Sider

torsdag, oktober 29, 2009

2D Boy -

2D Boy - Pengar og piratar

Eg har i mine tidlegare bloggar tatt opp både piratar, dataspel og forretningsdrift, men ikkje i samme post. Dette gjer eg noko med no.

Den uavhengige spelprodusenten 2D Boy gav for eitt år sida ut spelet World of Goo. Spelet er ein suksess, med god omsetning på både som nedlasting frå WiiWare, Steam og 2D Boy sine eigne nettsider, i tillegg til fysisk sal gjennom t.d. Amazon.
I samband med eittårsjubileet for spelet lanserte dei ein "betal det du vil"-kampanje for spelet, og denne kampanjen har vore ein ubetinga suksess. I følge dei sjølve har heile 83 250 nytta seg av tilbodet, og dei betalte kvar i gjennomsnitt 3 USD. Av diverse årsaker vart PayPal sitt gebyr på desse transaksjonane rundt 15%, men eit grovt overslag viser at inntektene vart ca (12NOK*83250) 999000NOK for dei 13 dagane kampanjen varte! Det er slett ikkje gale, for eit eitt år gamalt spel, om med ein innsats som begrensa seg til eit par bloggar på 2D Boy sine nettsider. Som ikkje dette skulle vera nok, auka og salet av spelet på Steam (40%) og WiiWare (9%). Interessant lesning er og resultat for undersøkjinga av korleis kundene valde prisen dei betalte for spelet.
Då får det kanskje våge seg at dei fann ut at pirat-raten for spelet er 90% (eller var det 82%)? World of Goo er distribuert på PC utan DRM, slik at folk kan dele spelet fritt utan å måtte knekke kodar e.l. Dei trøstar seg meg at andre spel som brukar DRM har like høge, om ikkje høgar rate av piratkopiering. Dei viser til Marknadsdirektøren i Reflexive, Russell Carroll, som har rekna seg fram til at av dei som spelar spelet Ricochet Infinity har 92% ein piratkopiert versjon. Dette er ganske stygge tal, men dei viser at det ikkje har så mykje å seie for piratkopieringa om spelet er beskytta av DRM eller ikkje.
Ein anna oppsiktsvekkande konklusjon Carroll kjem fram til er: dersom ein stoppar 1000 piratar, vil dette kun føre til sal av eit ekstra spel! Så derfor må kostnaden med å stoppe piratane vegast opp mot inntekta ved det eine ekstra salet.
Lurar på om ein har nokre tal på dette i musikkbransjen, eller om ein der fortsatt trur at ei nedlasting er lik eitt tapt sal?










Ingen kommentarer: