Eg tweeta i dag tidleg at eg hadde starta slåsskamp på Pyro-forumet, og det varte ikkje lenge før Den Unge Herr Holm tok turen for å sikre at det vart eit skikkeleg blodbad. Det viste seg at i staden for rå vold delte Kim ut velretta slag med sitt sylskarpe tastatur og godt gjennomtenkte argument. Ellers har Ivar Peersen brukt store delar av dagen sin til å diskutere med fansen der.
Faro-redaktør og Pyro-programleiar Asbjørn Slettemark posta ein lenke til saken på Farojournalen sine nettsider, samt at han har mottatt mail frå både plateselskap, artistar og andre som berømmer debatten positivt i forhold tilsvarande debattar på andre nettsider. Heavyrockarar er smarte!
Den Unge Herr Holm har laga ein artig oppsummering av debatten på sin blog, og med illustrasjonar av nokre av deltakarane. Bloggen Droneland har også plukka opp saka.
Debatten pågår enno, og siste rykte er at det pågår ein twitterkampanje for å få TPB-fanboys til å oversvømme debatten.
Den som føl med får sjå!
2 kommentarer:
Dessverre virker det som om ryktene om Twitterkampanje var svært overdrevet, men... Hadde jo vært moro!
Eg veit, eg veit. Eg burde sikkert kaste meg inn i debatten, men det er dette med arbeid og slikt.
Held det at eg jamnleg sleng ukvemsord i retning Den Unge Herr Holm? Er det bidrag? ;-D
Legg inn en kommentar