Sider

tirsdag, august 16, 2011

Google Plus: Potensiale I

Eg diggar Google. Gmail-brukar iallefall sidan 2005, brukar og mykje Google Docs, samt at eg er ein svoren Android-tilhengar. Eg har alltid vore spent på Google sine nye satsingar, sjølv om det av og til er skuffande, slik som Google Buzz og Google Wave. Men for all del, det er jo gratis tenester, og Google er jo notoriske for å prøve seg fram, dei fleste produkta deira er merka “beta” som betyr at dei enno er i utviklingsfasen.

Det var uansett med stor spenning eg prøvde ut den sosiale plattformen Google lanserte i sumar: Google Plus. Mykje er sagt om plattformen (det er det eg vil kalle den) allereie, og mykje av det på sjølve Google Plus (meta!), og her oppsummerer eg mine tankar.



Bruken

Oppsettet er enkelt nok, dersom du ikkje har ein Google Profil vert du bedd om å setje det opp (her er forøvrig min profil: +Tarjei), og dersom du brukar Gmail vert dei du har korrespodanse med foreslåtte koblingar. Eg kallar det ikkje venner, for poenget her at du ikkje må vera venner med dei du vil følge. Google Plus har difor sirklar, eller circles, der du kan plassere ulike personar. Eg har ein sirkel for vener, ein for famile, ein for kjenningar, og ein for folk som eg ikkje kjenner men som har ting å melde som eg gjerne vil følge med på. Dette er til ein viss grad implementert i Facebook som grupper, og på Twitter som lister, men er her mykje lettare i bruk her.

Det som apellerer til meg her er kontrollen over kommunikasjonen. Via grensesnittet til Google Plus kan eg melde med ein enkeltperson og halde ein konversasjon på “veggen” kun med den personen, eller eg kan poste noko offentleg, som alle, sjølv dei som ikkje følger eller har meg i sirklar kan lese. Desse offentlege meldingane vil no og dukke opp i Google-søk, noko som og gir eit fortrinn i forhold til Facebook sitt lukka system. Mellom privat og offentleg er det utalllige mogelegheiter for kommunikasjon, når eg postar bilete av dattera mi gjer eg det no til sirkelen familie. Sjølv dei som ikkje brukar Google Plus får då lenke til bildene via e-post. Det vert som i kvardagen; noko deler du med familie, noko deler du med kollegaer, noko deler du med gutegjengen. Google Plus gjer dette lettare.

Postane til dei du har i dine sirklar vises i det som kallast “Stream”. Her kan du velge å sjå meldingar eller oppdateringa frå alle sirklane dine, eller kun for ein enkelt sirkel. Vil du ha nyhende og synspunkt frå den store verda kan du få det (oversikt over interessante personar på Google Plus fordelt tematisk finn du her), vil du vite kva venene dine driv på med kan du det. Og dersom du har lagt personar frå eit spesielt fagmiljø i ein sirkel, kan du velge å sjå kva som vert diskutert  her. Måtene ein kan interagere med andre sine oppdateringar er å kommentere dei, dele dei vidare med dine sirklar eller offentleg, eller å gje dei +1.

+1 vert som “likar” på Facebook. Det er ein måte å vise at ein likar posten på. Google har også implementert +1 slik at du nok kan bruke det i søk, dersom du trykker +1 ved sida av eit søkjeresultat eller direkte på ei nettside vil kontaktnettverket ditt kunne sjå at du “godkjenner” denne lenka. Eit smart trekk av Google, for hovudgesjeften deira er søk, og dette vil gjere søkeresultata bedre og meir sosiale. På Google Profilen fins det ei arkfane der du kan sjå kva du, eller andre som har gjort den fana offentleg, har gitt +1 til. Men, det er ikkje heilt konsistent, det er kun nettsider du har gitt +1 som viser der, og ikkje postar på Google Plus du har +1 på.

Potensiale:

Google Plus har fleire spanande funksjonar. Eg sparar dei til ein annan bloggpost og tar opp det eg meiner er nytt for funksjonaliteten over.

Sjølv likar eg bedre det Google Plus gjer i forhold til Facebook, og på nokon områder twitter. Akkurat no er det mest teknologi-interesserte som har lagt sin elsk på tenesta, og eg ser ikkje for meg at den store mengden migrer frå Facebook - enno. Det er og tydeleg at brukarmassen prøver seg fram med kva dei postar. Men, der eg ser eit potensiale i tillegg til privatbrukarar er bedriftsbrukarar

Google tilbyr e-post, kalender, samarbeid om dokumenter m.m. via tenesta Google Apps. Kort sagt går det ut på at Google tar seg av ei bedrift sitt behov for desse tenestene, slik at dei slepp ha e-post servarar etc som dei må drifte sjølv. Og det er akkurat her eg ser eit potensiale: Bedrifter som brukar Google Apps kan definere lister, som økonomiavdeling, marknadavdeling etc, i tillegg til A-kundar, B-kundar etc. Ein kan då skreddarsy mottarane av meldingar og postar, frå enkelt-tilsette, enkelt-kundar til større og mindre grupper, og halde kommunikasjonen i dialog under posten. Dei i økonomiavdelinga kan sjå på kva dei i marknadavdelinga postar offentleg, og dette vil kunne bedre kommunikasjon og gi eit bedre overblikk over drifta.

Google Plus har lagt til ein navigasjon-meny som no er felles for alle Googletenester, og den gir tilgang til å dele oppdateringar, lenker etc direkte frå navigasjonsmenyen. Eg trur at Google etterkvart vil gjere det lettare å samarbeide om t.d. rekneark via denne menyen og ved hjelp av Google Plus. Dette vil kanskje kunne hjelpe med å få oversikt over kven som har redigert og jobba med ulike rekneark, og dermed sikre riktige tal.



Kort oppsummert: 
Facebook er viktig for bedrifter, men først og framst som ein kommunikasjonskanal mellom ei merkevare og forbrukarane. Til bedriftsintern kommunikasjon er Facebook uegna, og det er ofte tilrådd å ikkje vere vener med kollegaer og overordna på Facebook. Likevel, kommunikasjon via sosiale nettverk har for lenge sida tatt over for kommunikasjon via e-post, og å dele informasjon, og å lese det i ein feed, stream, straum slik som på Twitter eller Facebook kan ein no kanskje sjå på som ein standard for å ta til seg informasjon. Den yngre generasjonen vil nok forvente at og bedriftsintern informasjon vert servert på denne måten. Og dette klarar Google Plus å levere. 


Sjå ellers bloggposten frå Ane om sirklar og vener: Hvorfor G+ er stedet for meg.

2 kommentarer:

Ane sa...

Veldig god oppsummering. Og veldig bra med det tekniske som du har lagt vekt på i innlegget ditt, da mitt var mer på den sosiale bilten. Linker til innlegget ditt i innlegget mitt også jeg, og så har jeg puttet deg i "Blogger" sirkelen min også slik at jeg kan følge fremtidige blogginnlegg fra deg.

Tarjei A Heggernes sa...

Takk så mykje Ane! Din post er ein bra oppsummering av den sosiale biten. Og takk for lenka, har lagt til di lenke her og.