Eg har lenge vore interessert i lokasjonsbaserte tenester som Gowalla, Foursquare og den komande Facebook Places. Då eg fekk meg telefon med støtte for slike tenester, prøvde eg ut både Gowalla og Foursquare og fann ut at begge hadde sine fordeler og ulemper, men av ein eller annan grunn kasta alle mine teknologifikserte vener seg på Gowalla, og ettersom sosiale nettverk utan vener er traurige saker, byrja eg å bruke den tenesta. Eg har faktisk brukt tenesta ganske så aktivt dei siste 7 månadene, og pr dags dato besøkt 203 ulike plassar i 6 ulike land, dei ulike besøka mine er visualisert her: http://www.weeplaces.com/tarjei-heggernes6/ (nb: ein kan zoome inn og ut).
Kort forklart går det ut på at eg, i tide og utide, tar fram telefonen min, startar opp Gowalla-applikasjonen, den lokaliserer kor eg er ved hjelp av gps og wifi eller mobildatatrafikk, viser meg ulike spots (bygningar, verksemder, parkar etc) i nærleiken av der eg er og gir meg sjansen til å sjekke inn på den plassen eg er på, og dermed lage ein kobling mellom meg som person, plassen og tidspunktet eg sjekka inn på. Dersom akkurat den plassen eg sjekkar inn på ikkje fins, kan eg opprette den. I tillegg til dette kan eg ta eit bilete med telefonen og knytte det til plassen eg har sjekka inn på, eg kan kommentere på plassen, og eg kan sjå kven som eventuelt har vore der før meg. Dette er då synelg for mine venner (og faktisk offentleg, ettersom eg brukar den instillinga), og eg kan og sjå kor mine vener er sjekka inn til ein kvar tid. Denne informasjonen kan delast med enno fleire ved å velge at innsjekkinga skal postast på Facebook eller Twitter.
Interessa mi for dette fenomenet er først og framst fagleg(trur eg), og det fins ein del artiklar om korleis bedrifter kan gjere nytte av denne trenden, blandt anna denne frå Mashable. Men, enn så lenge sjekkar eg inn over alt, egentleg utan at det er nokon klare fordelar med det, anna enn å lære. Kvifor gjer eg det?
Det er det fleire som lurar på. Eg deltok i dag i ein strukturert samtale, datainnsamling om du vil, sett i gang av doktorgradsstudenten Clare Hooper. Ho brukte ein metode som, såvidt eg kan sjå, ho har vore med på å utvikle som er kalla TAPT (teasing apart, piecing together) for å finne fram til den destillerte opplevinga av å bruke innsjekkingstenesta Gowalla. I tillegg til meg var førstemanuensis Jill Walker Retteberg, Linn Søvig frå Friele, student Vegard Olsen og ein mann med flott skjegg som heiter Kristian. Alle brukar Gowalla i varierande grad, og vi diskuterte oss gjennom TAPT-rammerverket. Og utan å røpe for mykje av det som eg reknar med vil verte publisert seinare vil eg dra fram eit par av tinga vi kom fram til:
- Dette handlar litt om å uttrykke seg; her er eg!
- Det handlar om å dokumentere det keisame livet ein lever, samt å gle seg over dei situasjonane der ein bryt med det keisemda og får sjekke inn på nye spanande plassar.
- Vi diskuterte at vi er ein gjeng med triste geeks, ettersom vi treng ei teneste som dette for å stadfeste vår eksistens.
- Men, alle synes det var gøy å bruke Gowalla, og alle hadde glede av å samla på plassane dei sjekkar inn, samt å samla på items, stamps og pins som ein får utlevert etter meir eller mindre faste reglar etterkvart som ein sjekkar inn.
Var vi klokare? Tja det veit eg ikkje, men iallefall var det godt å få snakka med likesinna. Sjølv om vi er ein gjeng med "sad geeks", er det ei lita trøst i at vi er flerie.
2 kommentarer:
Triste geeks!
...Huxley var antagelig den som var mest "spot on" vis-a-vis Orwell - vi kommer til å gå smilende og frivillig inn i storebrorsamfunnet ;)
Jeg liker oversettingen din av "teasing apart and piecing together"! Mannen med skjegget er forresten Kristian Bjørkelo, også kjent som Mad Mullah.
Legg inn en kommentar