Sider

tirsdag, november 17, 2009

Smittevern og personvern

Smittevern og personvern

Ettersom eg har ei datter i prioritert gruppe, Aurora på 11 månader, reiste eg opp til Brann Stadion forrige torsdag for at eg og ho skulle få vaksine.
Gjennomføringa av vaksina var svært effektiv. Tok gratisbuss frå bystasjonen kl 0900, og var ferdig vaksinert saman med 173 andre då klokka var 10:01 (dette veit eg fordi eg, som ein teneste til andre som vurderte å vaksinere seg, oppdaterte status på facebook fortløpande).
Men, det som derimot ikkje var så bra var handsaminga av personvern i samband med vaksinen. Før vi vekk vaksine vart vi registrert med fødsels og personnummer, fekk utskrift som vi tok med inn til sjølve vaksinasjonen, og leverte frå oss etterpå ved betaling av vaksinen. Ettersom vi skal ut å reise eit par gonger i løpet av den næraste tida ville eg gjerne ha stadfesta at vi har fått vaksine, og fekk ein kopi av registreringa som kvittering på det. Kvitteringa ser slik ut:

Då eg såg over kvitteringa heime, låg eg først merke til at eg fekk fullt namn, fødselsnummer og personnummer på sist registrerte vaksinasjon! Dette er svært grovt. Med det nummeret kunne eg ha oppretta bankkontoar og kredittkort i namnet på den sist registrerte, og ellers fått tak i store mengder informasjon om vedkomande. Det har vore mange saker om identitetstjuveri i det siste, og så seint som på laurdag formiddag ringte banken min og lurte på om eg hadde nettopp hadde brukt 1800 NOK på Wal-Mart i Mexico (noko eg ikkje hadde). Dette er det tredje kortet som har vorte misbrukt i familien i dei siste månadene. Og eit personnummer i gale hender er potensielt enno verre enn eit kortnummer.
I tillegg låg eg merke til at ein person som heiter Nina var innlogga for å registrere vaksinene, men det var vitterleg (ein svært hyggeleg) mann som stod registrerte oss. Innlogginga er via MinID, som og er ein personleg innlogging. Så sjølv eg eg er ganske sikker på at denne mannen hadde berre gode hensikter, kunne han dersom han ville fått tilgang til fleire offentlige tenester i denne Nina sitt namn.

Eg er glad for at det offentlege tar ansvar for å vaksinere folket mot pandemien, og at dei i tillegg gjer det effektivt, men er svært lite nøgd med at dei deler ut fødsels og personnummeret mitt til uvedkomande. 

Legg inn en kommentar