Sider

tirsdag, desember 08, 2009

Trivelege telefonterroristar!


Då eg kom heim frå jobb i dag, hadde eg fått levert blomar på døra. Eg trudde det var i samband med at dottera mi, Aurora, fyller eitt år i dag, men det var ikkje det. Blomane var frå Uno Business Solutions.

Dei siste dagane har eg vore plaga av ein oppringar frå nr 3104444. Dei siste fjorten dagane har eg i snitt vorte ringt opp i snitt ein gong om dagen, gjerne fleire gonger same dag, så seint som 2100 om kvelden, og gjerne i helgene. Dei gongane eg har svart har oppringaren som regel lagt på. Eg veit jo at det slik telemarketing fungerer: operatørene ringer fleire nr i slengen, og dersom dei skulle få fleire svar vert det automatisk lagt på for dei som ikkje svarar først.

I går fekk var det endeleg nokon i den andre enda då eg svarte, og der kunne operatøren tilby meg å kjøpe Lectinect, ein produkt som dei påstår skal ha positiv effekt på mageproblem. Eg har ein gong i vanvare tinga ei vareprøve på dette produktet, og det er derfor eg vart oppringt. Men saken er at eg har reservert meg mot telefonsal, og gav difor grei beskjed til operatøren om at eg gjerne ville sleppe å verte oppringt igjen.

No har eg ikkje til hensikt å rakke ned på ei heil yrkesgruppe, telemarketingoperatørar er eit ærleg, og enn irriterande og utakksam jobb. Likevel, intensiteten og klokkesletta eg vart ringt opp på gjorde meg lei, så eg sendte like etter samtalen denne mailen til både Uno Business Solutions (UBS) og Lectinet:

Ved eit feiltak kom eg i skade for å tinge ei pakke med produktet
dykkar ein gong.

I det siste har eg vorte reglerett terroisert av ein oppringar frå nr
31404444. Ringinga har vore til alle døgnets tider, både i helgar og
kvardagar, og då eg har tatt telefonen har det stort sett blitt lagt
på i andre enden, eventuelt med støy i nokre sekundar i forkant.

Eg har i dag funne ut at telfon-nummeret tilhøyrer eit firma som
heiter
Uno Business Solutions, og at formålet med ringinga er å selge
meg meir av produktet dykkar.

Å ha eit firma som brukar ovannemnde metodar som leverandør av teneste
slår dårlig tilbake på dykk, spesielt når de i utgangspunktet operer
med eit produkt de vil at folk skal oppfatte som eit legmiddel, sjølv
om det på ingen måte oppfyller krava til eit legemiddel.

Telfonnummeret mitt er reservert mot telefonsal. Dersom eg nokonsinne
skulle verta kontakta frå enten Lectinect eller
Uno Business
Solutinons igjen, vil eg ta dette opp med dei rette instansane i
rettsapparatet utan å nøle.

mvh Tarjei A Heggernes

Eg fekk raskt svar frå Uno, der dei ba meg om å gi dei nummeret mitt, slik at dei kunne slette meg frå listene sine(!), skulle tru dei hadde det, så mykje dei hadde ringt. I dag fekk eg og mail frå Lectinect der dei seier sei leie for det som har skjedd, og stadfestar at dei har sletta kundenummeret mitt. Vel og bra.

Så var det blomane, frå UBS. Ved blomane låg dette kortet:


Ikkje verst? Det store spørsmålet er no: Kvifor fekk eg denne blomen? Sender dei blomar til alle som er misnøgde med å verte oppringt av telefonselgarar?

Det einaste svaret eg kan tenkje meg er at nokon i UBS er smarte, rett og slett. Det dei driv med ser ut til å kunne oppsummerast som marknadskommunikasjon. Eg tippar at dei har gjort eit internettsøk på namnet mitt, har funne ut at eg er middels aktiv på blogging, twitter og andre sosiale medier (dette til tross for at faktisk tok vekk den vanlege signaturen i eposten min, der eg har lenker til bloggen og diverse profilar på sosiale nettverk), kanskje funne ut at eg krev at studentane mine bloggar og dermed har dei rekna med at dersom eg fekk blomar ville eg lage ei sak av det på bloggen min, og gjerne bruke som eit eksempel i undervisninga. Og dersom dei antok det, så har dei hermed fått rett!

Legg inn en kommentar