Sider

lørdag, februar 27, 2010

Facebook-annonsering: Test!

Facebook-annonsering: Test!

Etter posten min i går kom eg i ein fin diskusjon med Kjetil Johnsen, som driv med nettopp datavarehus og BI. Han utfordra meg til å teste annonseringa, og her er resultatet:

Eg spelar i eit obskurt rockeband som kallar seg St Satan (ja eg veit, namnet!) som nettopp har gitt ut ei plate. Sjølve innspelinga og utgjevinga er verdig ein blogg i seg sjølv, ettersom det vart brukt både sosiale medier og digital distribusjon i tillegg til å vera ein kommentar til musikkbransjen, det kan ein lese meir om på bandets blogg

Iallefall, eg klikka på lag annonse på Facebooksida til bandet, og etter å ha kort forfatta teksten til annonsa fekk eg velge kven denne annonsa skulle rettast mot:


Eg valde det som eg trur er dei mest aktuelle landa for bandet, samt nøkkelorda Clutch og Down, begge er namn på band som er i same sjanger som St Satan. Facebook gav meg då kjapt talet på målgruppa mi, altså Facebook-brukarar i dei aktuelle landa som har gitt uttrykk for dei banda eg satt som nøkkelord:


Bandet mitt har altså 14220 akutelle fans i dei aktuelle landa. Ikkje verst! Det daglege budsjettet vart sett til 10 kr, og kampanjen betalast ved CPC, kostnad pr klikk. Det neste eg fekk vite var kor mykje det kostar meg kvar gong nokon klikkar på anonnsa:


3,91 kroner kostar det altså for oss å sikre oss ein ny tilhengar. Er det verd det? Dersom alle no skulle bli tilhengarar av St Satan, ville kostnade verte 14220*3,91=55600,2 og det vert litt stivt for eit undergrunnsband. Til samanlikning meiner eg at Chess betalte 35 kr pr klikk i sin kampanje. 

Iallefall, eksperimentet er spanande, og vi står nok i nokre hundre kroner for å få opp fanbasen. Det neste no vert å sjå korleis Facebook rapporterar!

2 kommentarer:

Sofasatan sa...

Interessant! Eit spørsmål er sjølvsagt kva ein får for den 3-4 kronene, er ein "fan" på Facebook det same som ein ekte fan? Mi erfaring frå invitasjonar, arrangement etc på Facebook er at lojalitet og truverdighet har gått ned etter kvart som bruken har gått opp. Altså: om ein har 100 påmeldte til eit arrangement i dag kan det fort skje at ingen kjem. Dersom ein hadde 100 "attending" for to år sidan var det eit ganske reelt tal.

Tarjei A Heggernes sa...

Bra med diskusjon! Er kome i den litt kinkige situasjon at eg har gode kommentarar både på bloggen min, Facebook og på Google Buzz. Så då får eg publisere tvers over fjøla.

Kjetil: Det er svært vanskelig å vurdere om prisen er rett. For kvar nye fan kan det komme fleire til, og facebook publiserer jo i newsfeeden når venene dine blir tilhengarar av noko, så då kan jo i prinsippet eksponeringa bli eksponensiell av eit klikk. Og kor mange plater, konsertbillettar etc dei 4 kr i dag kan leie til i framtida kan ein berre gjette seg til, spesielt sidan forretningsmodellar i musikkindustrien ikkje akkurat er låste for tida! Og vi er eit totalt DIY-band, Karisma distribuerer det fysiske for oss. Transparens er jo eit moteord for tida, og bortsett frå steinbitblodet, jomfruene og dei tette bånda vi har til den svenske kongefamilen og eit søramerikansk bacalao-kartell er vi opne om det meste. Plateinnspelinga inkl trykking kosta oss ca 17000, og det budsjettet er gått i 0 etter at ein ørliten egenkaptal, billettinntekter og salg på sleppefesten + kjøp internt i bandet er gått med. Så alt fysisk salg heretter er rein netto, slik at viss kvar 10 nye tilhengar finn på å kjøpe fysisk, vil det svare seg.

Jens: eg er med på at "click is cheap" er den nye "talk is cheap". Men merkeleg nok, på sleppefesten var det 60 stadfesta gjester på Facebook, og billettsalget var det dobbelte!

Kenneth: Reknar med at det er klikk som fører til sida som tel. Men, når dei kjem der og høyrer Abs si vakre røyst og mine sensuelle kjærteikn på gitarhalsen, skal vel mykje til for at dei ikkje vert tilhengarar!

Jan: Jepp, er sikker på at dette kan funke for dataspel og :)