Sider

søndag, juni 05, 2011

Sosiale medier og onkel i kroken.

Foto: http://www.flickr.com/photos/tupwanders/
Forrige onsdag vart eg invitert til sjølvaste Dagsnytt 18 for å diskutere bruk av twitter med e24-redaktør Per Valebrokk (@valebrokk) og leiaren i FpU, Ove Vanebo (@vanebo). Bakgrunnen for debatten var saka der politisk redaktør Marie Simonsen (@mariesimonsen) følte seg trua på livet av ei twittermelding sendt av leiaren i FpU Bergen, Christoffer Thomsen (@christthomsen). Du kan sjå innslaget her.

Vanebo meiner at pressen er for hissig med å blåse opp meldingar sendt i sosiale medier, og at dette kan føre til at vi får ein fattigare samfunnsdebatt. Han trekkjer fram saka der Knut Haavik uttalte at damefotball er handikappidrett. Men det stiller seg no slik at twitter-meldingar er offentlege, og til og med statusoppdateringar i den meir lukka Facebook-plattformen og er godkjent som kjelder av PFU.

Pressen kastar seg over uttalingar på twitter, men dette kan endre seg over tid. Det er derfor heile tida viktig å følge med og kjenne mediumet når ein vurderer kva ein bør eller ikkje bør poste. Min analogi i debatten var at  twitter er ein stor fest der alle kan snakke saman og kose seg. Men, i hjørnet sit onkelen din og får med seg alt som skjer, og dersom han finn det for godt sladrar han til foreldra dine. Twitter skal vera eit personleg og uformelt medium, men det er ikkje ein heime-åleine fest!

Illustrasjon: http://www.flickr.com/photos/petesimon/3365095019/
Når dette er sagt: eg er usikker på om samfunnsdebatten vert fattigare av at hets av dei handikappa og halvhjerta dødsønsker forsvinn. Eg har tidlegare tatt til orde for at ein skal vera engasjert på twitter, mange vil miste interessa for mediet dersom dette vert berre enno ein plass å sende ut pressemeldingar. Stikkord for dei som skal bruke twitter er: korleis vil du framtså som person, start gjerne ein debatt men tenk på om utspelet ditt gjer bilde av ein seriøs debattant, og tenk litt på korleis dine motstandarar kan tolke og bruke utspelet mot deg.

Kva er så pressen si rolle? Det vart antyda i debatten at pressen er den kjipe onkelen, men eg ser det slik at pressen har foreldrerolla her. Twittermeldinar som er "på kanten" kan kome direkte til pressen eller via omvegar (onkelen), men det er framleis opp til pressen å velge ut kva det er noko poeng å lage ei sak av. Dette vil og påverke kor friske ein tør vera i sine utsagn i sosiale medier.

Kva meiner du?

Ingen kommentarer: