Sider

fredag, juni 04, 2010

Bloggbasert læringsnettverk

I fjor haust hadde eg eit opplegg i ein av klassane mine med eit bloggbasert læringsnettverk. Det gjekk ut på at alle i klassen måtte publisere to lengre og 10 mindre bloggpostar, samt at det var eit krav til at ein posta 40 kommentarar på andre sine bloggpostar. Teknologisk sett var læringsnettverket basert på Wordpress Multiuser, og sett opp av Mediesenteret her ved Høgskolen i Bergen.

Eg vil muligens skriva ein lenger bloggpost om erfaringane mine med denne læringsforma seinare, eg har vorte invitert til å presentere opplegget på Johan Arndt-konferansen førstkomande mandag og har i samband med det laga ein presentasjon som eg vil dele i denne posten:


Presentasjonen er laga med Prezi, eit verkty eg har høyrd mykje skryt om men som eg ikkje har prøvd før no. Erfaringane etter å ha laga ein presentasjon er gode, det er lett i bruk, det funkar stort sett bra å jobbe i nettlesaren (det vart litt heng, men ikkje så gale), og resultatet ser iallefall litt friskare ut en gamle trøtte Powerpoint!
Legg inn en kommentar