut spelet World of Goo. Spelet er ein suksess, med god omsetning på både som nedlasting frå WiiWare, Steam og 2D Boy sine eigne nettsider, i tillegg til fysisk sal gjennom t.d. Amazon.
I samband med eittårsjubileet for spelet lanserte dei ein "betal det du vil"-kampanje for spelet, og denne kampanjen har vore ein ubetinga suksess. I følge dei sjølve har heile 83 250 nytta seg av tilbodet, og dei betalte kvar i gjennomsnitt 3 USD. Av diverse årsaker vart PayPal sitt gebyr på desse transaksjonane rundt 15%, men eit grovt overslag viser at inntektene vart ca (12NOK*83250) 999000NOK for dei 13 dagane kampanjen varte! Det er slett ikkje gale, for eit eitt år gamalt spel, om med ein innsats som begrensa seg til eit par bloggar på 2D Boy sine nettsider. Som ikkje dette skulle vera nok, auka og salet av spelet på Steam (40%) og WiiWare (9%). Interessant lesning er og resultat for undersøkjinga av korleis kundene valde prisen dei betalte for spelet.
Då får det kanskje våge seg at dei fann ut at pirat-raten for spelet er 90% (eller var det 82%)? World of Goo er distribuert på PC utan DRM, slik at folk kan dele spelet fritt utan å måtte knekke kodar e.l. Dei trøstar seg meg at andre spel som brukar DRM har like høge, om ikkje høgar rate av piratkopiering. Dei viser til Marknadsdirektøren i Reflexive, Russell Carroll, som har rekna seg fram til at av dei som spelar spelet Ricochet Infinity har 92% ein piratkopiert versjon. Dette er ganske stygge tal, men dei viser at det ikkje har så mykje å seie for piratkopieringa om spelet er beskytta av DRM eller ikkje.
Ein anna oppsiktsvekkande konklusjon Carroll kjem fram til er: dersom ein stoppar 1000 piratar, vil dette kun føre til sal av eit ekstra spel! Så derfor må kostnaden med å stoppe piratane vegast opp mot inntekta ved det eine ekstra salet.
Lurar på om ein har nokre tal på dette i musikkbransjen, eller om ein der fortsatt trur at ei nedlasting er lik eitt tapt sal?
torsdag, oktober 29, 2009
mandag, oktober 05, 2009
Crowdsourcing IV - EES leverer!
I posten Crowdsourcing lenka eg til ein kronikk eg har skreve om bandet Electric Eel Shock som har finansiert det komande albumet sitt gjennom tenesta Sellaband. Kort fortalt, fansen har finansiert albumet ($ 50 000) gjennom å kjøpe andeler, og Sellaband har administrert. Eg kjøpte 10 andeler som kosta meg til saman US$ 100, på ein tid med gunstig kurs, så det vart ca 500 NOK.
I forrige veke kom pakka i posten frå Sellaband. For den relativt låge investeringa har eg motteke følgjande:
- 10 stk av EES-plata "Sugoi Indeed!", nummererte, i begrensa opplag på 5000, med to bonusspor. Har allereie fått solgt eitt eks for 100 kr, i tillegg har eg to til som skal ha albumet etter at eg posta på Twitter at eg hadde nokon eks.
- Takk på coveret til plata (Rock Demon, brukarnamnet mitt på Sellaband og "kunstnarnamnet" mitt i Lost at Last, er kreditert).
- Eit sy-på-merke der det står EES Ninja, ettersom eg kjøpte 10 andeler. Ninjastatusen skal gi meg rettar som gjestelisteplass, treff med bandet etc. EES skal spele påHulen komande onsdag (7/10) med The Cumshots, og bandet har faktisk gitt meg gjestelisteplass!
- I tillegg kan eg få inntekter av plate og nedlastingssal av "Sugoi Indeed!", ettersom eg er deleigar i utgjevinga. Det har eg ikkje rekna på, men ettersom eg kun eig 0,2% av utgjevinga, og inntektene vert delt likt mellom bandet, Sellaband og del-eigarane skal det litt til før vert noko å snakke om.
- I tillegg, og kanskje det viktigaste, får eg gleda av å støtte ein band eg set stor pris på!
I og med at eg har solgt ei plate for 100 kr, samt har spart 180 kr ved å sleppe inn gratis på konserten på Hulen, har eg langt på veg fått dekka investeringa allereie.
Konklusjon: dette ser ut til å fungere for både bandet og fansen. Så alle artistar: slutt å sutre og klage på nedlasting, bruk heller internett til å knyte nærare bånd til den ekte fansen!
mvh Tarjei, offisiell EES-Ninja!
Abonner på:
Innlegg (Atom)