SXSWi er ikkje berre programmerings-nerdar, socialmedia-hipsters og Mad Men på fest. I forkant av konferansen er det ein eigen konferanse med fokus på undervisning; SXSWEdu. Ikkje så hipt som resten av SXSW, men eg vurderer å få det meg meg til neste år. Dei hadde iallefall ein frå Star Trek i programmet i år. Uansett, dei har og ein del sesjonar under sjølve SXSWi som er retta mot undervisning. Eg brenn for fagfeltet mitt, digital forretningsforståing, eg brenn og for formidling. Yrket mitt er høgskolelektor, og eg har tenkt å halde på med det ein stund, eg ser difor etter metodar som kan gjere læringseffekten for studentane mine optimal. Har tenkt mykje på dette: Er å stå og gjenfortelje det same, år etter år, verkeleg er til det beste?
How Technolocy is Killing (or Saving) the Lecture
Journalisten Jeff Young tok i denne seansen utgangspunkt i boka Academically Adrift som tar opp at det er begrensa med læring som foregår i høgskular og universitet. Han starta med å vise videoen under, som innheldt litt synspunkt frå studentar:
Kva er då vitsen med å bruke mykje tid og pengar på høgare utdanning? Teknologien han meiner tar livet av forelesinga er:
- Bruken av powerpoint og liknande verkty er, sjølv kor lite vi likar det, den største teknologiske nyvinninga innan udervisning på aldri så lang tid. Forelesar-karaoke kalla han det, og der skal eg inrømme at eg er skuldig.
- Video. Fleire og fleire anerkjende skular som legg sine forelesingar fritt tilgjengeleg på nettet. Kvifor skal studentene høyre på meg, når dei kan sjå forelesinga til ein Harvard-forelesar på nett, når det passar dei?
- Dingsar. Studentene er meir opptatt av nettbrett, smart-telefonar og andre datamaskiner enn forelesinga.
- Google og wikipedia. Alt som ein kan finne på å snakke om i ein forelesingssal er tilgjengelig for studentane heile døgeret, men kun eit par tastetrykk.
Kva er då teknologien som kan redde forelesinga? Jo, det er sjølvsagt den samme som kan ta livet av den:
- Video. Ved å legge ut videoar med forelesing kan tida i klassen brukast til diskusjon. Khan Academy, og meir lokalt her i Bergen Elisabeth Engum er eksempel på dette.
- Dingsar. Eg sjølv såvidt prøvd ut "live avstemming" med Polleverywhere, der studentane kan stemme på ulike alternativ ved hjelp av web og mobil, og det funka bra!
- Web 2.0. Her har eg og sjølv brukt blogging i klassen i fleire fag, med gode resultat. Tanken er her at studentene deler kunnskap med kvarandre.
Den gale professoren som superhelt
Bilde frå www.facebook.com/plaidavenger |
Alle treng heltar. Christian Brosstad frå Sparebank1 snakkar om det i sine foredrag, han har mellom anna Richard Branson frå Virgin og han der Voldemort med eple-produkta som heltar. Teiknaren Hugh MacLeod, som eg såvidt traff under SXSW, kallar sine heltar for "beacons", altså fyrtårn. Bortsett frå at eg hugsar Victor Normann sine forelesingar med glede frå tida som student ved NHH, har eg ikkje direkte heltar når det kjem til forelesarar. Ein helt for meg er Lemmy frå Motörhead; kompromisslaus i det han gjer, samtidig som han er intelligent og har respekt for tradisjonar og historie. Men no er eg kanskje på veg til få meg ein helt i form av ein superhelt i ruta dress: The Plaid Avenger.
John Boyer har store klassar, faktisk 3000 i slengen. Ikkje online, dette er 3000 studentar som stiller opp fysisk i forelesingane hans! Ikkje nok med det, pensum i faget (World Regional Geography) er laga i teikneserieformat med godaste Boyer som superhelten The Plaid Avenger, som flyr verda rundt, for studinene til å dåne (!) og som har ein romanse med kursassistenten sin Katie Pritchard (berre i teiknserien antar eg?). Og det går sjølvsagt an å kjøpe øl-glas med The Plaid Avenger (sjå nederst på sida).
Dette er jo totalt galskap, og eg beundrar dei store visjonane, og ikkje minst dei store ballane ein må ha for å gjennomføre dette. Kanskje mine studentar og ville kjøpt halvliterglas med mitt bilete på?
Uansett ser det ut til å funke. Forelesingane engasjerer, og studentane les gjerne ut heile pensum på kort tid, fordi dei vil og ikkje fordi dei må. Men korleis håndterer han studentmassen?
- Evalueringa i kurset er spesiell. Studentene får i starten av semesteret ei liste med oppgåver dei gjennomfører i løpet av kurset, den totale poengsummen som er mogeleg å oppnå er 1500 poeng, kravet til ein A er 1050 poeng. Det er ein del automatisk vurdering, men og utstrakt bruk av studentassistentar, slik at vurderinga er både kvantitativ og kvalitativ. Sjå (uklart) bilete under:
- Legg til rette for interaksjon mellom studentane i størst mogeleg grad, ettersom han då slepp å interagere så mykje med dei. Eksempel på dette er bruk av blogg, forum, og twitter. Ei av oppgåvene nokre studentar (150 trur eg) kan velje er å tweete som statsleiarar: Plaid Obama, Plaid David Cameron, Plaid Kim Jong-il (som er forbausande aktiv!)
- Podcasten Plaidcast, der aktuelle saker blir tatt opp
- Kontortid via Ustream, der han er på webcamera og svarar på spørsmål som kjem inn via chat.
- Spelelister på turntable.fm (ikkje tilgjengelege utafor USA).
- +++
Så vidt eg kan forstå, er desse timane populære blant studentane. Dei er og populære i instituttleiinga, det må jo vera svært kostnadseffektivt! Og han er sjølvsagt upopulær blant kollegaene sine som både meiner at dette er tull og tøy og at det lagar urealistiske forventingar til seinare forelesingar.
Ein svært inspirerande sesjon var det, og langt på veg er The Plaid Avenger ein helt for meg no, ettersom han gjer mange ting eg kunne tenkje meg å prøve, og viser at det går an å tenkje nytt innanfor denne tradisjonelle bransjen. Men på samme måte som eg hverken stiller meg bak eller prøver å gjennomføre same narkotika og alkoholkonsum som min andre helt Lemmy, er det ikkje alle metodene her som passar meg.
Og så til slutt;
Ein annan sesjon som i og for seg ikkje var så interessant, introduserte meg for omgrepet Learning Analytics. Business Intelligence (som eg og underviser i) går ut på at bedrifter måler "performance" i ulike deler av bedrifta, og baserer beslutningar på informasjonen dei då får. Eg har i liten grad tenkt på at nokon av desse prinsippa også kan brukast i handtering av studentar, men når eg tenkjer meg om ser eg at ein godt kan lage eit opplegg der dette iallefall kan brukast til ein viss grad. Her må eg berre tenkje, og gjere meir!
Så, kva synes de om forelesar-superhelten?
Er det noko her de kunne tenkje dykk å ta i bruk? Vil teknologien drepe den tradisjonelle forelesinga? Og kven er heltar for dykk?