Sider

onsdag, april 14, 2010

Kan musikkbransjen friskmeldast?

Kort oppsummering av seminaret "Recorded music - business models and skills needed in tomorrows music industry" - Bylarm 2010

IMAGE_323

Seminaret vart opna av Daniel Johansson frå Trendmaze, som ser ut til å vera Business Intelligence for plateindustrien. Han viste seg å vera ein bra man med fleire gode poeng, og eg likte godt at han kom frå databransjen. Eit av poenga var at musikkbransjen har ein slags data-aversjon, og for dei som har det er det eit stort hinder for å drive god butikk. Han gjekk så langt som å seie at ein musikkentreprenør er det samme som ein IT-entreprenør!

Ein av arrangørane av seminaret var Innovation Music Network, som blant anna står bak musikkbransje-utdanningar i Dalarna og Karlstad i Sverige samt eit bachelorprogram ved Høgskolen i Hedmark. Det passa då bra at første foredragsholdaren var Tom Hutchinson, professor ved MTSU ved Department of Recording Industry. Utdanninga dekkjer alt frå management, studioinnspeling, produksjon av konsertar o.s.b. Han slo fast at musikk no er ein multiplattform underhaldningsform, at cd er døllt og dødt, alle fysiske format vil berre komme til å fungere som minner frå konsertar eller samleobjekt, og det kan like godt vera usb-format som CD.  Inntektskildene delte han opp i tre: publishing --> radiospeling, platesalg --> lisensisering og turnering. Plateselskapa har tatt fokus vekk frå fysisk distribusjon, og jobbar hovudsakleg med marknadsføring og finansiering (noko som var ein av konklusjonane i HAS-oppgåva mi frå 2005). Det er no lettare, sjølv om det ikkje er lett, for artistane å gjere meir sjølv, både innspeling, videoproduksjon, marknadsføring og distribusjon er no tilgjengelig for alle takka være digital teknologi. "The long tail" kan skaffe ein liten men stabil straum med inntjening på gode utgjevingar. Teknologien fangar i tillegg inn mykje meir brukardata gjennom digital distribusjon, og dette er ei svært verdifull kjelde for analyse. Det verkar som bruk av BI-løysingar ikkje har kome særleg langt i denne bransjen. Og folk vil oppdage musikken sjølv gjennom vener og sosiale nettverk. Eit siste poeng han hadde var brukarkategorisering av musikk i 3 lag: 

1. Musikk brukarane vil eige og betale for 
2. Musikk brukarane vil betale for å lytte til
3. Musikk brukarane vil lytte til dersom den er gratis. 

Den neste foredragshaldaren var Carl Blom frå Flagstone. Eg fekk ikkje med meg bakgrunnen, men  han var iallefall ikkje førebudd til dette seminaret. Så han brukte tida si til å understreka at band må byggast som brands, samt fortelje anekdoter som var underhaldande men ikkje så matnyttige. 

Sistemann var Robert Wells frå Universal. Han starta foredraget sitt med å fortelje om korleis han som nytilsett var involvert i ein skuleturne med Take That, der dei samla adresser hjå småjentene til fanklubben. Det var like før bandet mista kontrakta si på grunn av dårleg platesalg, men nettverksbygginga gjennom skuleturneen og utsending av info til jenteromma gjorde at den avgjerande singelen gjekk rett til topps i England. Ein artig "offline-community" som på mange måtar fungerer på samme måte som nettsamfunn i dag. 
Robert Wells er ein tøffing. Han brukte mykje tid på å fortelje kor øydeleggande og idiotiske fildelingspiratar er, og at det har ein stor negativ effekt på musikkbransjen. Blant anna meiner han at det verkar inn på tilgangen av nye artistar. Målet hans er å knekke piratane, ikkje utelukkande gjennom lovar, men ved å få dei til å sjå dumme ut. Argumentet hans gjekk slik: "Så du trur du er tøff ettersom du har 500 000 låtar på ein disk heime? Eg har tilgang til 6 millionar spor, rett inn på mobiltelefonen min!" Eit alternativt argument kunne vore "Så du trur du er tøff som har bunkevis med porno? Eg har dame!" Så han har iallefall trua på abonnementstenester.
Deretter tok opp dette med ISP. Eg har tidlegare påpeikt at ISP'ar har hatt store inntekter takka være ulovleg fildeling, og han meiner at eit samabeid med ISP må til, i staden for saksøking. Dersom ein sel musikktenester saman med breibandet kan det skaffe ISPane meir lojale kunder, og dersom ein gjer ISP ansvarlege for ulovleg fildeling, som igjen gjer at dei kan stenge breibandet ved overtramp, gir dette ISPane eit kontaktpunkt med kunden. Så når kunden ringer for å få opna nettet, har ISPane ein sjans til å selge dei meir båndbredde, IP-telefoni, abbonement på t.d. film og spel-tenester. 
Han kom inn på den store miljøgevinsten ein oppnår ved digital distribusjon. Det er merkeleg at ingen har lagt meir fokus på det! Og i tillegg, som første foredragshaldar, snakkar han varmt om analyse av marknadsdata som digital distribusjon gjer tilgang til. 

Han meiner at framtida vil verte slik: 

  • Fler og fleir vil gå over til abonnements-løysingar for musikk
  • Musikken kjennes som om den er gratis - som vatn
  • Og fleire tiltak mot piratar vil komme. 

Så for å oppsummere - kan musikkbransjen friskmeldast? Desom eg skal døme utfrå haldningane til Robert Wells aleine vil eg seie at dei iallefall er på god veg. Vekk frå sutring og sauefakter, til å  mobbe piratar og dele byttet med ulvane som tidlegare har skodd seg på ulovleg nedlasting.
Legg inn en kommentar